Til forsiden


Grøn omlegging i samferdsla

[01.04.09 07:39] Senterpartileiar Liv Signe Navarsete tek til orde for ei grøn omlegging av samferdslepolitikken dei neste åra.


– Dei neste ti åra skal regjeringa byggje firefelts vegar, dobbeltspora jernbane, ruste opp riksvegar og betre trafikktryggleiken for 1014 kroner kvart einaste sekund, seier Navarsete.

Men det må gjerast meir for å leggje om til ein grøn transportsektor.

– Det er ikkje bilen som forureinar. Det er drivstoffet. Fossilt drivstoff på utfasast til fordel for el og anna drivstoff med lite eller ikkje noko utslepp, seier Navarsete, som seier ein auka vrakpant på 40.000 kroner ved innbyte til miljøvenleg bil vil vere eit godt tiltak.

Partileiaren seier mykje er gjort gjennom avgiftssystemet, store fordeler for el- og hydrogenbilar og ei ny satsing på ladestasjonar. Denne politikken vil ho halde fram med.

– Me skal gje optimisme og framtidstru gjennom ei modernisering av landet vårt, seier Navarsete.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut