![]() |
[10.06.09 13:19] Ein forhøga vrakpant skal berre brukast på bilar som ikkje brukar gammaldags og forureinande teknologi, seier Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsmann i Senterpartiet.
Erling Sande deltok tirsdag (10.juni) i debatt på Stortinget om vrakpant, kor han påpeikte at det er nullutsleppsbilar som må erstatte dei forureinande bilane, og ikkje bilar med gamaldags teknologi, slik opposisjonspartia foreslår.
Treng sterke verkemiddel
- Fossil energi brukt til transport utgjer ein betydeleg del av dei norske klimagassutsleppa. Skal vi nå dei klimamåla som vi har sett oss, er det heilt naudsynt med ambisiøse og sterke verkemiddel i transportsektoren, sa Sande i sitt innlegg.
Han hevda at vi treng kraftige verkemiddel for å snu denne utviklinga, men at å innføre høgare vrakpant på gamle og forureinande bilar utan å ha nokon ambisjon om kva type bilar som skal erstatte dei på vegane, ikkje er rett medisin.
Neste generasjon miljøbil på veg
- Neste generasjons miljøbilar er på veg, derfor meiner Senterpartiet at det vil vere feil å stimulere til til meir kjøp av nye bilar med dagens teknologi. Ei stor bilutskifting no, før eit gjennombrot av alternativ som nullutsleppsbilar og hybridar, vil kunne dempe etterspurnaden etter meir miljøvenlege alternativ, poengterte Sande.
Han viste til at fleire el-bilar allereie er på markanden, og at framtidas plug-in hybridbilar kjem om kort tid. Difor bør ei ny vrakpantordning i staden stimulere til kjøp av slike miljøvenlege bilar.
Sande viste til at Senterpartiet sitt landsmøte gjekk inn for å gje ein vrakpant på heile 40 000 kr til dei som kjøper miljøbil i staden for bilar med gammal teknologi. SE VIDEO.