Til forsiden


Mat må inn i klima-forhandlingane

[04.12.09 12:26] Mat må på dagsordenen under klimaforhandlingane i København og inkluderast i arbeidet etter toppmøtet. Vi må sjå matkrisa i saman med klimakrisa. Løyser me ikkje desse to i lag, løyser me ikkje nokon av dei.


Uttale vedtatt av Senterpartiets landstyre i Drammen 8. november 2009:

Mat må inn i klimaforhandlingane

 


 

Senterpartiets landsstyre meiner den globale matvaresituasjon tydelegare må koma inn i klimaforhandlingane. Vi kan ikkje løyse klimautfordringane utan å ta omsyn til behovet for ein auka matproduksjon. Derfor er matkrisa en del av klimakrisa.

 

Klimaendringar er vår tids største utfordring. Samtidig er tilgangen på nok og trygg mat trua i deler av verda. Over ein milliard menneske har i dag for lite mat. For å brødfø verdas folk må matproduksjon auke med 70% innan 2050, ifylgje FNs matvareorganisasjon FAO. Det er store utfordringar knytt til å produsere nok mat til verdas folk på ein berekraftig og klimavenleg måte. Samtidig med at matproduksjonen må bli meir klimavenleg, må andre sektorar ta større del av klimakutta.

 

Utviklingsland må få hjelp til å bygge opp ein berekraftig matproduksjon. Verdas rikaste land, samla i G8, vedtok i sommar å auke løyvingane til landbruksbistanden kraftig. Det må også Noreg gjere.

 

25 % av verdas matproduksjon kan gå tapt dette århundret som følgje av klimaendringar, vassmangel, plantesjukdommar og utarming av jord.  Difor må alle land, også Noreg, bidra til auka matproduksjon. Vi må verne om jord eigna for matproduksjon og kunnskapen om korleis maten blir produsert. Noreg kan ikkje basere sitt forbruk på import frå land som treng maten sjølv. Internasjonale handelsreglar må gi rom for auka matproduksjon. Alle land har rett til eigen matproduksjon.

 

Under klimaforhandlingane i Kyoto vart landbruket gløymt. Det kan vi ikkje la skje igjen. Mat må på dagsordenen under klimaforhandlingane i København og inkluderast i arbeidet etter toppmøtet. Vi må sjå matkrisa i saman med klimakrisa. Løyser me ikkje desse to i lag, løyser me ikkje nokon av dei.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut