[05.02.10 21:57] Senterpartiet kjempar fortsatt kampen for å få eit ungdomshus sentralt på Manger. Diverre har ein ikkje fleirtal for å bygge til den pris som ein har fått på prosjektet no. Formannskapsmedlemmane i Sp fekk fullmakt frå gruppemøtet - til å stemme ned forslaget frå rådmannen, og for forslag om å bygge Ungdomens hus til 4,2 mill.
Diverre var det ingen andre parti i formannskapet som ønskja det same. Dermed vart det nest best å stemme for forslaget, som medfører ein ny anbodsrunde.
Senterpartiet har eit sterkt håp om at prisen kan reduserast, og dermed gje oss betre sjansar til å få huset realisert.
Stikkordord som er viktig for vårt parti:
- ungdom treng ein fysisk møteplass i sentrum av kommunen
- møteplassen må vere sentralt plassert i høve andre aktiviteter som ungdomen deltek i
- ungdommane skal innreide og planlegge aktivitetar sjølv.
- vaksne skal vere tilstades.
- ønskjer å trekke med kompetansen som fins på kyrkjekontoret og lensmannskontoret i haldningsskapande arbeid.
- eit tilbod for alle ungdomar uavhengig av om ein er organisert eller ikkje.
- dette er forebyggande arbeid - om me hindrar ein ungdom å få livet øydelagt av t.d. rus er huset er nedbetalt.
- Positive opplevingar i ungdomstida medfører stor sjans for at ein vert buande eller flyttar tilbake etter studietida.