10 gode grunnar til å røyste på Senterpartiet

1. Gode nærmiljø  
Vårt kjære Noreg er eit langstrakt, mangfaldig og vakkert land. Kanskje lever du livet på bygda, kanskje har du valt det pulserande bylivet. Vi i Senterpartiet veit at gode lokalsamfunn blir skapte lokalt, av engasjement og aktive eldsjeler. Vi vil gje deg høve til å bu der du vil, og vi vil leggje til rette for at skaparkrafta og frivillig innsats i nærmiljøet får bløme saman med deg. 

2. Nei til tvangssamanslåing av kommunar
Det seier seg sjølv at du får betre kontakt og oversikt dersom du bur nær dei som fattar avgjerdene. Vi i Senterpartiet er opptekne av det nære, og at du skal få vere med å bestemme korleis kvardagslivet ditt skal vere. Mange små kommunar har medverka til at folk bur over heile
landet. Dei små kommunane har skapt velferd, verdiskaping og eit levande folkestyre i heile landet. Det gjer at det er kort veg til sjukeheim, skule eller saksbehandlar. Det gjev igjen ei kjensle av tryggleik og å høyre til. Den kjensla skal vi i Senterpartiet kjempe for at du skal få behalde.   

3. Ja til norsk mat
Senterpartiet er stolt over all den gode maten Noreg har å by på. Tenk berre på det gode pinnekjøttet frå lam på beite langs vestlandsfjordane, den ferske fisken frå Lofoten og dei friske grønsakene frå stolte bønder i heile landet. I tillegg til at norsk mat er god er han også trygg å ete. I ei verd med stadig større bruk av sprøytemidlar og antibiotika er ikkje lenger trygg mat sjølvsagt. Norsk mat er så mykje meir enn berre trygg og god mat på middagsfatet. Norsk matproduksjon er også grunnlaget for nesten 100 000 arbeidsplassar i landbruket og næringsmiddelindustrien. Det gjer at den norske maten smakar enda betre.

4. Tryggleik for deg og dine
Når det utenkjelege skjer, er det viktigaste kort tid og kort veg til hjelpa. Vi i Senter­partiet vil at du skal kjenne deg trygg og vere trygg, utan omsyn til kor du bur. Dagens regjering ønskjer nedlegging av lokalsjukehus, at lensmannskontor blir erstatta med eit rullande beredskapspoliti og at talet på brann- og bergingsvesen skal sentraliserast til liks med politidistrikta. Vi i Senterpartiet står opp for lensmennene, lokalsjukehuset og det lokale brannvesenet. Vi gjer det for deg og din tryggleik.

5. Ta vare på kloden vår
Vi må ta vare på naturen. Menneskeskapte klimaendringar skaper store katastrofar. Vi i Senterparti­et vil at jorda vår blir overlaten til barna dine i ein betre stand enn da vi overtok den. For oss er god klimapolitikk å bruke naturen, ikkje å frede han. Til dømes tek skogen i Noreg opp CO2 tilsvarande halvparten av dei norske klimautsleppa. Å bruke skogen vår er ein konkret og billig måte å medverke til å nå klimamåla på. Samtidig gjev skogen arbeidsplassar og verdiskaping. For oss er det viktig å satse på ny klimateknologi, som vil gje oss ein grønare klode og eit sterkt grønt næringsliv.  

6. Dei som byggjer landet
Tenk for eit fantastisk Noreg våre tidlegare generasjonar har bygt opp. Skal vi klare å halde fram med å byggje landet vårt vidare er vi avhengige av dyktige yrkesfaglærte. Senterpartiet vil styrkje yrkesfagutdanningane og ønskjer ein skule der dei praktiske faga får større plass. Da må vi styrkje økonomien til skulane som har yrkesfag. Vi vil også auke lærlingtilskotet, for stor nok tilgang på læreplassar er ein føresetnad for ei god fagopplæring.   

7. Det skal vere godt å bli gamal
Alle har ein viktig plass i vårt samfunn, og kanskje spesielt dei som har levd eit langt liv. Det har mykje å seie for helsa at folk lever meiningsfulle og gode liv. Derfor vil Senterpartiet modernisere eldrepolitikken, og satse meir på førebygging, rehabilitering og sosial deltaking enn i dag. Når fleire eldre held seg friske lenger og får delta i sitt lokalmiljø, gjev det betre kvardagar for den enkelte, men også betre lokalmiljø. Eldre er enkeltmenneske med ulike haldningar, interesser og livssyn, og alderdommen er like individuell som resten av livet. Vi ønskjer at du skal få leve eit godt liv i din eigen heim så lenge som råd. Derfor ønskjer vi å gje høve til meir familiebasert og frivillig omsorg.  

8. Næringsliv i heile landet
Senterpartiet meiner det er smart å bruke naturen, ressursane og menneska vi har rundt om i heile landet. Da treng vi ein aktiv næringspolitikk, både for by og bygd. Vi er stolte av gründartradisjonane vi finn over alt i Noreg, og vil halde fram med å vidareutvikle desse. For oss er det uaktuelt å gje slepp på det norske arvesølvet. Store og viktige selskap skal framleis vere på norske hender. Det norske folket i fellesskap skal framleis eige fiskeriressursane. Fiskeri- og havbrukspolitikken skal utformast slik at han kan medverke til å sikre lønsame bedrifter på hav og land, og dessutan gje arbeidsplassar og levande liv langs vår langstrakte kyst.  

9. Lokal kultur og frivillig arbeid
Kinoen, konsertane, teater, song og musikk, og dessutan eit mangfald av frivillige organisasjonar, skaper eit godt nærmiljø. Vi vil lyfte opp dei tilboda som gjer at lokalmiljøet spirer og gror. Over alt finn vi frivillige eldsjeler som brukar fritida si på å skape ein betre kvardag for andre. Vi ønskjer at dei skal få meir pengar til arbeidet sitt. Samtidig skal vi også satse meir på bibliotek og musikk- og kulturskulene som er viktige kulturtilbod lokalt. I tillegg vil vi byggje opp dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom meir frie midlar.  

10. Raskt og trygt, hele vegen
Det er mange med deg som er opptekne av at du skal kome deg trygt og raskt fram når du er ute og ferdast. Det meste av trafikken vil også i framtida gå på vegnettet. Derfor er det behov for ei kraftig oppgradering av lokale og regionale vegar som bind det vakre og langstrakte landet vårt saman. For nokre er det flyet som fungerer som buss, spesielt lengst i nord. For kystfylka er snøggbåtsambanda viktige. Samtidig er jernbana det mest effektive og miljøvenlege alternativet i andre område. Senterpartiet veit at vi må tenkje breit når vi snakkar om at folk skal kome seg heim.