Til forsiden
Du er her: Politikere  / Liv Signe 


Kravet om meir marknad har stilna

[02.03.09 09:16] - I februar 2009 er det svært få som ber ”politikarane halde fingrane frå fatet”. Dei høglytte krava om meir marknad har stilna både her i landet og i det internasjonale samfunn, sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete i sin tale til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane 27. februar.


Senterpartileiar og samferdselsminister Liv Signe Navarsete, fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti 27.02.09. i Førde.

 Kjære partifeller! Det er godt å vere heime og godt å vere med sine eigne!

 Inger Hagerup sitt dikt ”Vær utolmodig menneske” startar slik:

 

”Langsomt blir all ting til.

Skapelsen varer evig.

Mørkret ble lys og lyset ild,

og mennesket våknet en dag og sa:

Jeg vil!”

 

Politikk er å ville!

 

Eg driv med politikk fordi det er viktig.  Eg er uroa over den avstanden det er mellom det som er min kvardag, og det bilete mange får av oss som tek del i styringa av landet; i regjeringa eller på Stortinget.  Altfor mange får eit inntrykk av at vi ”driv med politikk” av omsyn til posisjonane, for å karre til oss eller fordi vi elskar spelet.

 

Som medlem av kommunestyret i Sogndal var det viktigaste spørsmålet; korleis løyser vi denne oppgåva?  I den nasjonale politiske debatt er spørsmålet oftare og oftare; korleis kan ei sak ”brukast politisk”?  ”What is in it for me?” Eg trur ikkje dette perspektivet styrkjer politikken sitt omdømme. Veljarane forventar med rette at vi skal bruke våre arbeidsdagar på å finne gode løysingar på uløyste oppgåver og utfordringar i samfunnet rundt oss. 

 

Det vi gjer og ikkje gjer i politikken er viktig for menneske sine liv; enten det gjeld omsorg for Kari på Romsås eller breiband til Ola i Hyllestad. Eller busslomme til Markus og dei andre borna på Ytreeide i Nordfjord som etter 10 års kamp er blitt høyrde.  Eg har menneske eg har møtt med meg kvar dag i mitt arbeid.  Det er det som gjev mot og styrke. Det er det som gjev glede når eg oppnår resultat.  Det er det som tappar krefter når eg seier nei til gode og rettkomne krav som må setjast på vent eller avvisast.

 

Norge er eit rikt land.  Geografisk er landet stort.  I tal innbyggjarar er vi få.  Vi er rike på naturressursar. Ei langsiktig og nasjonal forvaltning av desse ressursane har gjeve grunnlag for erfaringar, kompetanse, eit variert næringsliv og god kapitaltilgang.  Vi har stort handlingsrom, store utfordringar og stort ansvar.

 

Vi har god materiell velstand.  Vi har hus, hytter, båtar og bilar.  Vi har gode velferdstilbod.  Vi har gode barnehagar, skular, helse- og omsorgstilbod.  Vi har mindre ulikskap enn mange andre land.  Samstundes er det slik at det er eit misforhold mellom den allminnelege private velstand og kvaliteten på mange av fellesskapstilboda.  Det er også stort skilnad på den allminnelege velstand, og dei som har aller minst.

 

Men det er ikkje sakleg grunnlag for å framstille Norge som ”ein politisk jammerdal” der det meste er mislykka, galt eller på skakke.  Vi må ikkje ha som arbeidsform å dyrke misnøya. Vi skal heller ikkje byggje opp forventningar som det ikkje er grunnlag for å innfri. 

 

Finanskrisa har gjeve eit momentum i det politiske ordskifte.  Folket, næringslivet, organisasjonane, ekspertane – alle vender seg no til regjeringa og våre folkevalde.  Alle krev meir politikk for å sikre folk tryggleik for hus og heim.  Alle krev meir politikk for å trygge banknæringa.  Alle krev meir politikk for å trygge arbeidsplassar i bygge- og anleggsnæringa og i andre næringar. Alle krev meir politikk for å trygge arbeidsplassar i eksportindustrien.

 

I februar 2009 er det svært få som ber ”politikarane halde fingrane frå fatet”.  Dei høglytte krava om meir marknad har stilna både her i landet og i det internasjonale samfunn.  Marknadsfundamentalistane har hatt si tid. Når Frp og andre prøver å snu kappa etter vinden, framstår det som lite truverdig. No er det tid for politikk.  Derfor står dei raud-grøne partia også sterkare enn før. 

 

I februar 2008, var vår største utfordring å skaffe nok arbeidskraft.  I februar 2009, er vår største utfordring å hindre at mange vert arbeidslause og greie å få til omstilling i dei kommunane som har hjørnesteinsbedrifter som har blitt ramma av krisa. Den internasjonale finanskrisa viser at markedet ikkje kan styre seg sjølv. 

 

Finanskrisa påkallar

 

  • Audmjukheit
  • Analyse
  • Politisk handlekraft.

 

Audmjukheit fordi det er ingen i dag som kan seie noko sikkert om kor djup og langvarig nedgongen i internasjonal økonomi vert. 

 

Analyse fordi marknaden har spelt fallitt.  Me må gå systemkritisk til verks med grundige analyser for å klargjere årsakssamanhenger, og korleis ein gjennom nasjonale og internasjonale reglar kan hindre at historia skal gjenta seg

 

Handlekraft der me politisk brukar dei nasjonale styringsverktøy me har til å sikre folk arbeid.

 

Arbeidsløysa stig no urovekkjande sjølv om den er er mykje lågare enn i EU.  At dei aller fleste i vårt land har ein trygg jobb å gå til i 2009, er inga trøyst for dei som misser jobben.  At dei aller fleste som fylgje av rentenedgongen få auka kjøpekraft i 2009, er inga trøyst for dei som føler utryggheit for hus og heim.  Men det at så mange har det bra, gjev oss eit godt grunnlag for å føre ein framtidsretta og solidarisk politikk.  Me skal ha alle og heile landet med!!

 

Svaret på utfordringane me har, er såleis ikkje å svekke fellesskapet gjennom skattlette til dei som har trygg jobb og god økonomi.  Ein solidarisk politikk må rettast inn mot å trygge arbeidsplassar, skape nye framtidsretta arbeidsplassar og gje økonomisk tryggleik og oppfylgjing overfor dei som misser arbeidet sitt og kjem i eit økonomisk uføre.

 

Når me styrer eit land, må me ha fleire tankar i hovudet samstundes.  Miljøutfordringane er ikkje løyst, sjølvom det er mindre fokus på dei i 2009 enn det var i 2008.  Matkrisa er større i 2009 enn den var i 2008, sjølv om det er lite fokus på den.  Løysingane på finanskrisa, matkrisa og miljøutfordringane, heng saman.  Me treng meir folkevald styring og me må korrigere marknadskreftene.  Tida for liberalisering, marknad og den sterkaste sin rett, er over.  Marknadskreftene sitt frie spel er ikkje eit godt spel for dei mange.  Det er heile 1 mrd menneske på jorda som lever i svolt.

 

Det må leggjast eit nytt grunnlag for ei framtidsretta avtale om jordbruk i lys av matvarekrisa, finanskrisa og miljøutfordringane i WTO.  Avtalen må sikre det enkelte land rett til eigen matproduksjon og større plikter til å forvalte matjord og arealressursar til matproduksjon. Noreg må være med å ta dei naudsynte initiativa.

 

Eg meiner Senterpartiet skal ta ei leiande rolle i arbeidet for å bygge landet.. Då må me tenkje langsiktig og gjere meir av det viktigaste først. Me tek grep for å pusse opp og vedlikehalde fellesskapsinstitusjonane våre – som skular, kyrkjer og kulturhus. Me tek grep for å vedlikehalde toglinene, vegane og hamnene våre og me må bygge meir nytt. Me byggjer ut moderne og tidsmessig infrastruktur i heile landet vårt; breiband, mobil og TV-dekning. I dette arbeidet må me tenkje rettferd og at heile landet skal med. 

 

Me kan dokumentere at me har gjort meir på desse områda enn dei før oss. Samstundes skal me setje oss nye og djerve mål. Det skal me vise i budsjettet for 2010, og det skal me vise i Nasjonal Transportplan 2010-2019.

 

Som Arnstein Menes tok til orde for i debatten må me bygge breiare breiband. Me har gjort mykje, men me må vidare for å sikre moderne elektroniske vegar med nok kapasitet slik at folk kan bu der dei vil og vere deltakara i eit moderne samfunn.    

 

Alle deler av landet har fått meir veg under denne regjeringa.  Me har løfta nivået til drift og vedlikehald samt investeringar i vegar med 4,5 mrd kr frå 2005 til 2009.

 

Dette skal bli tidenes satsing på samferdsle både i aust og vest, nord og sør. 

NTP vert lagt fram 13. mars. Eg har ikkje tenkt å lekke ut planen før den tid, men har i dag gått ut med ei sak som eg veit heile kysten og også deler av innlandet er svært opptekne av, nemleg 10 mrd til rassikring i neste ti-årsperiode. 

 

Rassikring handlar om livskvalitet og bulyst, om å kunne reise til jobb utan frykt og sende ungar til skulen utan å vere redd for at skulebussen skal bli sopt på fjorden av ras.

Rassikring er og ein viktig del av ei auka satsing på trafikktryggleik som og omfattar midtdelar og siderekkverk, utbetring av vegar og mange andre større og mindre tiltak. Kvivsvegen er sett i gang – det er eg stolt over!

 

E39 er ein viktig veg i vårt fylke, og som har vore forsømt og som har dårleg standard. Eg skal ikkje komme med lekkasjar, men eg kan berre seie at den er svært viktig her i fylket!

 

Ferjeavløysingsmidlar er ei anna sak som opptek mange. Ikkje minst eldsjelene som arbeider for ulike prosjekt som skal gje betre kommunikasjonar der ferjene går i dag.  Dette er ei sak Senterpartiet har arbeidd med i mange år.  Jorunn Ringstad var avgjerande for å få ordninga innført då ho sat i samferdsels komiteen på Stortinget.  Eg er stolt over å ha kunne ta stafettpinnen frå Jorunn og utvida ordninga til å bli enno meir tenleg for å finansiere dei prosjekta som er sterkt ynskt i mange lokalsamfunn.

 

Finanskrisa har skapt mange og nye utfordringar.  Konsekvensen mange familiar vil kjenne på kroppen dette året er at ein eller fleire i familien vil misse arbeidet sitt.  Regjeringa har lagt fram tiltakspakkar for bank og arbeidsplassar. Dei verkar. 

Men ingen tiltakspakke kan kompensere for at dei internasjonale marknadene stuper. Då må me tenkje nytt og tenkje omstilling. Og staten må bidra med midlar til å hjelpe lokalsamfunn som Høyanger der ei hjørnesteinsbedrift har gått konkurs. NAV gjer ein kjempejobb i Høyanger. Det må NAV setjast i stand til å gjere over alt.

 

Vår kjære kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa er ei handlekraftig dame. I staden for ord møtte ho delegasjonen frå Høyanger og fylket med lovnad om handling.  Fellesskapen skal stille opp.

 

Me må gje Innovasjon Noreg og andre reiskapar styrke til å gå inn og bidra til å sikre eksisterande arbeidsplassar og skape nye. Men situasjonen me er inne i må også nyttast til å omstille og fornye næringsliv og arbeidsplassar.  Eit viktig område som og har vore opp i debatten tidlegare i dag er fornybar energi.

 

Sp kjem til å gå til val på satsing på fornybar energi. Det skal gi oss framtidsretta grøne arbeidsplassar i heile landet. Fornybar energi vil kunne gje mange arbeidsplasser i distrikta. Vi treng nye, varige arbeidsplassar som gir verdiskaping no i kjølvatnet av finanskrisa

 

Vi veit at 1 TWh på bioenergi gir 300-500 arbeidsplasser per Twh. Regjeringa har eit mål om 14 Twh ny bioenergi innan 2020 – dvs opp mot 7000 nye arbeidsplasser.

 

I Tyskland er over 70 000 sysselsett i vindkraftindustrien – i Sverige over 20 000 i same bransje. Endå det bles så mykje meir her i Noreg. Me skal få oppretta eit Statvind som skal vere motor i forsking, utvikling og kommersialisering av vindkraft til lands og til vanns.

Og me skal bygge meir fornybar vasskraft!

 

Som samferdselsminister ser eg også at vi treng meir fornybar energi for at folk framover skal kunne fylle rein el på tanken – elektrifisering av transportsektoren er nødvendig om utslippa frå transport skal ned.

 

Me treng meir fellesskap og me vil styrke den lokale velferda. Etter 4 års svelteforing under Erna Solberg tok den raudgrøne regjeringa med Åslaug som kommunal- og regionalminister eit krafttak for styrka lokal velferd i budsjettet for 2006. Samstundes er det slik at dei som styrer kommunane ikkje kan bruke same pengane to gonger – like lite som staten kan gjere det. 

 

Kommunane har gjort ein god jobb med å styrke velferda. Me har fått fleire hender i eldreomsorga, fleire undervisningstimar i skulen, nye barnehagar, styrka vedlikehald av skular, kyrkjer og kulturhus. Me er ikkje i mål, men kutt, kutt og atter kutt er erstatta med ei ny retning. Me har vald fellesskap framfor store skatteletter, og det gjev resultat. Me har ei anna retning enn vi hadde i åra 2001-2005. Denne retninga skal vidareførast. 

Ikkje sidan 1983 har så mange distriktskommunar fått fleire innbyggjarar, dobbelt så mange har fått vekst. Det er særleg auka innvandring til heile landet som er avgjerande, men sidan 2006 er også dei innanlandske flyttestraumane i sentraliserande retning redusert.

 

Senterpartiet lovar ikkje meir til alt og alle. Me lovar ikkje store skatteletter, kortare arbeidstid, lenger ferie eller lågare pensjonsalder. Me lovar ikkje meir i lommebøkene til verken dei velfødde rikaste eller middelklassen. Det gjev oss rom for å investere for framtida, bygge landet, styrke velferda og gje dei dårlegast stilte betre kår.

 

Eg er overtydd om at fellesskapsinstitusjonane vert viktigare for oss i åra som kjem.  Vi treng materielle gode.  Pengar er viktig for eit godt liv, men kan vi kjøpe oss lukke?  Eg meiner ånd og kultur like viktig som materiell velstand.    

 Senterpartiet sin veg framover er raudgrøn. Eg meiner Ap, SV og me i fellesskap har oppnådd mange gode resultat. Men vi er eit sentrumsparti og vi skal halde sentrumsverdiane høgt. Me har fått langt meir sentrumspolitikk ut av dette samarbeidet åleine enn KrF og Venstre gjorde til saman i sitt samarbeid med Høgre og Frp som støttespelar.  Lista er lang; kommuneøkonomi, samferdsle, fordeling, auka minstepensjon, distrikts- og landbrukspolitikk, td differensiert arbeidsgjevaravgift og heimfall. Samstundes er me utolmodige. Me vil meir.

 Sp fekk i 2005 6,5% oppslutnad og 11 representantar på Stortinget. Frp fekk 22,1% oppslutnad og 38 representantar på Stortinget. Eg skal legge fram eit rekneskap for kva Sp har oppnådd desse 4 åra. Deretter kan stortingsrepresentant Åge Starheim legge fram sitt og Frp sitt rekneskap. Viss resultat tel, så har dei som stemte Sp i Sogn og Fjordane i 2005 fått gode politiske resultat. 

 Me er heile tida på veg. Me skal alltid vere utolmodige. Me skal alltid setje oss nye og djerve mål for vårt eige land og vår rolle i det internasjonale samfunnet.

 Me står framfor eit viktig stortingsval 14. september.  Det kjem alltid uventa hendingar som påverkarar veljarvandringane.  Alle val er svært spennande.  Gode meiningsmålingar er alltid hyggelege, men det er stemmegjevinga på valdagen som tel.

 Eg vil Senterpartiet skal vere eit redskap, eit sterkt talerøyr for dei som vil ha sosial og geografisk utjamning; by og land – hand i hand! Enkeltmennesket skal vere i sentrum og ikkje materialismen.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut