Snarveier:
9.1. Et arbeidsliv for alle
9.1.1. Eit likestilt arbeidsliv
9.1.2. Inkluderande arbeidsliv
9.1.3. Seniorpolitikk
9.1.4. Sosial dumping
9.2. Alderspensjonistane
9.3. Eit inkluderandre og tilgjengeleg samfunn
9.4. Sosial rettferd
9.4.1. Stønad ved sjukdom
9.4.2. Hjelp tilbake på jobb og ut i jobb
9.5. Sosial bustadspolitikk
Mål
Grunnlaget for eit godt velferdssystem er tryggleik for inntekt og eit velferdstilbod som fangar opp dei som ikkje har høve til å skaffe seg inntekt gjennom eige arbeid. Velferdspolitikken til Senterpartiet har som mål å støtte opp under innbyggjarane si evne til å styre eige liv og få høve til å utvikle eigne livsvegar. Senterpartiet ønskjer eit velferdssystem som gjev likeverdige tenester til alle grupper i heile Noreg. Individuelle rettar skal sikrast gjennom eit lovverk som gjev tryggje rammer både for dei som mottek og dei som yter velferdstenestene. Ansvaret i kommunane for sosiale tenester gjev høve til at vedtak blir fatta nær dei vedtaket gjeld, og slik blir tilpassa behovet til den einskilde. Trygdeytingar og sosiale ytingar skal utviklast gjennom ordningar der plikt til å yte etter evne blir følgt av rett til hjelp etter behov. Arbeidsliv og velferdstenester skal utfylle kvarandre som verkemiddel for å oppnå sosial og økonomisk utjamning. Framleis forenkling av lovverk og saksbehandling skal medverke til at dei med rettar og behov får tilgang til dei tiltaka som fungerer.
9.1. Et arbeidsliv for alle
Aukande arbeidsløyse, særleg knytt til dei delane av arbeidslivet som er avhengige av internasjonale økonomiske konjunkturar, er ei stor velferdsutfordring. Samtidig vil Noreg i framtida ha auka behov for arbeidskraft. Det er i alle høve viktig å halde fast ved innsatsen for eit inkluderande arbeidsliv. Senterpartiet vil delta i dugnaden for å møte utfordringane knytte til diskriminering, likestilling og arbeidsmiljø på norske arbeidsplassar. Vi må sørgje for at arbeidslivet i større grad enn i dag nyttiggjer seg den kompetansen personar med nedsett funksjonsevne har. Eit inkluderande arbeidsliv vil medverke positivt til verdiskapinga og til utviklinga av kompetanse og arbeidsmiljø på arbeidsplassane. Senterpartiet meiner behov for arbeidskraft fyrst og fremst må løysast ved å få fleire av dei som i dag står utanfor arbeidslivet i arbeid. Senterpartiet ønskjer å leggje til rette for ei sunn arbeidskraftutveksling med andre land og motarbeide sosial dumping. Senterpartiet meiner arbeidet mot sosial dumping er avgjerande for å kunne ta vare på den nordiske velferdsmodellen, høg sysselsetjing og eit menneskevennleg arbeidsliv. Allmenngjering av tariffavtalar er den enkeltavgjerda som har hatt mest å seie for å førebyggje og hindre sosial dumping
9.1.1. Eit likestilt arbeidsliv
Senterpartiet vil:
-
Følgje opp forslaget frå likelønnskommisjonen om øyremerkte lønnsmidlar i stat - og kommuneoppgjeret, for å utjamne lønnsgapet mellom utøvarar innan helse-, omsorgs- og utdanningsyrke og profesjonsgrupper med tilsvarande utdanningsløp.
-
Støtte tiltak og ordningar som gjev lik lønn for likeverdig arbeid.
-
Sikre arbeidstakarar som ønskjer det, retten til heiltidsarbeid.
-
Ha eit landsomfattande prosjekt der alle kommunane kartlegg omfanget av deltidsarbeid, og utarbeider tiltak med sikte på å unngå bruk av ufrivillig deltid.
-
Medverke til at arbeidsgjevarar brukar tilretteleggingstilskot for å redusere sjukefråværet blant gravide, i tråd med arbeidsmiljølova og avtalen om inkluderande arbeidsliv.
-
At lova om yrkesskadeerstatning skal gjennomgåast og tilpassast alle yrkesgrupper.
9.1.2. Inkluderande arbeidsliv
Senterpartiet vil:
-
Utvikle eit tettare samarbeid mellom fastlege, helsestasjonar, skulehelseteneste rådgjevingsteneste og Nav for å få ned det stadig aukande talet på unge som blir uføretrygda på grunn av psykiske lidingar, over i utdanning og arbeid.
-
Arbeid for at antidiskrimineringslova skal forplikte det offentlege og private arbeidslivet til å inkludere og etter behov leggje til rette arbeidsplassar for personar med nedsett funksjonsevne.
-
Leggje til rette for at det blir oppretta fleire statlege program for traineear for personar med nedsett funksjonsevne og medverke til kunnskap om uføretrygd som varig lønnstilskot i norsk arbeidsliv.
-
Arbeide for at integrering av personar med nedsett funksjonsevne blir gjeve høgare prioritet i avtalen om eit inkluderande arbeidsliv.
-
At Nav etablerer eigne system for oppfølging av personar med nedsett funksjonsevne, som medverkar til at langt fleire får tilgang til opplæring og arbeid framfor trygd.
-
Bruke næringslivet som aktiv partnar i Nav gjennom nærvær.
-
At ordninga med arbeidsreiser for personar med nedsett funksjonsevne skal vere eit fleksibelt og fullgodt tilbod som sikrar brukarane tilgang til arbeidslivet.
-
Styrkje arbeids- og utdanningsrette verkemiddel for personar med nedsett funksjonsevne.
-
Sikre gode varige tilrettelagde arbeidsplassar økonomisk slik at etterspørselen blir dekt og kvaliteten på tilbodet er godt.
-
Innføre rett til lønn for alle som arbeider i ei VTA-bedrift.
-
Redusere arbeidsgjevaravgifta for spesielt utsette grupper i arbeidsmarknaden.
9.1.3. Seniorpolitikk
Senterpartiet vil:
-
Arbeide for at kompetansen til seniorane blir utnytta betre ved at fleire som ønskjer det kan stå lengre i arbeid.
-
At staten skal vere førebilete for resten av arbeidslivet ved å setje i gong effektive seniortiltak.
-
Arbeid for same høve til kompetanseutvikling gjennom heile yrkeslivet, uavhengig av alder.
-
Leggje til rette for at arbeidslivet kan gje varierte oppgåver og utfordringar og større eigenpåverknad, og dessutan fleksible arbeidsvilkår når det gjeld arbeidstid og arbeidsmåtar.
-
Medverke til haldningsskapande arbeid som kan synleggjere at seniorar er ønskte i arbeidslivet.
-
At det skal lønne seg å kombinere pensjon med arbeid og fjerne avkortingsreglane for alle under 70 år.
-
Gje langvarig innsats i ubetalt omsorg og pleie betre utteljing i pensjonsrettar.
-
Medverke til forståing for at den frivillige innsatsen til pensjonistane i kulturliv og velferdstiltak styrkjer velferdssamfunnet og leggje til rette for denne innsatsen.
-
Fjerne krav til aldersgrenser i lovgjevinga som innskrenkjer høva til å stå i arbeid og erstatte dette med krav til helseerklæringar.
9.1.4. Sosial dumping
Senterpartiet vil:
-
Medverke til ein arbeidslivspolitikk som sikrar alle arbeidstakarar i Noreg likeverdige lønns- og arbeidsvilkår og motarbeide sosial dumping.
-
Støtte arbeidet med å få fleire bransjar underlagt tariffvedtak og forenkle prosedyrane for allmenngjering av tariffavtalar.
-
Gje vikarar og tilkallingsvakter same vern under arbeidstilsynet som andre arbeidstakargrupper.
-
Redusere høva for å erstatte langtidssjukemelde fulltidsvakter over lengre tid med vikarar i kortidsvikariat. Tilsvarande bør den aukande bruken av vikarar i staden for faste tilsette i dei permanente funksjonane og oppgåvene til verksemdene motverkast.
-
Styrkje høvet for arbeidstilsynet til kontroll og gje tilsynet naudsynte sanksjonsreaksjonar for å kunne reagere raskt og effektivt på lovbrot.
-
At rettane til tilsett i sektorar med låg organisasjonsgrad skal få større fokus og prioritering i arbeidet mot sosial dumping enn i dag.
-
Sørgje for at lovverk og politisk initierte tiltak sikrar at ILO-konvensjonen om arbeidstakarane sine rettar som blei sett i kraft i 2008, blir overhalden.
9.2. Alderspensjonistane
Den nordiske velferdsmodellen har som mål å dekkje folk sitt behov for økonomisk grunntryggleik gjennom offentlege velferdsordningar, uavhengig av personleg økonomi. Utforming av pensjonspolitikken er ein sentral del av velferdsordningane, og alderspensjon og uførepensjon gjennom folketrygda er ein av berebjelkane i velferdssamfunnet vårt.
Senterpartiet har delteke i eit breitt pensjonsforlik i Stortinget for å sikre at folketrygda også i framtida skal gje ein grunntryggleik for eldre og uføre. Senterpartiet vil følgje utslaget av reforma nøye og har som klart mål å vidareføre ei utjamning av pensjonsinntektene uavhengig av tidlegare inntekter.
Senterpartiet vil:
-
At Folketrygda framleis skal vere berebjelken i inntektssikringa for pensjonistar.
-
At oppsparing av inntektsavhengig tilleggspensjon skal sikre ei oppsparing i folketrygda som gjev pensjonsutbetalingar i samsvar med eigen innsats.
-
At omsorgsopptening ved pass av eigne barn eller pleie av nære pårørande skal sikre kompensasjon for avbrot i inntektsbringande arbeid.
-
At pensjonspremiar i alle offentlege pensjonsordningar skal vere kjønnsnøytrale og at andre kollektive pensjonsspareordningar blir kjønnsnøytralt utforma.
-
At tenestepensjonsordningar skal utformast slik at dei verkar som eit supplement til folketrygda og byggjer opp under arbeidslina. Dette gjeld også AFP.
-
At sjølvstendig næringsdrivande skal sikrast likeverdige høve til pensjonssparing med lønnstakarar gjennom forsikringsbaserte ordningar som supplement til folketrygda.
-
At dei statlege tilskota til AFP-pensjonar må gjevast med tilsvarande effekt på pensjonsutbetalingane også for dei som ikkje blir omfatta av AFP-ordningar.
-
At ulønna omsorgsarbeid etter opprettinga av folketrygda i 1967 og fram til 1992 skal gje opptening av pensjonspoeng etter 1992-reglane.
9.3. Eit inkluderande og tilgjengeleg samfunn
Eit godt samfunn er ope for alle. For Senterpartiet er det viktig at ingen blir hindra frå å delta og leve slik dei ønskjer fordi dei blir diskriminerte. Senterpartiet vil derfor arbeide for å auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne og motarbeide diskriminerande haldningar. Ofte kan fordomane til medmenneska vere årsak til utstøyting frå arbeids-, fritids- og anna samfunnsliv. Målet til Senterpartiet er eit samfunn som inkluderer og er tilgjengeleg også for dei som i dag, i einskilde eller mange samanhengar, blir haldne utanfor.
Senterpartiet vil:
-
Arbeide for at lovkravet i diskriminerings- og tilgjengelova skal utvidast til også å gjelde tilgjenge og service innanfor vare- og tenestesektoren.
-
Sikre ei god, offentleg og lokal hjelpemiddelteneste, med korte ventetider for alle typar hjelpemiddel.
-
Fjerne 26-års aldersgrense på hjelpemiddel til trening, stimulering og aktivisering.
-
Ha ei offentleg finansiert servicehundordning.
-
Styrkje TT-ordninga økonomisk og sørgje for ordningar som sikrar full fleksibilitet i bruk av ordninga over fylkesgrensene.
-
Leggje til rette for at fylke og kommunar kan utvikle gode ordningar for bestillingstransport.
-
Utvikle ei "eitt-kortordning", som sikrar brukartilpassing ved bruk av fritids-, sjuketransport- og arbeids- og utdanningsreiser.
9.4. Sosial rettferd
Fattigdom er knytt til helsetilstand, evne og høve til å skaffe eiga inntekt og kjønn og alder. Senterpartiet vil byggje eit førebyggingssamfunn, framfor eit reparasjonssamfunn. Rettferdig fordeling og eit godt velferdstilbod hindrar sosial marginalisering. Målet er å setje enkeltindividet i stand til sjølv å styre livet og finne sin veg ut av vanskelege livssituasjonar. Alle som har behov for det skal ha tryggleik for at samfunnet kan tilby eit fungerande sikringsnett. Senterpartiet vil styrkje innsatsen mot misbruk av velferdsordningar, og underforbruk som følgjer av at einskilde ikkje kjenner eller får tilgang til rettane sine.
