Til forsiden


Staten gjev store bidrag til veg, kollektivtransport og jernbane i Oslopakke 3, seier Kleppa.

Prioriterar samferdsel i Osloområdet

[12.11.09 11:20] Magnhild Meltveit Kleppa vil ha fart på Oslopakke 3.


I Stortinget onsdag 11. november spurte Venstres Borghild Tenden Maghnild Meltveit Kleppa om korleis ho ser på samferdselsutfordringane i Oslo og Akershus.

Prioriterar hovudstadsområdet

Statsråden ville sjå på heilskapen.

- Det er venta ein stor vekst i arbeidsplassar og busetnad i Oslo og Akershus i åra som kjem. Det gjev hovudstadsområdet store transportutfordringar som må løysast. Eg er oppteken av at desse utfordringane vert handterte på best mogleg måte og er difor glad for det etablerte tverrpolitiske samarbeidet som er om Oslopakke 3. Transportutfordringane gjer det nødvendig å finna fram til effektive, miljøvenlege og trygge løysingar.

- Staten er oppteken av å sjå på heilskapen, når dei rette grepa skal gjerast, og dei gode transportløysingane for Oslo og Akershus skal prioriterast. Det er difor det er lagt til grunn porteføljestyring for Oslopakke 3, slik at partane fortløpande kan prioritera og velja dei beste tiltaka og prosjekta. Gjennom Nasjonal transportplan for perioden 2010–2013 er staten økonomisk tungt inne i pakka, med store bidrag til veg, og ikkje minst til jernbanesatsinga. Det er òg bra at det er lagt til grunn store midlar til drift av kollektivtransport i pakka. Dette gjev resultat som trafikantane får raskt nytte av.

Må ha alle med i planlegginga

- Eg er glad for at det er etablert eit godt samarbeid mellom Akershus fylkeskommune, Oslo kommune, Jernbaneverket og Statens vegvesen gjennom styringsgruppa for Oslopakke 3. Styringsgruppa utarbeider felles grunnlag for vedtak om handlingsprogram og budsjett i Akershus fylkeskommune, Oslo kommune og Stortinget. I det vidare arbeidet med å drøfta finansieringsgrunnlag og omfanget av pakka vil det bli lagt vekt på brei deltaking frå Oslo og Akershus.

Bybanar viktig tiltak

Borghild Tenden spurte og om Kleppa har gjort vurderingar om bybanar i Oslo.

- Bybane er omtald i Soria Moria II, og eg delar representanten Tenden si vurdering av at det er eit veldig viktig kollektivtiltak i fleire byar. I Soria Moria er det sagt at Regjeringa skal sørgja for rammer til fylkeskommunane – det er jo dei som er dei aktuelle her i lokal samanheng – rammer som gjer at fylkeskommunane kan realisera betre kollektivtilbod, inklusive bybanar, sa Kleppa.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut