Til forsiden


Foto; Haiti aksjonen Sogn og Fjordane

Senterpartiet i Sogn og Fjordane støttar Haiti-aksjonen Sogn og Fjordane.

[08.03.10 08:46] På Senterpartiets fylkesårsmøte vart det samla inn i overkant av kr 10 200,- til Haiti-aksjonen Sogn og Fjordane.

Initiativtakar til aksjonen – Børre Tystad – vart invitert til årsmøte for å orientere om prosjektet. Etter hans orientering sirkulerte ”innsamlingsbøssa” i salen. Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter seier det er tradisjon på årsmøte i Senterpartiet at ein samlar inn pengar til eit internasjonalt formål. Eg er svært godt nøgd med resultatet - som er ny rekord for desse innsamlingane. Det er viktig for Senterpartiet i Sogn og Fjordane å støtte opp om slike prosjekt, og eg føler meg heilt trygg på at midlane kjem fram og vert nytta i det store arbeidet som trengst på Haiti seier Hjelmeseter.


 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane støttar Haiti-aksjonen Sogn og Fjordane.

 

På Senterpartiets fylkesårsmøte vart det samla inn i overkant av kr 10 200,- til Haiti-aksjonen Sogn og Fjordane.

 

Initiativtakar til aksjonen – Børre Tystad – vart invitert til årsmøte for å orientere om prosjektet.  Etter hans orientering sirkulerte ”innsamlingsbøssa” i salen.  Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter seier det er tradisjon på årsmøte i Senterpartiet at ein samlar inn pengar til eit internasjonalt formål.  Eg er svært godt nøgd med resultatet - som er ny rekord for desse innsamlingane.  Det er viktig for Senterpartiet i Sogn og Fjordane å støtte opp om slike prosjekt, og eg føler meg heilt trygg på at midlane kjem fram og vert nytta i det store arbeidet som trengst på Haiti seier Hjelmeseter.

 

Hjelmeseter er også imponert over det arbeidet Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad har fått til med Haiti-aksjon Sogn og Fjordane.  Her i landet har vi både moglegheiter og ressursar, og det er fantastisk flott at nokon tek initiativ til slike aksjonar avsluttar Hjelmeseter.

 

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut