[21.06.11 10:04] Ål og Torpo sitt valprogram for dei neste fire åra og med Ivar Brevik på topp som 1. kandidat. Han er i dag varaordførar i kommunen.
Eit levande Ål for alle
Program for Ål og Torpo Senterparti 2011-2015
Senterpartiet har som mål at Ål skal vera ein god stad å vekse opp, ein god stad å bu og ein stad det er attraktivt å drive næring.
Ål som oppvekstkommune:
-
Sørgje for gode og moderne barnehagar og skular.
- Halde oppe full barnehagedekning.
- Halde oppe Torpo og Leveld som 1.-7. skular.
- Tilpasse Skattebøl, Sando og Nedre-Ål skule etter
nærskuleprinsippet og foreldreønskje.
- Vera ein pådrivar for utvikling og betre samhandling innan oppvekstsektoren.
2. Me ønskjer at Ål ungdomskule bør satse på fleire praktiske undervisningstilbod.
3. Gje kulturskulen handlingsrom som ein del av skulekvardagen.
4. Satse på Familiens hus og «tidleg innsats» for trygge oppvekstvilkår.
5. Gje barn og vaksne eit godt symjetilbod i dei tre kommunale symjebassenga gjennom vinterhalvåret.
6. Støtte frivillig arbeid gjennom ei opptrapping av løyvingar til lag og organisasjonar,
som har fokus på barn si fritid.
7. Sikre ressursar til opprusting og vedlikehald av idretts- og nærmiljøanlegg.
8. Gje eit allsidig og trygt tilbod til alle barn og unge gjennom fritidstilbod, fritidsklubbar,
MOT-arbeid og andre tilbod som får ungdom til å vera stolte av bygda si.
Ål som bukommune:
-
Gje investeringane innan pleie- og omsorgssektoren høgaste prioritet for byggetiltak framover.
-
Auke bemanning og vidare kompetanseheving innan helse- og omsorg som det viktigaste driftstiltaket framover. Denne sektoren skal ha kommunal drift.
-
Legge klimavurderingar til grunn ved kommunale løyvingar med klare siktemål om å minske utslepp av CO2 i tråd med klimaplanen.
-
Halde på rimeleg straum til innbyggjarar og næringsliv som eit fellesgode.
-
Sørgje for gode tomte-område, og at det til ei kvar tid skal vera nok tilgang på reelle tomter av ulik storleik både i sentrum og i grendene.
-
Arbeide for auka tilbakeflytting gjennom satsing på barnehagar, skular og gode oppvekstmiljø i heile kommunen.
-
Gje gode rammer for arbeidet i kyrkja.
-
Prioritere gang- og sykkelvegar ved revidering av trafikktryggleiksplanen.
-
Vidareutvikle Ål kulturhus som eit sterkt lokalt og regionalt kultursenter.
-
La bumiljøet gå framfor støyande næringsetableringar.
-
Vidareføre tilskotsordninga for husstandar som vil legge om til pellets- og reintbrennande vedfyring, samt til energiøkonomiserande tiltak.
-
Arbeide for eit levande sentrumsmiljø på Sundre.
-
Sikre funksjonshemma høve til aktiv deltaking i samfunns- og friluftsliv.
Ål som næringskommune:
-
Auke matproduksjonen og vidareforedle meir mat lokalt.
-
Prioritere beiterydding ved tildeling av kulturlandskapstilskot. Ryddinga må følgjast av satsing på beitedyr.
-
Ta særleg omsyn til biologisk mangfald i næringspolitikken.
-
Arbeide for meir lokal påverknad med rovdyrpolitikken.
-
Ha ein hyttepolitikk som tek sikte på hytter med ein standard som fremjar hyppig bruk.
-
Stølsbuer representerer ein nasjonal kulturskatt som må takast vare på. Det må vera rom for vedlikehald og standardheving innanfor tradisjonell utsjånad.
-
Støtte tiltak som skapar næringsverksemd med utgangspunkt i lokale tradisjonar.
-
Ha ein offensiv og imøtekomande næringspolitikk.
-
Alltid ha tilbod om høvelege næringstomter og gje næringstilskot ved etablering og vidareutvikling.
-
Halde oppe løyvingane til gards-, grende- og fjellvegane
-
Me vil vektlegge respekt for eigedomsretten og dei plikter som følgjer med.
Regionalt:
I samarbeid med dei andre senterpartilaga i Hallingdal og Buskerud Senterparti vil me:
1. Utvikle Hallingdal sjukestugu til eit lokalmedisinsk senter med desentraliserte spesialisthelsetenester.
2. Sikre linjene ved dei vidaregåande skulane i Hallingdal, og arbeide for å opprette fagskule for fjellandbruk ved Ål vidaregåande skule, avdeling Lien.
3. Arbeide vidare for opprusting av Bergensbanen og framskunde Ringeriksbanen.
4. Prioritere oppgradering av fylkesvegane i Hallingdal.
5. Arbeide for å fjerne maksimumsverdien på eigedomsskatt på kraftanlegg.
6. Arbeide vidare med tilfredsstillande fibertilgang til alle.
7. Arbeide for å styrke det kommunale sjølvstyre.