9.4.1. Stønad ved sjukdom
Senterpartiet vil:
-
Utvide sjukepengeperioden ut over eitt år for personar med alvorlege diagnosar som er under aktiv behandling.
-
Gje sjølvstendige næringsdrivande same rettar som arbeidstakarar til sjukelønn, også ved sjukdom hos barn og andre pårørande.
-
Gje pårørande rett til pleiepengar til omsorg for sjuke og sterk pleietrengande familiemedlemer, på line med dagens ordning for barn under 18 år.
9.4.2. Hjelp tilbake på jobb og ut i jobb
Senterpartiet vil:
-
At utprøving, rehabilitering, kvalifisering og attføring blir sikra langvarige og føreseielege avtalar dersom tilbod blir brukt.
-
At Nav-reforma kontinuerleg blir evaluert og korrigert for å unngå køar og flaskehalsar i behandlingssystemet.
-
Styrkje den lokalpolitiske innverknaden over Nav-kontora gjennom lokale styre eller brukarråd.
-
Sikre at verkemiddelapparatet til Nav blir brukt slik at rehabilitering og attføring til arbeid kan starte uavhengig av om sjukemeldingsperioden er over eller ikkje
-
Styrkje tilbodet med arbeidsretta rehabilitering til dømes gjennom tilbod der opptrening av helsa og arbeidstrening går føre seg parallelt.
-
Styrkje samarbeidde mellom stat, kommune, frivillig sektor og partane i arbeidslivet for at intensjonen i Nav-reforma om betre samordning til det beste for brukarane skal lukkast. Sikre eit tiltaksnivå på arbeidsmarknadstiltak som har rom for lange og samansette løp.
-
Utvikle og styrkje kvalifiseringsprogrammet i heile landet med mål om at alle skal få rett til individuell plan med mål om arbeid, og færrast mogeleg skal trenge sosialhjelp.
-
Styrkje brukarmedverknaden i Nav-systemet.
-
Sørgje for auka løyvingar til produksjon av studielitteratur for synshemma og dyslektikarar for å sikre like høve til utdanning og fagleg oppdatering.
9.5. Sosial bustadpolitikk
Eigen bustad er ein viktig del av grunnlaget for eit godt liv. Senterpartiet meiner at alle skal ha rett til å eige eller leige eigen bustad til ein pris dei har råd til. Ein god bustadpolitikk er ein viktig del av velferdspolitikken og av det sosiale sikringsnettet som einkvar har rett til. Fellesskapet har eit ansvar for å sikre dei som treng hjelp til å skaffe seg bustad, og at dei får eit godt alternativ til å bu på gata eller på hospits. Vegen frå gata til eigen bustad krev fleire ulike ordningar og tiltak, og vi må ha ein heilskapleg bustadpolitikk for å sikre at alle får eige tak over hovudet. Kommunane har eit stort ansvar i bustadpolitikken og må stimulerast til å gjere ein innsats.
Ungdom og einslege er grupper som kan ha vanskar med å kome seg inn på bustadmarknaden. Senterpartiet meiner at det må førast ein bustadpolitikk som også gjer det mogeleg for dei med lågare inntekter og liten eigenkapital å skaffe seg eigen bustad. Senterpartiet vil bruke Husbanken aktivt som eit instrument i ein sosial bustadpolitikk.
Senterpartiet vil:
-
Vidareutvikle bustønaden ved å heve inntektsgrensene.
-
Leggje til rette for at fleire kan få startlån i Husbanken.
-
Setje i verk eit nasjonalt sjølvbyggjarprosjekt.
-
Byggje fleire spesialtilpassa bustader med oppfølgingsteneste som alternativ til gata eller hospits.
-
Auke talet på kommunale utleigebustader med 5000.
-
Styrkje arbeidet med bustader for psykisk utviklingshemma og personar med psykiske lidingar. Gje momskompensasjon til burettslag for funksjonshemma slik at denne eigarforma blir likestilt med kommunal eller privat drift av bukollektiv.
-
Ha eit statleg tilskot til installering av heis i gamle bygårdar.
-
Styrkje ordninga med tilpassingstilskot for tilrettelegging av eigen bustad.
-
Vurdere fleire heilskaplege bydelssatsingar for betre bumiljø i andre byar slik som det er gjennomført i Groruddalen i Oslo.