|
|
[25.03.09 07:02]
Fleirtalet i Nissedal kommunestyre vedtok 26.februar -09 å ikkje utvide kommunedelplan for Kyrkjebygdheia. Det omsøkte arealet, Drangane fjellpark, er avvist av planutvalet over to kommunestyreperiodar.
Plankontoret har levert grundige saksførebuingar der utbyggarane har fått god tilgang med informasjon mot fora der vedtaka vart fatta. Det er politisk gitt signal heile vegen at arealet er ynskja som friareal. Utbyggarane er utfordra til å utvikle ideane sine på anna areal, men har valgt å halde seg til det opprinnelege området. Det har vært ein demokratisk prosess der fleirtalet vil ha arealet til friareal. Utbyggarane står fritt til å søke om å ta i bruk arealet i neste rullering av kommuneplanen ved utgangen av valperioden.