|
|
[22.04.09 09:52] Åslaug Haga seier til Bergens Tidende at ho er overraska over kor lettlurte EU-motstandarane er, som trur på «garantiar» om tenestedirektivet.
Alle dei ni statsrådane frå regjeringspartia Sp og SV tok dissens då saka vart behandla i regjeringa. EU-motstandarane frå Ap i regjeringa, valde å følgje Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre, ved å seie ja til direktivet. LO hadde kravd «garantiar» frå regjeringa for å hindre sosial dumping, sikre vidareføring av allmenngjering av tariffavtalar, sikre at viktige samfunnsoppgåver framleis kan løysast gjennom offentleg sektor og sikre den norske modellen for trepartssamarbeid i arbeidslivet, skriv BT.
Regjeringsfleirtalet, dei ti Apstatsrådane, har forsikra at LO sine krav vil bli tekne vare på sjølv om Noreg nå godtek tenestedirektivet.
– Historia har vist at det ikkje er mogeleg å gje den typen garantiar som Ap seier dei gjev LO, av di EØS-avtalen er dynamisk. Ja-sida har prøvd seg på garantiar tidlegare med dårleg resultat. Brundtland-regjeringa sa eksplisitt ved behandlinga av EØS-avtalen i 1994 at vi kunne oppretthalde heimfallsordninga for vasskraft, differensiert arbeidsgjevaravgift og alkoholpolitikken vår. Dette var ikkje rett, seier Haga til BT.