Til forsiden
Du er her: Politikere  / Liv Signe 

Frå 13. mars -09, dagen regjeringa la fram NTP
Frå 13. mars -09, dagen regjeringa la fram NTP
Navarsete:

Ingen kutt i Nasjonal transportplan

[05.03.10 19:21] Senterpartileder Liv Signe Navarsete slo i sin tale til årsmøtet i Sogn og Fjordane Sp fast at Nasjonal transportplan (NTP) skal følges opp slik den ble vedtatt av Stortinget 11. juni i fjor.


Senterpartileiar Liv Signe Navarsete:

Innlegg på årsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti 5. mars 2010.

 

·        Gode vener i Sogn og FJ Sp!  Gratulerer med tidenes stortingsvalresultat!  Gratulerer med at de mobiliserte, jobba og stod på og ikkje berre sikra vårt stortingsmandat, men også stemmer som sikra at me fekk mandat i andre fylke.

 

·        Gratulerer med Knut som ny generalsekretær. Tilsett etter ein gr undig prosess der han danka ut andre – ikkje fordi han kjem frå Sogn og Fjordane – men fordi han var den best kvalifiserte. Det blir bra!

 

·        Hjarteleg takk for at du kvar einaste dag er med på å forandre Noreg! Ja, du har kanskje ikkje tenkt over det? Ved valet i fjor haust var det 165.005 personar som tok røystesetelen til Senterpartiet og putta den ned i urna. Rundt omkring i heile dette landet er det altså over 165.000 personar som har trua på at vi skal levere meir Sp-politikk.

·        Me fortset i regjering, og har like mange stortingsrepresentantar. Som veslesyster i regjering er eg svært nøgd med det. Eit heilt anna resultat enn våre vener i Krf og Venstre, som valde Høgre-regjering og som har fått sin dom frå veljarane for det.

·        Me skal vere nøgde med resultatet fr å valet og det me har oppnådd i regjering desse åra samstundes som me ynskjer å kome oss vidare! Eg vil nytta høve til å takke alle dykk som bidrog i valkampen, og som står på for partiet og våre verdiar kvar på dykkar plass.

 

 

Struktur – inkludert sjukehus og samhandling

·        Me går inn i tøffare økonomiske tider. Stadig fleire sleng seg med koret som ropar at me må tilbake til handlingsregelen og 4 % - bane i bruken av oljepengar. Det er eg einig i, men det er ikkje konkludert på når det bør skje – (sjølv om ein får inntrykk av det når ein høyrer Arbeidepartiets kutteskole.)

·        Det viktige er at me held kontroll på rente og kronekurs slik at me ikkje på nytt må oppleve industridød og tap av viktige arbeidsplassar. Senterpartiet tek ansvar – me har stilt opp i dei tronge finanskrisetider og me skal stille opp og sikre økonomien i tider som er krevjande for det konkurranseutsette næringlivet.

·        Me i Senterpartiet skal også vera ei vaktbikkje i meir økonomisk tronge tider. Stukturar som er bygd opp over tid står under press – det kan me ikkje akseptera. Me veit at det tek mykje lenger tid å byggje opp att strukturar som med enkle grep kan rivast ned. 

·        Eg vil nytte høve til å sitera frå Soria Moria 2: Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus. Dette kan innebere at somme sjukehus skal gjere andre oppgåver enn i dag, blant anna sett i samanheng med samhandlingsreforma. I dette arbeidet blir det lagt til grunn at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast. Det vil blant anna sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, sjølv om slike tilbod ikkje blir gjevne ved alle sjukehus. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

·        Det er Senterpartiet ei vaktbikkje før. Ei anna sak vi skal vera vaktbikkje før er samhandlingsreformen. Eg er overtydd om at framtidas helsevesen må ha meir desentralisering og meir førebygging om velferdsstaten skal vera berekraftig. Eg har slått fast at 20 % finansiering modell ikkje er aktuelt – eg meiner at kommunane kun skal ha medfinansieringsansvar for det dei sjølve har innverknad på. Enten gjennom å førebygge eller gjennom å yte tenestene sjølve.

·        Men no etter som debatten går registrerer eg at det er stor forskjell på korleis politiske signal vert oppfatta utover i landet.

 

·         I april 2009 tilsette sjukehuset Telemark ein eigen samhandlingssjef med klar oppgåve å hjelpe til med å utvikle samhandling gjennom et likeverdig samarbeid mellom sjukehuset og Skien og Porsgrunn kommuner. I februar åpna min kollega i helse- og omsorgsdepartementet eit konkret resultat av dette: SAMBA. Her har dei to kommunane og sjukehuset gått saman for å tilby tverrfagleg og heilskapleg omsorg for sterkt funksjonshemma barn- og pårørande.

 

·        Flott tenker eg. Her får ein til eit samarbeid mellom sjukehuset og dei to største kommunane. Men det stoppar ikkje der. Eg var i Bø på tysdag og besøkte helsehuset. Der fekk eg informasjon om eit pilotprosjekt for pasientar med kols, diabetes og hjertesvik som dei tre kommunane i Midt-Telemark har saman med sjukehuset Telemark – eg fekk oververa seansen når dei underskreiv avtala der og FFO var ein part som representera brukarorganisasjonane.

