Til forsiden


Navarsete:

- Tydeleg sentrumsprofil i Soria Moria 2

[04.12.09 11:14] Liv Signe Naversete sa i sin tale til landsmøtet i Senterungdommen og landsstyret i Senterpartiet 7. november at Sp har oppnådd ein tydelig sentrumsprofil i Soria Moria 2.


Her er tala som Liv Signe Navarsete heldt til jubileumslandsmøtet i Senterungdommen og landsstyremøtet i Senterpartiet i Drammen 7. - 8. november. Flerie bilder frå møta kan du sjå på flickr.

 

Gode landsstyre! Kjære senterungdomar!

Tusen takk til Senterungdomen for invitasjonen til å delta på landsmøtet og 60 års jubileet dykkar. Hjarteleg til lukke med 60 unge år! Det er ei stor glede for meg å få vere her samam med dykk og å få vere leiar for dette flotte partiet.Eg vert audmjuk, takknemleg og stolt når eg ser ut over denne store forsamlinga.

Senterungdomen har vore viktig for å fornye og utvikle partiet sin politikk, og svært mange av dei som er aktive i partiet i dag har bakgrunn frå Senterungdomen.

Senterungdomen har hatt eit sterkt engasjement for miljø, folkestyre, desentralisering og distriktspolitikk, EU og internasjonal solidaritet.

Senterungdomsleiar Christina Ramsøy vart i haust vald inn på Stortinget og er med sine 23 år Senterpartiet sin yngste stortingsrepresentant.For 23 år sidan heitte senterungdomsleiaren Marit Arnstad.For 23 år sidan var noverande stortingsrepresentantar Anne Tingelstad Wøien og Irene Lange Nordahl aktive i Senterungdomen.For 23 år sidan var Ola Borten Moe 10 år, medan både Erling Sande, Geir Pollestad og Trygve Magnus Slagsvold Vedum var 8 år og alle gjekk på barneskulen.Alle har hatt viktige verv i senterungdomen før dei vart valde til stortingsrepresentantar.Det har skjedd eit generasjonsskifte i Senterpartiet si stortingsgruppe.I stortingsgruppa er det kvinnefleirtal og me har yngst gjennomsnittsalder.Det kan de gjerne klappe for!

For 23 år sidan var kampen mot apartheid i Sør-Afrika, Midt-Austen-konflikta og kampen mot atomvåpen og Ronald Reagan sine stjernekrigsplanar saker som opptok senterungdomen.Ikkje alt var like populært i moderpartiet…….

Men me har fått eit fritt Sør-Afrika og dei fleste i Norge har innsett at ei fredeleg løysing i Midt-Austen må innebere ei tostats-løysing.Dagens amerikanske president vil ikkje ha romvåpen og Barack Obama får fredsprisen bl.a. for sitt arbeid for avskaffing av atomvåpen….!!

 

Senterungdomen har i mange saker vore framsynte og organisasjonen har mykje å vere stolt over.Og me i moderorganisasjonen er stolte over dykk!

Me har lagt bak oss eit spennande stortingsval. Senterpartiet skulle for første gong på 24 år gå ut i valkamp i regjeringsposisjon. Som juniorpartner i ei fleirtalsregjering.

Me hadde to mål for stortingsvalet 14. september.Auka oppslutnad om Sp og å sikre fortsatt raud-grønt fleirtal saman med SV og Ap.

Målet om auka oppslutnad om Sp nådde me ikkje.Men me kom tilbake med same tal stortingsrepresentantar -11 mandat, 11 flotte representantar som med sine kunnskapar og politisk teft skal gjere mykje godt arbeid for oss på Stortinget.Dei har me i 4 nye år uavhengig av meiningsmålingar som går opp og ned.

At V, KrF og SV gjorde dårlege val gjorde at me likevel nesten framstod som valvinnar.Slik er det politiske liv – det er små marginer mellom suksess og nederlag.

Men me nådde målet om ei fortsatt raud-grøn regjering!Ikkje minst takka vere at Sp, som det minste partiet itre-parti-regjeringa,heldt stand kan me bu oss på fire nye år i viktige departement og med stor påverknad på norsk politikk og samfunnsutvikling. Det er verd å glede seg over!

 

Mange gjorde ein kjempejobb i valkampen. Resultata i fylka varierer.Me fekk solid framgang i Sogn og Fj, og gjekk fram i Hordaland, Møre og Romsdal og Troms.I to fylke; Østfold og Hedmark held me stillinga, medan me hadde litt tilbakegang i resten av fylka.I byane Bergen og Tromsø hadde me framgang, det var svært positivt, men me målet om auka oppslutnad i folkerike kommunar vart ikkje nådd. Det er noko av utfordringane me skal jobbe vidare med fram mot neste val.

Sentralstyret har sett ned eit utval for å gå gjennom valkamparbeidet.Eg trur på dei gode eksempla, og at dei som ikkje nådde sine mål kan lære av dei som hadde framgang.Kva fungerte? Korleis planla dei som lukkast sin valkamp?

Kva kan gjerast betre i sentralledd, fylke og lokallag ved neste korsveg?

Eg skal ikkje føregripa konklusjonane, men vil uansett gje ros til Senterungdommen og den solide innsatsen de gjorde ved skulevala. Det inspirerte heile organisasjonen. Tusen takk!

 

Etter drøftingar i partileiing, sentralstyre og stortingsgruppe sette me oss til forhandlingsbordet saman med Ap og Sv 28. september for å forhandle Soria Moria II.

Det vart krevjande forhandlingar, der me brukte både dagar og netter for å kome fram til ei plattform alle tre partia sine forhandlarar kunne tilrå ovanfor sine parti.

 

Soria Moria II er ei regjeringsplattform med tydelege fotavtrykk frå Senterpartiet.

 

Sp har lukkast i å dra fokus over på å skape  - ikkje berre å dele. Me varslar no ein meir aktiv næringspolitikk frå regjeringa. Det trengs i ei tid der fleire bransjar vil oppleve tøffe tider, ikkje minst innan eksportindustrien.

 

Regjeringa skal mellom anna arbeide med endringar i formuesskatten for å få ei meir rettferdig fordeling og betre rammevilkår for norsk næringsliv. Me skal vurdere dei skattemessige rammevilkåra for einmannsføretak samanlikna med aksjeselskap.Viktige saker som me skal følgje opp frå Sp si side og som me har kjempa fram. Me skal og vurdere ordningane med statleg kapitaltilførsel til små og mellomstore bedrifter i ein tidleg fase slik at dei med gode og lønsame idear kan få finansiering.

 

Senterpartiet er utolmodig og vil kvar dag arbeide for ein tydeleg næringspolitikk. Tida er inne for å byggje framtidas næringsliv – små og mellomstore bedrifter som skal vekse og gro, som skal forvalte og foredle ressursane vi har her i landet. Som skal bruke kunnskap til å skape ny teknologi, nye produkt, nye arbeidsplassar.   

 

For å få det nye grøne næringslivet rundt i landet, er rammevilkår viktig – men det er folk det til sjuande og sist det handlar om. Folk med ulike typar kompetanse. Me fekk i regjeringserklæringa gjennomslag for ein ny politikk for kompetansearbeidsplassar. Å gjere det attraktivt å etablere ny verksemd – nye kompetansearbeidsplassar i distrikta er ei av dei største utfordringane i distriktspolitikken.  

 

At vekst i statlege arbeidsplassar skal skje utanfor Oslo er ein viktig bit av dette biletet.Soria Moria-erklæringa varslar eit systematisk arbeid for å få ei betre geografisk fordeling av kompetansearbeidsplassar. Det betyr speiing av makt og menneske, og oppbygging av nye små og store kunnskapsmiljø i ulike regionar.

Samfunnet investerer store summar i høgare utdanning. Me har fått fleire nye universitet og me har høgskular med lang tradisjon for utdanning av flinke fagfolk på mange område. Avkastinga av desse investeringane må verte fordelt slik at det kjem heile landet til gode. Me veit at mange av dei fagfolka som kjem med vitnemål frå desse utdanningsstadene, har eit ønske om å slå rot på ein mindre stad, samstundes som dei får brukt kompetansen sin. Høgskulane har vore - og er - viktige for distrikts-Noreg. Utan desse hadde landet sett annleis ut. Kompetansen er der – men arbeidsplassane manglar.

 

Noreg har vore gjennom ei omfattande omstilling dei seinare åra. Tradisjonsrik industri over heile landet er bygd ned. Kunnskapsintensiv verksemd rundt Oslofjorden veks. Det har over tid ikkje vore teke sterke nok politiske grep for å sikre ei spreiing av kompetansearbeidsplassar.

 

Difor skal vi ha ein brei gjennomgang av kva vilkår som må vere på plass for at ein kommune og ein region skal utvikla miljø der det er naturleg å leggje kompetansearbeidsplassar. Raskare breiband er viktig. Det er og viktig å ha veg, tog og fly som gjer at ein raskt kan komme seg til hovudstaden eller til utlandet.

Magnhild sitt arbeid med å gjennomføre samferselsløftet er slik ein svært viktig del av næringspolitikken.

 

Eksempel: På Dyrøy sit det kvinner og menn som eigentleg arbeidar 20 mil lenger nord i Tromsø. Det vil seie, dei har teke med seg arbeidet til den vakre øya i Midt-Troms. Dei har fått hjelp av god telekommunikasjon og tilretteleging i den lokale næringshagen. Slik har ulike kompetansemiljø i Tromsø spreidd seg til attraktive småstader. Barnefamiliar og meir etablerte har fått både i pose og sekk. Dei held på eit spanande arbeid, har kontakt med eit større miljø og dei får busette seg der dei aller helst vil.

 

Eg er oppteken av at kommunane må få fleire og større musklar for å utvikle lokalsamfunna. Kommunane må vere gode partnarar for næringsliv og private aktørar som vil leggje verksemd utanfor dei mest pressa områda. Aktive kommunar er viktig – det viser Dyrøy-eksemplet. Dyrøy kommune har fleire gonger vore kåra til Troms sin beste gründerkommune. Det er imponerande for ein kommune med vel 1000 innbyggjarar.

 

Eg ynskjer at folk skal ha valfridom til å velje å busette seg der dei vil. Valfridom får vi først når spanande kompetansearbeidsplassar finst i heile landet. Og det skal vi få til! 

 

Senterpartiet har gjennom heile si historie - ofte piska fram av senterungdommen - vore forkjempar for miljøet. Me er ikkje redde for å ta store grep for å sikre komande generasjonar eit godt miljø og klima. Senterpartiet har vilje og mot til å legge om utviklinga slik at Noreg blir eit lågutsleppsamfunn. Me har fått til mykje - men det må sterkare lut til i åra som kjem. Me må vere budd på å påleggje enkeltpersonar, kommunar og bedrifterkrav og restriksjonar for å få utsleppa ned. Ikkje minst må det gjerast noko på forbrukssida. Det er ikkje berekraftig at vi i Noreg og den rike delen av verda skal kaste og forbruke så mykje. I Sp tilhøyrer vi ikkje dei som trur at alt kan løysast med å kjøpe avlat i form av klimakvoter. Det må også gjerast mykje her i landet - vi har eit moralsk ansvar for å kutte utsleppa sjølve. Den prisen må me betale. Utsleppa skal ned!

 

Koplinga mellom den globale matkrisa og klimakrisa er vert stadig meir tydeleg. FNs klimapanel ventar mellom anna at det afrikanske jordbruket vil bli svekka fordi temperaturauke gjer store landbruksområde uegna til å produsere mat. Andre områder vil få kortare vekstsesong og redusert produksjon. Behovet for jordbruksareal er dessutan ein hovudårsak til den omfattande avskoginga i mange deler av verda. Avskoging står for om lag 20 prosent av dei globale utsleppa av CO2. Så behovet for mat fører altså i seg sjølv til klimaproblem.

Difor må klimakrisa og matkrisa sjåast i samanheng. I Kyoto vart landbruket gløymt, det må ikkje få skje i København! Den gode nyheita frå dei førebuande møta til København er at mat ser ut til å bli sett på dagsordenen. Det er gledeleg! Dette har Senterpartiet med Lars Peder i spisssen jobba hardt for. No må vi jobbe for at dette verkeleg skjer, og at det blir følgd opp i tida etter toppmøtet.

 

Situasjonen før klimatoppmøtet i København er prega av mistillit mellom dei rike og dei fattige landa. Noreg sitt utgangspunkt må vere å byggje bru - og dempe den mistilliten. Då må me vise vilje til å ta grep på heimebane for å få utsleppa ned - dernest å vise vilje til å bidra for å få ned utsleppa i den fattige delen av verda, slik me mellom anna gjer med regnskogfondet.

Å få utsleppa ned handlar mellom anna om å få fram fornybar energi, elektrifisering av transportsektoren, energieffektivisering og omstilling i næringslivet. Eg meiner me skal fokusere meir på kva fantastiske moglegheiter det gir å vere tidleg ute og ta dei kutta som alle land etter kvart må ta. Slik kan me gjere vår industri konkurransedyktig, få fram ny teknologi og energieffektive løsninger.
Slik kan me skape grøne arbeidsplassar.

Det er viktig for Noreg at me har ei eiga stemme i København. Eg håpar og at EU klarer å spele ei positiv rolle - men me ser no at dei har store problem innad. Igjen ser me at me har ei heilt annan moglegheit til å spele ein offensiv rolle når vi står utanfor EU-samarbeidet.
Nok ein grunn til å halde fram med det!

Eg har også behov for å melde følgjande:

I den alvorlige situasjonen me er i meiner eg det er betenkeleg at Statoil brukar så mykje ressursar og tøff retorikk på å få opna Lofoten for oljeverksemd. Dette er minste motstands veg og gamaldags tenking.Me må late dei viktige områda utanfor Lofoten og Vesterålen ligge i fred medan me utviklar ny kunnskap og ny teknologi.Med Sp i regjering kan fisken vere trygg!

 

Landsstyre, gode senterungdommar!

Kunnskapssamfunnet krev at me satsar på skulen.

Ein av dei viktigaste sigrane vårei Soria Moria 2 er formuleringane om at auka lærartettleik er det viktigaste for norsk skule framover. Vår politikk har vore ja til reformpause og nei til heildagsskule. Dette er og regjeringa sin politikk no.Men det ikkje lenge sidan våre vener i regjeringa snakka varmt om heildagskulen! Eg er glad for at me har vunne fram med vårt syn og at det vil bli eit tak på tal elevar per lærar så den enkelte elev kan bli sett. Og ei styrking av praktiske fag som var den andre hovudsaka vår innan utdanning er også nedfelt i Soria Moria 2 og vil bety ein forskjell for mange, mange elevar med gode evner innan praktiske fag.

 

For oss i Sp var det viktig å få ein tydeleg sentrumsprofil på Soria Moria 2.Det har me greidd.Det er tydeleg satsing på kommunane, på frivillig sektor, på distrikt og desentralisering.Det er god sentrumspolitikk når regjeringa slår fast at det ikkje skal søkjast om medlemskap i EU og at vi opnar for å bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen. Eit offentleg utval skal gå gjennom EØS-avtalen og konsekvensane av den på alle samfunnsområde.

 

Fleire kommentatorar har kondolert det politiske sentrum etter valet. Det er det ingen grunn til. Sentrum i norsk politikk lever og har framtida for seg. Det var KrF og Venstre som i 2001 valde bort sentrum til fordel for Høgre og FrP og som no blir straffa av veljarane. Men Sp heldt stand og er no det største sentrumspartiet. Og i sentrum er det no eit rom som me skal fylle.

 

Det er framleis sentrum som sit på vippen i norsk politikk – slik det har vore sidan 1965. Senterpartiet har ein viktig vippeposisjon også i denne perioden. Med det syt me for at sentrumsverdiane blir tatt vare på. ”Ikkje til Høgre, ikkje til Venstre, men framover”,  seier eit gamalt slagord frå Senterungdommen. Det er mykje rett i dette; dei gode, framtidsretta løysingane finn ein i sentrum der vi ikkje er redd for ein sterk offentlig sektor, men samstundes har sterk tru på individet og gode private initiativ.   

 

Personvernet og retten for den enkelte til å hegne om sitt privatliv er ei viktig sentrumssak og ei viktig sak for Senterpartiet.Datalagringsdirektivet heimlar at alle trafikkdata på kontakt mellom oss kan lagrast opp mot to år. Argumentet er at dette skal vere eit verktøy mot kriminelle. Problemet med direktivet er at det lagrar informasjon om oss alle. Det er ubehageleg, unaudsynt og reiser alvorlege personvernmessige spørsmål.

Senterpartiet er mot EUs datalagringsdirektiv fordi vi meiner at enkeltmennesket skal ha rett til å leva frie liv under ansvar. Me vil hegne om ytringsfridomen og personvernet.

Direktivet inneber massiv og langvarig lagring av trafikkdata - informasjon om kven vi som enkeltmenneske har kontakt med, når og kor. I Sp vil me ikkje godta at alle blir mistenkeleggjorte og overvaka slik. For dette er informasjon som høyrer privatlivet til.

Senterpartiet er oppteken av at politiet skal ha best mogleg verktøy i kampen mot alvorleg kriminalitet. Men me meiner at Datalagringsdirektivet ikkje er svaret. Det gjorde heller ikkje Personvernkommisjonen, der også Kripos var representert. Dei meiner at politiets behov må vere nærare grunngjeve dersom ein skal gjere så inngripande tiltak overfor samfunnet. Dessutan har Politiet har i dag tilgang til informasjon i teleselskapa sine register.

Det rår no ei "kjekt og ha"-haldning til direktivet. Politiet og justissida har ikkje ein gong utgreidd kva behovet er og kva resultat ein kan forvente. Dessutan kan somme menneske eller grupper kunne bruke informasjonen til å gjennomføre kriminelle handlingar. I så måte kan vi utilsikta få meir -og ikkje mindre kriminalitet ut i den andre enden.

Soria Moria 2 slår fast at Senterpartiet og SV sine representantar er fristilte når saka skal handsamast i Stortinget. Mange av Høgre sine representantar - EU-tilhengarar - har så store kvalar med direktivet at dei meiner reservasjonsretten skal brukast.

Det er nytt, og det er viktig for personvernet og for norsk EU-debatt. Dette opnar òg for ein interessant situasjon i Stortinget. Høgre sit med nøkkelen til om Datalagringsdirektivet skal bli ein del av norsk lov eller ikkje. Høgre kan stoppe direktivet i Stortinget. Dette blir syretesten på om Høgre er eit liberalt parti eller ikkje.


I for mange år har reservasjonsretten vore ei heilag ku i norsk politikk. Mellom anna har Fredrik Sejersted og Finn Arnesen avdramatisert bruk av reservasjonsretten på datalagringsdirektivet.

Datalagringsdirektivet er fjernt frå sentrumsverdiar og liberale verdiar. Me skal utnytte teknologien til samfunnsmessig nytte, og ikkje til å true ytringsfridomen og personvernet. Derfor vil vi nytte vetoretten mot EUs datalagringsdirektiv.
Om datalagringsdirektivet skal innførast er altså no opp til Høgre. Tek dei ansvaret?

Førebygging, desentralisering og styrking av kommunane sitt ansvar. Høyrest det ut som god SP-politikk?Det gjer det. Og det er resepten som er skriven ut i samhandlingsreforma.

 

Oppgåvene i helsevesenet veks.Statleg overtaking av sjukehusa og meir pengar har ikkje gjeve forventa resultat.Derfor har Sp vore med å kjempe fram samhandlingsreforma.Dette er ei stor desentraliseringsreform. Folk skal få fleire tenester og betre tilbod nær der dei bur.Me skal ha nye fastlegar utover i landet, lokalsjukehus vil verte styrka med nye oppgåver og det skal byggjast ut lokalmedisinske senter.Det skal satsast meir på førebygging, meir behandling skal utførast lokalt og det skal byggjast opp tilbod slik at dei som er ferdigbehandla på sjukehus kan kome tilbake til meir heimlege trakter.Dette er god Sp-politikk – folk skal få betre tilbod der dei bur og det vert mange nye spennande kompetansearbeidsplassar i alle kommunar.

 

Nokon vil gjere dette til ei sentraliseringsreform og brukar samhandlingsreforma som eit påskot for igjen å foreslå tvangssamanslåing av kommunar.Høgre og Venstre hevdarsågar at samhandlingsreforma ikkje kan gjennomførast utan tvangssammenslåinging av kommuner.Det blir ikkje aktuelt og er heller ikkje avgjerende for å lukkast med reforma!Eg vil be Erna Solberg og Trine Skei Granda ta seg ein tur for å besøke Valdres distriktsmedisinske senter.På Fagernes samarbeider Valdreskommunane om helsetenester som ligg svært nær opp til forslaga i samhandlingsreforma.Dei har også innleia samarbeid på førebyggingssida. Eller dei kan reise til Namdalsregionen, til Midt-Telemark eller til Dalane i Rogaland.Berre for å nemne nokre stader der små kommunar har gått inn i forpliktande samarbeid for å løyse felles oppgåver innanfor helseområdet.Men kanskje er ikkje dei to interessert i å oppleve dei gode samarbeidsløysingane som mange kommunar evnar å utvikle.Det kan komme til å skugge for deira mål om å fjerne de fleste av landets kommuner.

 

Eg har den tillit til folk i dette landet at dersom det er gode grunnar for å slå saman kommunar så finn folk det ut sjølv.Eg trur ikkje økonomar, teoretikarar og sentrale politikarar har større omsut for tenestetilbodet i utkantane enn dei menneska som bur og lever der, har ungane sine i skule og barnehage der og sjølv treng legeteneste og omsorgstilbod!For meg vert det også bakvendt å starte ei stor desentraliseringsreform i helsevesenet med å tvangssamanslå kommunar og flytte legekontor og helsetilbod lenger frå folk.Eg vil som kommunalminister få ein sentral plass i arbeidet med disse sakene.For meg blir det viktig å stå vakt om måla som ligg til grunn for reforma: førebygging, desentralisering og styrking av kommunane sitt ansvar.Heile poenget er at folk i heile landet skal oppleve bedre helsetjenester - der dei bur.

 

Landsmøte, landstyre!

Senterpartiet er det partiet som for to år sidan hadde flest ungdomar på vallistene. Det er noko vi skal gjenta! Og vi skal ha ein ambisjon om å få flest unge representantar i kommunestyre og fylkesting og.
Ungdom eg møter seier til meg at kanskje det viktigaste for at vi skal få vekst og utvikling i distrikta er at ungdom blir høyrd.

80 kommunar har ikkje ungdomsråd - det er om lag 20 prosent av kommunane. Eg vil at alle kommunar får eit ungdomsråd i løpet av perioden. Eg vil ta kontakt med dei kommunane som har teke seg "råd" til å ikkje ha eit ungdomsråd for å få dette til.

Ungdomsråda skal vere ein skule i demokrati. Dei unge skal få reell moglegheit til å påverke. Difor vil eg starte eit prosjekt kor om lag 40 kommunar (ca to i kvart fylke) blir plukka ut til å vere med å teste ut dei gode modellane for barn og ungdom sin medverknad gjennom ungdomsrådet. Det er mange måtar å gjere dette på - eg vil ha fram dei beste. Eg vil ha utstillingsvindauge for unge sin deltaking og medverknad i lokalpolitikken. Dei skal få ressursar til å teste ut gode arbeidsformer. Det skal ende opp i ei kokebok for korleis ein kan gjere det. Eg vil bruke dei erfaringane og den kunnskapen som finst i barne - og ungdomsorganisasjonar i dette prosjektet.

Ungdomsråda kan vere ein god formell påverknadskanal for ungdom. Tre punkt som kan styrke ordninga:

1. Eg vil derfor sjå det som interessant å prøve ut ordningar der nokre kommunar får gjennomføre forsøk kor kommunestyret delegerar mynde til ungdomsrådet på nokre saksområde. Det betyr at ungdomsråda får fatte eigne vedtak på kommunen sine vegne.

2. Representantar for ungdomsråd har i dag høve til å få møte-og talerett i kommunestyre og fylkesting. Eg vil vurdere å endre lova slik at representantar frå ungdomsråd og kan få forslagsrett. Det gjer at ungdom vil få ein formell rett til å leggje fram sine saker og forslag i kommunestyra og fylkesting.

3. Eg vil og gjera det enklare for ungdom å ta opp saker i komunestyre og fylkesting. I dag har vi noko som heitesåkallar innbyggerinitiativ – kor 300 personar i kommunen eller 500 i fylket må skrive under for å få teke opp ei sak i kommunestyret eller fylkestinget. Eg ønskjer å vidareutvikle ordninga og tilpasse den den teknologiske utviklinga. Korleis kan f.eks facebookgrupper nyttast for å få teke opp saker i kommunestyret?

 

Senterungdommen har utvikla god politikk på mange område. Mellom anna prosjektet Føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skule. Prøveprosjektet som har gått over 2,5 år har vore ein stor suksess. 6 skular har delteke (Firda – Sogn og Fjordane, Grong – Nord-Trøndelag, Nord-Gudbrandsdal, avd. Lom i Oppland, Trysil i Hedmark, Vest-Telemark vdg i Telemark, Knut Hamsund vdg i Nordland). Prosjektet er evaluert og konkluderer med at føraropplæring og vidaregåande opplæring høyrer saman.

 

Det er ikkje småtteri ein har oppnådd: Det har gitt betre tilgjenge og billigare føraropplæring i distrikta. Mindre fråvær og forstyrringar ifht undervisninga. Dei skulane som er med i prosjektet har sett trafikktryggleik skikkeleg på dagsorden.På Firda vdg skole melder dei for eksempel om at strykprosenten er langt lågare for desse elevane enn landgjennomsnittet.

 

Resultata er så gode at dette er noko vi rett og slett må satse videre på. Mitt mål er at alle distriktsskular skal gje eit tilbod om føraropplæring. Eg vil gå i dialog med kunnskapsministeren og Utdanningsdirektoratet om dette.Me vil utarbeide ein rettleiar som skal gå ut til alle vidaregåande skular som kan vere interessert i å gje dette tilbodet til sine elevar. Men for å halde fokus på saka og hauste fleire erfaringar vil me raskt gå i gang med prosjekt på fleire utvalde vidaregåande skular. 

 

Eg meiner Senterungdommen skal vere stolt over kva me har oppnådd så langt. Me gjer det enklare og rimelegare å være ungdom i distrikta, og ikkje minst; me har sett auka trykk i arbeidet med å betre trafikktryggleiken.

Godtfolk!

Dei mange partitestane veljarane kunne ta før valet viste stort sett ei oppslutning om Sp på nær det dobbelte av valresultatet.Ein stor del av veljarane står oss svært nær politisk, men landar på eit anna parti når stemmesetelen vert lagt i urna. Dette bør vi først og fremst sjå som ein spore til ekstra inspirasjon og innsats i arbeidet med å styrkje oppslutninga om partiet ved vala i 2011 og 2013.

Vi må setje oss klare arbeidsmål framover. Vi må syte for å få etablert lokallag i dei 17 kommunane som står att. Dernest må vi syte for at partiet også stiller liste i ALLE kommunar i 2011. I 2007 hadde ikkje innbyggjarane i 16 kommunar høve til å stemme på Senterpartiet eller Sp-kandidatar (på bygdelister) ved kommunevalet. Det skal alle kunne gjere ved neste val! Me må ha som ambisjon å verte representert i ALLE landets kommunestyre og bystyre om to år. 25 kommunar står att etter kommunevalet i 2007.

Å nå desse måla handlar både om politikk og organisasjon - og ikkje minst kommunikasjon. Sjølv om me har eit omfattande partiprogram, vil det heile tida vere behov for å utvikle partiet sin politikk på ei lang rekkje områder. Programmet viser både mål og tiltak, men det må jobbast grundig i mange fora og på mange arena for å få gjennomslag for våre politiske løysingar.

 

Og me må evne å prioritere. Alt tyder på at det vet tøffare tider i den økonomiske politikken. Me ligg over handlingsregelen i bruk av oljepengar, ulike trygde- og velferdsordningar vil auke betydeleg i omfang og me ser at konkurranseutsett industri slit. Handlingsrommet vert mindre.

 

Då vert det viktigare enn nokon gong å tenkje smarte løysingar, tenkje politiske løysingar som ikkje berre handlar om fleire milliardar men korleis me brukar dei enno betre enn i dag og tenkje endringar utan å gå på akkord med våre mål om arbeidsplassar og likeverdige velferdstilbod der folk bur rundt om i heile landet. Og me må sjå både inntekts- og utgiftssida, og både på privat og offentleg sektor. Ikkje einøygd fokusere på offentlege utgifter. Eg inviterer heile partiet med på spennande politikkutvikling!

 

Og fram mot lokalvalet i 2011 MÅ me klare å verte eit aktuelt alternativ for langt fleire veljarari dei folkerike kommunane. Det handlar om politikk, men me kjem ikkje utanom at person også betyr mykje. Om EITT år må det også være klart kven som er våre toppkandidatar i dei mest folkerike kommunane. Det er for seint å først avklare det fem på tolv i slutten av mars i valåret.

Det manglar ikkje utfordringar å ta tak i. Ved inngangen til dette arbeidet er det viktig å tenkje over korleis me best brukar dei ressursane me disponerar både økonomisk og menneskeleg - på alle nivå i partiet.

 

Eg innleia med å gå 23 år tilbake i tid.Åra går fort.Om 23 år har mange av de som er ungdomar her valt yrke, buplass, ektefelle, mange har fått barn og mange er forhåpentlegvis aktive i eit Senterpartiet som er større enn partiet er i dag.Christina er blitt 46 år og veslejenta som ho fødde i sommar -Nina Victoria - er blitt 23 år. Kva tankar gjer folk seg i 2032 om det Sp stod på for og kjempa for i det raud-grøne samarbeidet?

 

Eg håpar at folk hugsar korleis me var pådrivarar for grøne arbeidsplassar og framveksten av fornybar energi.Korleis me tok grep for å utvikle kompetansearbeidssplassar i heile landet og sette bom for ”storebror-ser-deg” med veto mot datalagring.

 

Kanskje vil Nina Victoria i 2032 på Senterungdommens Landsmøte takke mor si og oss andre for at me stod på for miljø, for utjamning, for likeverdige levekår, for nasjonal matproduksjon og for busetjing i heile landet. Kanskje vil mange takke oss for at me løfta fram andre saker enn skattelette, forbruk, og kravmentalitet? Kanskje vil mange takk oss for at me tok vare på og var opptekne av andre verdiar enn det som kan målast i kroner og øre.

 

60 år er ingen alder for ein ungdomsorganisasjon.Takk for at eg fekk møte dykk her frå talarstolen.No skal me gå kvar til vårt nokre timar, men eg ser fram til jubileumsfeiring og fest seinare i dag og i kveld. Lukke til med landsmøtet til dykk i ungdomen og velkomne til debatt til landsstyret i partiet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut