![]() |
[03.03.10 10:10] Barnehagen har ei viktig rolle i samfunnet, seier Jenny Klinge.
Innlegg i Stortinget tysdag 2. mars 2010:
Barnehagens eigenart
Senterpartiet er oppteke av at vi skal bevare barnehagens eigenart, og at det er leik, omsorg og tryggleik som skal stå i sentrum. Det er viktig at vi ser heile ungen, og at aktivitet og læring skjer på ungen sine premissar. Denne eigenarten er framheva av mange, og står i motsetning til fokuset på testing og rangering som vi kan sjå teikn til andre plassar. Derfor er eg overraska over at det blir påstått at vi no beveger oss bort frå barnehagens eigenart, og mot ein rangeringskultur i barnehagen. Dette bidreg til å spreie ei misoppfatning av kva kvalitet i barnehagen går ut på.
Heve kvaliteteten
Vi foreslår ikkje å innføre obligatorisk språktesting av alle ungar i barnehagen. Det vi foreslår, er å gjere det obligatorisk å gje eit tilbod om kartlegging av barnets språk ved tre års alder i barnehagen, sjølvsagt underforstått at foreldra har gjeve sitt samtykkje. Det betyr at alle ungar skal ha like moglegheiter til å få den hjelpa dei treng.
Ei kartlegging vil bli gjord gjennom å observere ungen i kvardagsaktivitet og leik, det vil ikkje bli ein test der ein rangerer ungane. For å få eit godt bilete av ungane sitt språk og forståing er det viktig at det nettopp skjer i ein naturleg situasjon som ungane kjenner seg igjen i.
Veldig mange kommunar har ei form for kartlegging i dag. Eg trur at ein skikkeleg gjennomgang av korleis denne kartlegginga skal gå føre seg, vil heve kvaliteten og vere med på å hindre den testkulturen vi ikkje ønskjer oss.
Samarbeid med heimen
92 pst. av kommunane svarer at språket til ungane blir kartlagt i deira barnehagar. Vi vil sikre at kartleggingsverktøya som blir brukte, har nødvendig kvalitet gjennom fagleg vurdering og rettleiingsmateriell. Kompetansen og det faglege skjønnet til pedagogen er avgjerande for at verktøya blir brukte med klokskap og i tråd med regelverket. Vi kan ikkje ha ein situasjon der personale utan tilstrekkeleg kompetanse bruker enkle og kjappe verktøy for å kategorisere ungane. Vi vurderer derfor også å stille krav til personalet sin kompetanse og om at kommunane hjelper barnehagar som manglar tilstrekkeleg kompetanse.
Eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet føreset eit godt og tillitsfullt samarbeid mellom barnehage og heim. Jo yngre ungane er, desto viktigare er det for både ungane og foreldra at personalet har tid til dagleg kontakt og dialog om trivselen og erfaringane til barna. Mange foreldre ønskjer meir medverknad i barnehagen. Foreldre har rett til medverknad, og leiinga i barnehagen har ansvar for å invitere foreldre til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av innhaldet i barnehagen.
Høg kvalitet for alle
Eit godt barnehagetilbod må sikrast uavhengig av om ein går i ein privat eller offentleg barnehage, om det er store eller små barnehagar, gamle eller nye. Lovfesting av likeverdig behandling av godkjende barnehagar vil bidra til å forhindre at det utviklar seg kvalitetsforskjellar mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.
Med denne stortingsmeldinga tydeleggjer Regjeringa ambisjonane om å sikre et barnehagetilbod av høg kvalitet til alle. Det store fleirtalet av ungane i alderen eit til fem år bruker mykje tid i barnehagen. Barnehagen har derfor ein viktig rolle i samfunnet og eit stor medansvar for at ungane får ein trygg og god oppvekst og eit grunnlag for eit godt liv.