 

·        Sjukehuset Telemark har planar om samarbeidsavtaler med alle kommuner/regioner slik at en får til eit betre tilbod for pasientane – og ein forbur seg på samhandlingsreforma. Eg må seie: Kunne ein bare sjå ei slik vilje til samarbeid her i fylket!

 

·        La meg sitera ein gong til frå Soria Moria 2: oppretthalde ein desentralisert politistruktur, styrkje lensmannskontora, og ha fleire politipostar og mindre administrasjon ved ei ny organisering i politidistrikta for å få eit meir synleg og tilgjengeleg politi

 

·        Me i Senterpartiet er klare på at ein styrkjer ikkje lensmannskontora ved å leggje dei ned, ein opprettheld ikkje ein desentralisert politistruktur om ein legg ned alle kontora, ein får ikkje meir og synlegare politi ved at lensmannskontora ikkje er det lengre.

 

·        Politiet er viktige for folk sin tryggleik.

 

·         Lokal forankring, kunnskap og oversikt, er naudsynt for at politiet skal kunne vere ein medspelar med andre offentlege etatar og drive eit framtidsretta forebyggjande arbeid

 

·        Senterpartiet står på kravet om at tjenestetilbud skal oppretthaldas i distrikta!! Politi, skular og sjukehus må vera der folk bur, det skal me syta før!

 

Motmakt

·        Meir enn fire år som statsråd har gjort meg overtydd om at det er vel mykje makt samla i hovudstaden. Her finst også haldningar til resten av Noreg som me ikkje kan oversjå. Ikkje minst i media.

·        Når me kjempar lokalt for dei strukturane me ynskjer å behalde må ein ta med seg den strukturmakta ein møter i Oslo-området. Politikk, media, finanssektoren, - mykje maktsentra har samla seg i hovudstaden.

 

·        Mitt svar på dette er mellom anna å høyre kva dei som bur andre stader i landet meiner. Difor har eg invitert til møte i Bodø, Bergen, Gjøvik, Bø og Trondheim. Og eg har planar om ein avsluttande debatt i Oslo kor dei som er kritiske til debatten me har dratt opp og skal få kome til orde.  Eg ser fram til det!

·        Med den positive trenden ein nå ser i folketalet mange steder, ikkje minst er det gledeleg og at mindre kommunar veks er det endå viktigare at me lyfter disse debattane og byggjer oppunder den positive trenden! Noe anna me skal byggja er infrastruktur.

 

Samferdsel – NTP

·        Regjeringa har sett i gong eit viktig og omfattande arbeid for å få ned sjukefråveret.  Det er viktig både for den enkelte og samfunnet at folk får brukt sine evner og si arbeidskraft.

·       Men friske folk må også kome seg på arbeid til rett tid. Situasjonendenne vinteren, ikkje minst i Oslo-området, viser at det krafttaket som vart foreslått i Nasjonal Transportplan for å ruste opp togtilbodet, er heilt naudsynt.  Det er viktig at heile landet stiller opp bak denne store togsatsinga.  Det er også viktig at dei som produserer varer får dei fram til marknaden til rett tid.  Derfor må også satsinga på vegutbygging, vedvedlikehald, rassikring og trafikktryggleik i Nasjonal  Transportplan følgjast opp. Det er viktig at heile landet stiller opp bak denne store vegsatsinga.  Arbeidet for å bygge landet er ein viktig pilar i det raud-grøne samarbeidet. Det har ikkje skjedd noko etter at eg som samferdselsminister la fram Nasjonal Transportplan som tilsier at ambisjonsnivået for tog og veibygging skal reduserast.  Snarare tvertimot! 

·        Eg registrerar at nokon av våre vener i Ap snakkar i sine lønkammer om å kutte i Nasjonal Transportplan. Det overraskar meg at nokon tenkjer i dei baner. Vel måtte vi kjempa fram kronene til NTP, men vi er tre partileiarar som har stått saman og lova at planen skal følgjast opp.

·         NTP skal fylgjast opp, det som vart vedteke av Stortinget 11. juni skal gjennomførast.

·        Dei store utfordringane vi har hatt på veg- og jernbanenettet det siste året, syner at vi ikkje på nytt må nedprioritere arbeidet med planen som fleire storting og regjeringar har gjort dei siste åra.

 

·        Investeringar i veg og jernbane er ei investering som er lønsam, og som på sikt sparar samfunnet for store pengar. Vi i Senterpartiet legg til grunn ei «føre var»-haldning i det vidare arbeidet med å nå dei mål vi har sett om færre trafikkskadde, fleire tryggingstiltak og lettare framkomme for passasjerar og gods.

 

·        Senterpartiet har store ambisjonar på vegner av både jernbana og vegane i Noreg. I dei mest folketette områda er jernbana viktig. Når arbeidet med ein ny nasjonal transportplan frå 2014 no har starta, må Nasjonal Transportplan 2010-2019 vere grunnpilaren i arbeidet – og transportplanen frå 2014 må leggje ytterlegare rammer for gjennomføring av fleire og store investeringar for jernbane, veg og sjøvegen.

 

·        Gode kommunikasjonar og ein tenleg infrastruktur er ein vesentleg føresetnad for kvart framtidsretta samfunn. LO, NHO, andre arbeidsgivarar og arbeidstakarorganisasjonar innafor transportsektoren, jubla då transportplanen kom. Regjeringa har skapt håp om at det vil investerast pengar i store nye veg- og baneprosjekt over heile landet dei neste fire åra.

 

·        Vi skal ikkje spara oss til fant. Det er no vi må investere i framtida – vi må ha infrastruktur og leggje til rette for næringsutvikling og verdiskaping. Noko anna vil vere molbopolitikk.

 

·        Regjeringas ord og planar må og skal følgjast av handling.

 

Landbruk

·        Eit anna politikkområde kor struktur har blitt ein debatt er innafor landbrukspolitikken. Eg ser med bekymring på den utviklinga me ser mellom anna på antall mjølkebruk.

·        Men ein ting det ikkje skal vera tvil om: Senterpartiet er det einaste partiet ein kan stola 100 % på i landbrukspolitikken i detta landet. Om ein ikkje tel med FrP då, med deira politikk kan ein 100 % stola på at distriktslandbruket vert rasert.

 

·        Det har merkast på landbrukssektoren at Senterpartiet har vore i regjering i 4 år,  Det er viktig å hugsa at me med knallhard jobbing har drege Arbeiderpartiet og SV politisk mot sentrum når det gjeld satsinga på landbruket.

 

·        Alle som vil ha eit aktivt landbruk i heile landet og gode landbruksoppgjer må vere aktive og stå på for å påverke Oslo-makta.  Sp treng mange og aktive støttespelarar i arbeidet for å sikre nasjonalt matprodusjon og sjølvberging.  Dei grovforbaserte produksjonane skal styrkast.  Ingen må sitje med hendene i fanget eller tru det er Sp det står på.  Me er på lag med alle gode krefter som vil ha gode kår for dei som dyrkar jorda og produserer mat.

 

 

Gratisferje Solund

·        I løpet av denne månaden vil ein milepæl settast i gong her i Sogn og Fjordane. Gratisferje i Solund.

 

·        Det betyr noko for kvar enkelt i Ytre  Solund. For den skuleeleven som reiser heim til vener og familie i helgene. For dei som pendlar til arbeid både til og frå, og for besøkande til denne røffe men vakre kommunen mot storhavet. Og det betyr noko for kommunen, ikkje sant Gunn, at utgifter vert redusert både for kommunen og folk og næringsliv i Solund.

 

·        Dette hadde aldri skjedd viss ikkje Senterpartiet hadde vore i regjering. Eg kan ikkje nett skryta på meg drahjelp i denne saka ;-).

 

·        Min jobb som distrikts- og regionalminister er å sikre like levekår i heile landet, og at folk kan busetja seg der dei ønskjer. Forsøk med gratisferje vert sett i gang fordi vi sjå kva effekt det har for nettopp busetnad og næringsliv.

 

·        Eg er spent på å sjå korleis erfaringane frå Solund blir. Eg gler meg til første gratis avgang!

Stikkord kommune;

·        Kommunane som samfunnsutviklarar og næringskommunar!

·        Kommuneøkonomien!

·        Det positive som skjer i kommunane – omdømme!

·        Entreprenørskap – 13 mill til høgskulesektoren.

 

Avslutning

·        Det kjem til å bli tøffe tak framover. Vi vil mykje i Senterpartiet. Utfordringane er knytta til visjonane i det raudgrøne samarbeid, og gjennomslag for våre viktige saker.

·        Vi skal sikre kommunane gode nok rammer til å gi innbyggjarane gode tilbod, vi må sikre ei fortsatt god inntektsutvikling i jordbruket og vi treng å få på plass offensive grep i den nasjonale klimapolitikken.

·        Vi skal kjempe mot at datalagringsdirektivet blir innførd – vi kan ikkje akseptera eit ”storebror-ser-deg-samfunn.

·        Ein annan sak vi i Senterpartiet skal vinne er kampen om oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Olja forsvinn ikkje – vi har tid og råd til å vente til vi eventuelt i framtida får teknologi til å hente opp det som  måtte finnast av olje. I ei tid med matkrise kan vi ikkje ofra vårt viktige matfat. 

·        Det er tid for å sjå framover for Senterpartiet. 2010 må bli eit år der vi byggjar partiet, mellom anna ved ei aktiv verving av nye medlemar og der vi startar førebuingane av nominasjonsprosessane fram mot kommune- og fylkestingsvalet i 2011. Me har Senterpartiskulen!

 

·        Å byggje Senterpartiet er ei felles oppgåve – eg ber deg om å delta aktivt på dugnaden!

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut