Referat frå styremøte, 13.01.10 på Smith`n - kl. 19.30
Til stades :
Ingvild Taule, Solfrid B. Smith, Ivar Soltveit, Arvid Taule, Silje Namtved, Kjersti Haugland,
Laila Pletten og Torunn Tolleshaug Hovden
Sak 1. Studiering
Kjersti gjekk gjennom aktuelle ”ferdige” tema for studiering. Me kan òg velja å heller ta utgangspunkt i eit sjølv-vald tema. Det siste fanga størst interesse. Styret drøfta tilbod til uorganisert ungdom i kommunen som eit aktuelt tema for studiering, med fokus på Ungdommens hus – og fekk fram mange aktuelle innspel her.
Sak 2. Seinsommartreff
Arvid orienterte. Det er enno ikkje er avklart om SP sitt seinsommartreff kan samkjørast med det tradisjonelle seinsommartreffet i Nøtlevågen.
Styret diskuterte vidare innspel om å leiga ”Bruvik” og ha seinsommartreffet her.
Arild Sætre og Karsten Stene kan vera aktuelle bidragsytarar å få med på treffet. Styret ønskjer at det vert arbeidd vidare med ”Bruvik”-alternativet.
Sak 3. Innspel til fylkestingsvalet
Her ønskjer styret å få Jarle Helland inn som kandidat.
Sak 4. Fylkesårsmøtet. Saker ein vil ta opp?
Styret hadde ingen saker klare som ein ønskte ta opp på Fylkesårsmøtet.
Invild Taule vil ha innslag til underhaldning på årsmøtet i tillegg vil ein spørja Lydia Tjore. Vil spørja Kjersti Toppe om å ta på seg oppgåva å takka for maten.
Sak 5. Eventuelt.
Silje informerte om at Monika no hadde fått ansvar for å leggja ut aktuelt stoff på heimesida.
Neste møte vart sett til Onsdag 24. februar kl. 19.30
Tolleshaug, januar 2010
Torunn Tolleshaug Hovden
skrivar