![]() Frå Flakstad i Lofoten |
[08.01.10 10:58] - Vi meiner at Lofoten/Vesterålen ikkje skal opnast for petroleumsverksemd. Med vårt standpunkt er det ikkje naturleg å gå i gang med ei konsekvensutredning, sa Senterpartileiar Liv Signe Navarsete i sin tale til landsmøtet i Natur og Ungdom.
Tale til Natur & Ungdoms landsmøte 7. januar 2010
- av Senterpartileiar Liv Signe Navarsete
Fyrst, takk for at eg får kome hit i dag, eg er spent på miljøgrillen dykkar, og eg veit at eg får gode spørsmål slik at eg kan få snakke både om den gode miljøpolitikken til Senterpartiet og de måla som regjeringa har satt for miljø- klima- og energipolitikken i landet vårt! Eg seier det slik, for disse områda henger saman når ein ser på utfordringane verda står ovanfor.
Eg vil byrja med skryt av organisasjonen dykkar. Det er viktig at me har miljøorganisasjonar som har aktive medlemmar i heile landet og som lyttar til meiningar som grasrota har. Eg meiner medlemsorganisasjonar med ei sterk grasrot har ein annan verdi enn miljøorganisasjonar som er filialar av store internasjonale miljøkonsern. I tillegg set eg pris på at vi begge er positive til fornybar energi. De har skjønt at meir fornybar energi og ein omlegging til eit fornybart samfunn krev fleire vindmøller og meir utbygging av vannkraft – sjølv om detta inneber naturinngrep.
Det var mange av oss som var spente før jul, då forhandlingane i København starta.
Verda treng ei god og forpliktande avtale om å redusere klimagassutsleppa – det fekk vi ikkje i denne omgong. Men no skal vi stå på fram til Mexico-møtet – her må verdssamfunnet og leiarane ta ansvar!
Vi må vere budd på å påleggje enkeltpersonar, kommunar og bedrifter krav og restriksjonar for å få utsleppa ned. Ikkje minst må vi gjera noko på forbrukssida. Det er ikkje berekraftig at vi i Noreg og den rike delen av verda skal forbruke og kaste så mykje. I Sp tilhøyrer vi ikkje dei som trur at alt kan løysast med å kjøpe ”avlat” i form av klimakvoter. Vi har eit moralsk ansvar for å kutte utsleppa sjølve!! Senterpartiet har vilje og mot til å legge om utviklinga slik at Noreg blir eit lågutsleppsamfunn. Då må det sterkare lut til i åra som kjem.
Situasjonen i verda er prega av mistillit mellom dei rike og dei fattige landa når det gjeld klimaarbeidet. Noreg sitt utgangspunkt må vere å byggje bru - og dempe den mistilliten. Då må vi vise vilje til å ta grep på heimebane for å få utsleppa ned!! Toneangivande land som vil noko, kan ikkje skulde på at ein kom til kort i København. Likesinna land bør handle. Alle veit kva som må til, og da kan ein ikkje slå seg til ro med å vente på global konsensus. Me må vise at vi gjer jobben sjølv, dernest vise vilje til å bidra for å få ned utsleppa i den fattige delen av verda, slik vi mellom anna gjer med regnskogfondet.
Å få utsleppa ned handlar om både mindre og større ting. Alt frå at den einskilde av oss går eller syklar til jobb der kor avstandane ikkje er store, til å byggja opp ladestasjoner for el-bil til store utviklingsprosjekt som på Mongstad for å kutte CO2-utslepp frå fossilt brennstoff. Å få utsleppa ned handlar mellom anna om å få fram fornybar energi, elektrifisering av transportsektoren, energieffektivisering og omstilling i næringslivet. Eg meiner vi skal fokusere meir på kva fantastiske moglegheiter det gir å vere tidleg ute og ta dei kutta som alle land etter kvart må ta. Slik kan vi gjere vår industri konkurransedyktig, få fram ny teknologi og energieffektive løysingar. Slik kan vi skape grøne arbeidsplassar.
Om lag halvparten av dei landbaserte klimagassutsleppa i Noreg er knytt til kommunane. At kommunane er engasjerte og har verktøy og kunnskap til å kutte utslepp er difor særs viktig. Innan 1. juli skal alle kommunane ha ein energi – og miljøplan – og det kjem eg til å passa på! Kommunane vil – og må spele ei viktig rolle i klimadugnaden dei neste åra. Vegen frå internasjonale avtalar i København til kommuneplanar i Lærdal og Hasvik må bli kort. Og her speler de i N&U ein viktig rolle – de kan vere pådrivarar for å få kommunane til å setje seg ambisiøse mål og lage konkrete handlingsplanar for klimagasskutt. Eg som kommunal- og regionalminister skal gjere det eg kan.
Vi treng at de dyttar på for ein offensiv klimapolitikk! Dykk har makt til å påverka – bruk den! Så kan med saman få til ei klimamelding som er så ambisiøs som det verda treng. Senterpartiet har bidrege i regjering til ei satsing på fornybar energi, frå 2006 til og med 2009 har ein satt av 5,3 mrd kroner til satsing bare gjennom Enova, for 2010 har regjeringa bevilga 1,8 mrd kroner. Noregs fyrste vindmølle til havs er åpna og Norges fyrste saltvannskraftverk er i gong. Vi skal få til overgangen til fornybar-samfunnet. I Senterpartiet vil vi meir. Landsmøte har satt eit mål på 20TwH vind, 10 Twh vatn og 14 Twh Bio innan 2020 – samtidig som vi skal halde fram satsinga på energisparing og energieffektivisering. Eg er allereie i gong med å få energibruken i bygg ned – det vil bli stild stadig strengare krav til energibruk i bygg og innan 2020 skal det vere ein passivhusstandard. Slik skal me frigjøre straum som kan brukes blant anna til å elektrifisere transportsektoren og sokkelen.
Vi må sjå klimakrisa i samanheng med matkrisa. Koplinga mellom den globale matkrisa og klimakrisa vert stadig tydelegare. FNs klimapanel ventar mellom anna at det afrikanske jordbruket vil bli svekka fordi temperaturauke gjer store landbruksområde uegna til å produsere mat. Andre områder vil få kortare vekstsesong og redusert produksjon. Behovet for jordbruksareal er dessutan ein hovudårsak til den omfattande avskoginga i mange deler av verda. Avskoging står for 20 prosent av dei globale utsleppa av CO2. Så behovet for mat fører altså i seg sjølv til klimaproblem. Eg opplever at Sp og N&U begge klarar å ha to tankar i hovudet på ein gong – vi har begge forstått at det ikkje er noko anten eller - vi må både produsere mat og få klimautsleppa ned. I detta ligg det også å kjempa for jordvern, matjorda er lite verdt om det ligg asfalt eller byggjast kjøpesenter oppå den!
Ei anna stor sak kor vi står skulder ved skulder er oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen. Sp sitt standpunkt er klokkeklart. Vi meiner desse områdene ikkje skal opnast for petroleumsverksemd. Det er viktige gyte - og oppvekstområder og fisken må ha forkøyrsrett. Det er vårt føre vàr prinsipp. Med vårt standpunkt er det ikkje naturleg å gå i gang med ei konsekvensutredning. I SM2 står det at ei avgjerd om ei evt konsekvensutredning skal takast i samband med revideringa av forvaltningsplanen. Dette er ein viktig verdikamp – og vi må vinna den!
Men det kjem til å bli tøffe tak. Eg registrerar retorikken frå nokon av motstandarane våre. I den alvorlige klimasituasjonen me er i meiner eg det er betenkeleg at til dømes Statoil brukar så mykje ressursar og tøff retorikk på å få opna Lofoten for oljeverksemd. Dette er minste motstands veg og gamaldags tenking.
Men med Sp i regjering kan fisken vere trygg! Saman skal vi vinna denne kampen!
Til Ingeborg vil eg seie at du er ei dame med bein i nasen. Irriterande flink! Eg har stor respekt for deg. Eg veit ikkje om eg har heile regjeringa med meg – men eg vil i alle fall seie; tusen takk for den store innsatsen du har gjort for klima og miljø. Du og laget ditt har satt spor – og fleire vil det bli. Så gler vi oss til å bli kjend med den nye leiaren.
Takk for meg så langt, så gler eg meg til å høyre spørsmåla frå dykk!