|
|
[01.04.09 07:36] Liv Signe Navarsete, partileiar i Senterpartiet, meiner ei grøn energisatsing vil gje fleire titusen nye arbeidsplassar fram mot 2020.
– Berre med satsing på småkraftverk kan vi få på plass fleire titalls tusen årsverk, medan bioenergi gjev rundt 400 arbeidsplassar for kvar terrawattime (TWh). I tillegg kjem utbyggjinga av vindkraft som gjev 1000 årsverk i anleggsperioda for kvar TWh. Vi bør klare ein TWh i året fram mot 2020, seier Navarsete.
Ho seier at arbeidsplassane ikkje vil kome av seg sjølv.
– Det offentlege må bruke pengar på miljøvenleg energi og framtidsretta arbeidsplassar, seier Navarsete, som ikkje utelukkar at ein må bruke mellom 6 og 8 milliardar kroner.
Sp-leiaren meiner næringslivet må gjennom ei stor omstilling for å gjere Norge til ei stormakt innan fornybar energi.
I si tale til landsmøtet i Sp i Ålesund sa ho vidare at den fornybare satsinga ikkje betyr at partiet er imot olje- og gassutvinning her til lands.
– Nokre område er rett og slett så viktige for landet at vi ikkje i nær framtid kan tillate oljeverksemd der. Det går ei grense ved Lofoten og Vesterålen, seier Navarsete.