Til forsiden


40.000 nye årsverk

[01.04.09 07:34] Senterpartileiar Liv Signe Navarsete seier kommunane dei fire neste åra må få over 40.000 nye årsverk innan skule, helse og omsorg.


– Vi er ikkje i mål med satsinga på den lokale velferden. Vi ynskjer meir pengar for å halde fram i det tempoet vi har hatt. Kyrkjer og skular skal pussast opp og anna vedlikehald skal prioriterast, seier Navarsete.

Navarsete seier regjeringa dei siste åra har synt at dei har eit hjarte for heile landet – og etter at røystene er talt opp.

– Vi får fleire eldre, barnevernet har utfordringar og kommunehelsetenesta skal styrkast. Senterpartiet vil stå i spissen for desse nye løfta, seier Navarsete.

Spesielt trekk ho fram satsinga på kommunehelsetenesta.

– Kommunehelsetenesta er ikkje problemet i helsevesenet. Dei er ein viktig del av løysinga. Me skal gjennomføre samhandlingsreformen, for å gje eit betre helsetilbod der folk bur. Vårt mål er ei desentralisering der folk får meir av helsetenestene der dei bur og der folk får hjelp tidlegare enn i dag, seier Navarsete.

– For Senterpartiet er det viktigare å styrka innhaldet i skulen enn å utvide skuledagen. Me vil ha ein heilskapeleg kvalitetsskule framfor heildagsskule, seier Navarsete.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut