![]() |
[08.03.10 09:56] Jenny Klinge vil ha obligatorisk undersøking av dødssted ved plutseleg spedbarnsdød.
Stortingsinnlegg torsdag 4. mars 2010:
Må finne god ordning
Rettstryggleiken til små ungar, som er dei mest sårbare blant oss, og som vi må ta særleg vare på, er temaet for denne saka.
Eg deler forslagstillaranes ønske om ei obligatorisk dødsstadsundersøking når spedbarn døyr plutseleg. Eg meiner det vil vere det beste middelet for å avklare om små ungar har døydd av årsaker knytte til straffbare forhold eller ikkje. Når Grunnlovas føresegner mot såkalla husinkvisisjonar sett grenser for ei slik obligatorisk undersøking, har det vore viktig å finne ei så god ordning som mogleg, for å vareta omsynet til ungane.
Viktig å avdekke
Stortinget vedtok i fjor å innføre ei frivillig ordning med eit kompetent team som etter samtykke frå foreldra kan undersøkje dødsstaden. Det er viktig å understreke at dette teamet må ha meldeplikt til politiet om alle funn som kan bidra til å oppklare dødsårsaka.
For sysken av den avdøde ungen vil det vere ein stor fordel om eventuelle straffbare forhold blir avdekte. Dersom dødsårsaka er omsorgssvikt eller vald, vil det vere nødvendig å vurdere tiltak for å sikre at syskena er trygge.
Betre med obligatorisk undersøking
Når det no blir lagt opp til ei frivillig ordning, er det ein opplagd fare for at dei foreldra som takkar nei til undersøkinga, kan bli mistenkte for å ha gjort noko straffbart, sjølv om årsaka til at dei takkar nei, er ei anna enn å skjule slike handlingar. Såleis hadde det vore ein fordel om undersøkinga var obligatorisk, men eit såkalla obligatorisk tilbod som ei frivillig ordning vil truleg bli akseptert av dei fleste, og vil dermed bidra til å avdekkje eventuelle straffbare forhold eller bidra til å skaffe kunnskap om andre dødsårsaker. Det siste kan førebyggje at andre ungar seinare døyr av same grunnar. Eit aktuelt døme på at kunnskap kan redde liv, er den store nedgangen i talet på krybbedødstilfelle.
Viktig med avklaring
For å underbyggje påstanden om at ei frivillig ordning også kan avdekkje omsorgssvikt, vil eg vise til prøveprosjektet som Rettsmedisinsk institutt i Oslo utførte mellom 2001 og 2004. Det vart gjeve tilbod om dødsstadsundersøking ved plutselege og uventa dødsfall i aldersgruppa 0–3 år, og det vart avdekt sju tilfelle av omsorgssvikt. Ved fjorten andre dødsfall der politiet i utgangspunktet hadde mistanke om at det låg noko straffbart attom, kunne ein slå fast at det ikkje var slik. Det vil vere viktig for foreldre som opplever det verste, å få ei slik avklaring når dei mister ein unge.
Eg finn det verdt å presisere, som ein kommentar til representanten Oktay Dahl, at det ikkje er openbert at det er den same typen dødsstadsundersøking vi talar om her i dag, som finst i England og i andre land. Det er derfor viktig at Regjeringa vurderer dette nærare.
Eg vil elles vise til innlegget frå saksordføraren, som eg meiner gjorde god greie for kva regjeringspartia meiner i denne saka.