Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Rogaland  / Stavanger 


Bjarne Kvadsheim, Gruppeleiar i Senterpartiet:

Samling av sentrumspartia

[23.02.10 05:57] Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre har etter stortingsvalet i 2001 stått på kvar si side i norsk politikk. Dette har dessverre ført til at alle sentrumspartia har hatt tilbakegang. Skal trenden endrast må sentrum samlast og igjen bli ei sterk politisk kraft.


Det var på Senterpartiet i Stavanger sin 50- års jubileumsfest, fredag 5. februar, at stortingsrepresentant Ola Borten Moe (Sp) tok til orde for at føresetnadane for eit samla og sterkt sentrum no er betre enn det, det har vore dei siste 10 åra. Borten Moe tok sterkt til orde for at sentrum må gjenreisast som ei sjølvstendig og sterk kraft i norsk politikk. Borten Moe la og vekt på at Senterpartiet som det største av sentrumspartia må gå i bresjen for ei slik samling.

Tradisjonelt har sentrumspartia, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre stått saman i norsk politikk. Partia har saman delteke i fleire regjeringar som til dømes Borten (Sp) – regjeringa (Sp, H, KrF og V) frå 1965 til 1971, Korvald (KrF) – regjeringa (KrF, Sp og V) frå 1972 til 1973, Willoch (H) – regjeringa (H, KrF og Sp) frå 1983 til 1986 og ikkje minst Bondevik (KrF) 1- si sentrumsregjering (KrF, Sp og V) frå 1997 til 2000. Etter valet i 2001 valde Kristeleg Folkeparti og Venstre eit samarbeid med Høgre. Denne mindretalsregjeringa blei avhengig av støtte frå FrP for å få gjennom sakene sine i Stortinget. Sentrumsverdiane kom dermed i skis og ein konsekvens av dette blei at denne regjeringa i ettertid blir rekna som ei av dei minst populære regjeringane vi har hatt. For å få eit alternativ til denne regjeringa, søkte Senterpartiet i 2005 regjeringssamarbeid saman med Ap og SV. Denne regjeringa fekk reint fleirtal ved stortingsvalet i 2005 og gjentok dette resultatet i 2009. I seg sjølv er det nesten historisk at ei regjering klarer å halda fleirtalet i Stortinget frå eit val til eit anna. Sist gong det skjedde var i 1969, då regjeringa Borten (Sp) klarte å halda på fleirtalet.

Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er alle ulike parti som har fokus på ulike saker. Ein skulle vel eigentleg rekna med at partia utveksla veljarar seg i mellom, men bakgrunnsmateriale frå ulike val tyder lite på at så skjer. Dermed er resultatet av at eit av partia taper oppslutnad, at sentrum i norsk politikk som ei politisk kraft blir svekka. I Noreg har sentrumspartia med sin unike posisjon i sentrum kunna spela ei svært viktig rolle. Som ei uavhengig blokk har sentrum kunna samarbeidd både med partia på høgre- og venstresida. Dette har ført til at vi i Noreg blant anna har hatt stor fokus på blant anna på ein god distriktspolitikk og det å oppretthalda busetnaden i alle kommunane. Små og mellomstore bedrifter har tradisjonelt stått sterkt i sentrumspartia. I tillegg har frivilligheit, idrett, lagsarbeid og det eg vil kalla motstraumstankar har hatt gode kår. Dette har igjen ført til at sentrumspartia har hatt stor legitimitet i befolkninga. Eit klart bevis på dette siste, var at Bondevik 1- regjeringa (KrF, Sp og V) frå 1997 til 2000 som hadde ei svak parlamentarisk plattform i Stortinget med berre 42 representantar, likevel framstod som svært populær blant folk flest.

Når sentrumsverdiane kjem i skvis som tilfellet var under regjeringa Bondevik 2 (H, KrF og V), mistar sentrum truverd og dermed også veljargrunnlaget sitt. 

Etter utspelt til Borten Moe har både parlamentarisk leiar i KrF, Dagfinn Høybråten og parlamentarisk leiar i Venstre, Trine Skei Grande omfamna dette. Det har no gått 9 år sidan brotet i 2001 og det sit no nye krefter i leiinga i alle dei tre partia. Dette bør føra til at sentrumspartia igjen byrjar å sondera ut om framtidig samarbeid er mogleg att.

Senterpartiet har gjort sitt politiske val for perioden 2009 til 2013. Dette bør likevel ikkje vera til hinder for at dei tre partia står saman i saker der ein kan få gjennomslag for god sentrumspolitikk. Stortingsrepresentant Bent Høie (H) sa til Stavanger Aftenblad at det er god rom for borgarleg sentrumspolitikk. Høie definerar sentrum som at sentrum kun høyrer til på borgarleg side. Akkurat på dette punktet er det at Høie tek feil. Sentrum må aldri låsa seg til ei av dei andre blokkene i norsk politikk. Det er kun når sentrum står samla og som ei eiga kraft, at sentrum kan vera med å trekkja samfunnsutviklinga i ei retning som det store fleirtalet av det norske folk ser på som god og ynskjeleg. Det er heller ikkje slik at ei samling av sentrum kun kan skje ved at Kristeleg Folkeparti og Venstre blir ein del av det raud-grøne samarbeidet. Slik den politiske situasjonen er no, så har Senterpartiet gjort eit rett val. Sentrumsverdiane har lite til felles med FrP sine uforutsigbare og populistiske standpunkt. Det er ikkje tvil om at Senterpartiet gjennom si regjeringsdeltaking med Ap og SV har hatt stor gjennomslag for sine saker og dermed også for viktige saker for sentrumspartia. Likevel må ein sjå utviklinga over tid. I så måte har sentrum sine verdiar hatt størst gjennomslag når sentrum har stått samla.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut