Til forsiden


- Eit godt budsjett for heile landet

[04.12.09 11:18] - Både som Kommunal- og regionalminister og Senterpartileiar er eg nøgd med heilskapen i statsbudsjettet som i dag er til handsaming i Stortinget, sa Liv Signe Navarsete i finansdebatten i Stortinget.


Statsråd Liv Signe Navarsete sitt innlegg i finasdebatten i Stortinget torsdag 26. november:

Både som Kommunal- og regionalminister og Senterpartileiar er eg nøgd med heilskapen i statsbudsjettet som i dag er til handsaming i Stortinget. Regjeringa legg opp til ei god satsing på lokal velferd, på veg og jernbane og eit grønare næringsliv. Dette er eit godt budsjett for heile landet.

Det er ei tydeleg satsing når den raud-grøne Regjeringa har løfta kommuneøkonomien med nærare 41 milliardar kr sidan vi tok over. Sidan 4. kvartal i 2005 til 3. kvartal 2009 har talet tilsette i kommunesektoren auka med over 62 000. Òg neste år legg vi opp til ei satsing på den lokale velferda med 8 milliardar kr. Skule og eldreomsorg får eit løft. Mellom anna er det rom for 2 500 nye omsorgsbustader i 2010. Frå 1. januar neste år blir fylkeskommunane styrka ved at dei overtek store og viktige oppgåver frå staten, mellom anna ansvar for øvrige riksvegar. Difor vil fylka få ein milliard kr meir ekstra i frie midlar utover dei pengane som fylgjer frå staten ved overføringa av oppgåver og i tillegg ei ordning med rentekompensasjon.

Kommunal sektor forvaltar ein stor del av fellesskapet sine ressursar til det beste for landet sine innbyggjarar. I 2010 er sektoren sine samla inntekter anslått til 333 milliardar kr. 2008 var eit krevjande år for kommunesektoren, men det økonomiske opplegget i 2009 og 2010 med sterk auke i dei samla og frie inntekta, legg til rette for betre balanse i økonomien og framleis utbygging av velferdstenestene i mange kommunar.

Den nye rapporten til Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi som nett er offentleggjort, syner at det er ein vekst i dei kommunale og fylkeskommunale tenestene òg i 2009. Utvalet ventar at økonomien  i kommunesektoren vil bli betre i 2009 og anslår netto driftsresultat for kommunesektoren til å bli om lag 2½ pst. i 2009. Det er ei klar styrking frå 2008. Utvalet meiner òg at veksten i dei frie inntektene i 2010 legg til rette for auka tenestetilbod utover det som følgjer av den demografiske utviklinga.

Regjeringa vil styrkje lokal og regional vekstkraft i område med låg økonomisk vekst, lang avstand til større marknader, einsidig næringsstruktur og stagnasjon eller nedgang i folketal. Difor har me m.a. foreslått å auke løyvingane til kommunale næringsfond, entreprenørskap og utvikling av attraktive stader.

Det er viktig at kommunane får fleire og større musklar for å utvikle lokalsamfunna. Kommunane må vere gode partnarar for næringsliv og private aktørar som ynskjer å etablere seg rundt om i hele landet. Aktive kommunar er viktig for verdiskapinga.

Infrastruktur er òg eit viktig grunnlag for vekst og utvikling i heile landet. Difor skal me m.a. nytte om lag 100 mill. kr til å byggje ut framtidsretta breiband neste år. På samferdslesområdet er det føreslått ei historisk høg satsing på 27 milliardar kr i 2010 – ein vekst på 21 pst. Satsinga på veg aukar med 2,6 milliardar kr og 1,3 milliardar kr på jernbane. Innsatsen vil gi betre framkomst for folk og næringsliv, betre trafikktryggleik og binde landet saman. Med dette har Regjeringa auka løyvingane til veg- og jernbaneformål med vel 9 milliardar kr, nærare 50 pst. sidan me tok over i 2005.

Eg er oppteken av at me må bry oss meir om å skape i tida framover, ikkje berre å dele. Regjeringa vil føre ein aktiv næringspolitikk. Det trengst i ei tid der fleire bransjar vil oppleve tøffe tider, ikkje minst innanfor eksportindustrien.

Budsjettet for 2010 tek oss eit godt steg i retning av eit grønare og meir miljøvenleg Noreg. Enova kan i 2010 løyve 1,8 milliardar kr til fornybar energi og energieffektivisering. Saman med historisk høge løyvingar til Innovasjon Noreg, gir dette oss dei beste føresetnadene for å skape eit nytt grønt næringsliv for framtida.

Me ligg over handlingsregelen i bruk av oljepengar, og ulike trygde- og velferdsordningar vil auke betydeleg i omfang, og me ser at konkurranseutsett industri slit. Handlingsrommet vert mindre. Då vert det viktigare enn nokon gong å tenkje smarte politiske løysingar utan å gå på akkord med våre mål om spennande arbeidsplassar og likeverdige velferdstilbod der folk bur i heile landet. Når me ser dei alternative budsjetta frå Høgre og Framstegspartiet, ser me tydeleg kor viktig det er at landet har ei raud-grøn regjering – ei regjering som vil stimulere lokal vekstkraft og sikre velferd til alle der dei bur, og slik gje folk reell valfridom i høve kvar dei vil bu og realisere sine livsprosjekt.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut