[08.11.07 11:00] Senterpartiet ynskjer å byggje landet. Senterpartiets sentralstyre er nøgd med at regjeringa har teke initiativ til ein spennande og viktig debatt om kva for rolle høgfartstog kan spela i Noreg. Senterpartiets sentralstyre ser med forventning fram til debatten om høgfartstog fram mot framlegginga av den neste nasjonale transportplanen hausten 2008.
Senterpartiets sentralstyre meiner at dei banestrekningane som alt er planlagde gjennom NTP må realiserast. Ei slik utbygging er ein føresetnad for ei større framtidig høgfartsutbygging. I dag utførast om lag 4 % av personreisene i Noreg med tog. Sjølv om togreisene skulle meir enn doblast, vil framleis vegtransporten vere den aller viktigaste folk og næringsliv. Ei eventuell satsing på høgfartstog må difor kome som eit tillegg til ei auka satsing både på veg og tradisjonell jernbane.
Høgfartstog har aldri under tidlegare regjeringar vore ei politisk sak på toppnivå i Noreg. Senterpartiets sentralstyre er glad for at Samferdselsdepartementet har teke initiativ til ei utgreiing og ein brei debatt om ”høgfartskonsept kan tilpassast norske tilhøve” og ”som synleggjer kva høve eit slikt jernbanenett vil gje”, som det heiter i Senterpartiets program 2005-2009.
Senterpartiet er svært nøgd med at Samferdselsdepartementet har stilt krav om at eit utanlandsk miljø skulle få utgreiingsoppdraget. Dette tilfører debatten nye perspektiv om nyttekostnadsmodellar, men og om byggje- og driftsmessige løysingar. Senterpartiets sentralstyre ynskjer ein slik diskusjon velkomen.
Medan norske fagmiljø tidlegare har vore avvisande til tanken om å byggja høgfartsbanar, viser utgreiinga frå dei tyske konsulentane at det kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt med slike banar i Noreg. Den tyske metoden verdset sysselsettingseffektar og ringverknader av store prosjekt på ein annan måte enn dei norske meir forenkla utrekningane, som viser negativ lønnsemd.
Studiane utførde av dei tyske konsulentane viser at eit norsk høgfartskonsept først og fremst er eit samferdsletiltak for å knyte dei største byane samen som eit alternativ til fly og vegtrafikk. Klimaeffekten er avgrensa.