|
|
[26.05.09 08:35] I tiltakspakka som regjeringa la fram var det satt av 400 millionar til ENOVA. Det skulle vere ei stimulering for kommunane til å få energieffektivisering i offentlege bygg. Kommunane er utfordra av regjeringa til å bidra i klimarekneskapen. Det var stor respons frå kommunane. ENOVA fekk inn mange gode søknader.
Frå Nissedal sendte me ein søknad der me peika på fleire måtar å få til ENØK tiltak som t.d utskifting av vindu og nattsenking av temperaturen. Nissedal fekk ei støtte på kr.100 000,- til nattsenking på kommunehuset. Me er veldig nøgd og ser fram til å bruke mindre straum. Pengane me sparer er det mange gode ting å bruke dei på. Kommunen sparer pengar på straumrekninga samstundes som me gjer ein miljøinnsats!
Ha ein god verdensdag for miljøet 5.juni!