Til forsiden
Du er her: Fylkeslag  / Aust-Agder 


Kristen Bjormyr
Kristen Bjormyr reagerer på nei til utbygging på Moisund:

Folk må få lov til å ut å pisse på hjørnet

[11.02.10 11:22] EVJE OG HORNNES: - Mange set pris på kvalitetane ved eit liv i utkanten. Då må dei også få lov å bu der, seier Kristen Bjormyr, fylkesleiar i Senterpartiet i Aust-Agder.

Han reagerer sterkt på at Fylkesmannen i Aust-Agder seier nei til bustadfelt i bygda Moisund, fem kilometer sør for Evje sentrum. Grunngjevinga er at utbygginga vil føre til meir pendling og dermed meir forureining.

Bjormyr skjønar at fylkesmannen tek slike omsyn, men meiner den positive sida ved eit liv på stader som Moisund bør telle tyngre.

- Eg må seie at eg misunner dei som kan la ungane vekse opp på slike stader. Å bu i ein by kan fort bli ei tvangstrøye. Der kan du ikkje akkurat gå ut og pisse på hjørnet, seier Bjormyr

Les mer på nettutgaven til Fædrelandsvennen


Tips en venn

Skriv ut Skriv ut