![]() |
[11.02.10 10:46] Eit svært høgt prioritert prosjekt, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
Svar på spørsmål frå Venstres Borghild Tenden i Stortinget onsdag 10. februar 2010:
Så snart som mogleg
Eg er oppteken av å realisera nytt dobbeltspor Oslo–Ski så snart som mogleg. Det nye dobbeltsporet er eit av dei største jernbaneprosjekta i nyare tid, og mange spørsmål må greiast ut før prosjektet er byggjeklart. Prosjektet vil gje store effektar for togtrafikken både lokalt, regionalt og mot utlandet. Det nye dobbeltsporet vil gje store positive effektar, men i byggjeperioden kan eit så stort anlegg potensielt òg ha negative konsekvensar for menneske, natur og miljø.
Samferdselsdepartementet er oppteke av at Jernbaneverket skal sikra ein føreseieleg byggjeperiode med kontroll over kostnader, framdrift og konsekvensar for omgjevnadene.
Grundige grunnundersøkingar
Prosjektet nytt dobbeltspor Oslo–Ski er i Nasjonal transportplan 2010–2019 planlagt gjennomført med oppstart i 2013–2014 og med ferdigstilling i 2018–2019. Prosjektet vil bli finansiert over ein eigen post skilt frå dei andre jernbaneprosjekta på statsbudsjettet, kap. 1350, post 30, Investeringar i lina.
Det er lagt opp til ein byggjeperiode på fem–seks år, noko som er anleggsmessig rasjonelt for eit prosjekt i denne storleiken. For å sikra ein forsvarleg og demokratisk planprosess er det behov for ytterlegare tre–fire år med planlegging før anleggsarbeidet kan starta. Blant anna er det svært viktig å gjennomføra grundige grunnundersøkingar, slik at ein ikkje støyter på unødige overraskingar undervegs.
Svært høgt prioritert
Den nye togstrekninga har høg tunnelandel, og det er viktig at ein vel riktig drivemetode, profil og trasering. God planlegging er svært sentralt for å lukkast. Det er nok av eksempel på tunellprosjekt som er blitt sett i gong for tidleg. I tillegg vil innføringa mot Oslo S bli utfordrande både plan- og gjennomføringsmessig, bl.a. i høve til kultur- og fornminne.
Nytt dobbeltspor Oslo–Ski er eit svært høgt prioritert prosjekt. Ut frå dei opplysningar Samferdselsdepartementet har i dag, kan eg ikkje sjå at det er forsvarleg eller at det er grunnlag for å forsera prosjektet ut over det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2010–2019.
Eg har no registrert rapporten som er lagd fram av NHO. Eg kjem til å sjå veldig nøye på han og ha eit eige møte om grunnlaget for han, for eg ynskjer at dobbeltsporet Oslo–Ski skal ha så rask framdrift som mogleg.