Til forsiden
Du er her: Fylkeslag  / Hordaland 


Fylkesleiars tala

[08.03.10 10:11] Her kan du lese fylkesleiar Steinulf Tungesvik sin tale til fylkesårsmøte 2010 i Hordaland Sp, den 19. februar på Kokstad.


 

Me skriv mellomvalåret 2010, eit viktig år for Hordaland Sp

 

Denne talen vil eg bruka til

a)      å løfta blikket, sjå kva me får til i Sp for land og folk – og

b)      til å vera sjølvkritisk på vegner av partiet; kva gjer me ikkje godt nok og kvar går me?

c)      Endeleg – korleis arbeider me for å byggja Sp endå sterkare og viktigare.

1.      Eit sterkt Sp

 

Me har lagt bak oss valåret 2009. Turbulent inngang gav ved møysommeleg organisasjonsinnsats eit samla parti i valkampen som arbeidde saman for Sps viktige saker og Sps viktige posisjon, for lokalmakt, folkestyre, næring, samferdsle, distrikt og miljø. Me kom oss gjennom valet med framgang i fylket både i land og by og i dei fleste av kommunane, med eitt sikrare mandat enn i førre periode.  Eg vil som fylkesleiar takka lokallaga og slitarane der som hovudansvarlege for valresultatet! Me skal markera det også på årsmøtefesten i kveld. (APPLAUS)

(Plansje: Nokre fakta: Tal: 14768 – 1221 – 122 – 7 – 4 – 1 – regjering )

Potensialet vårt er likevel definitivt ein god del større, og me har viktige oppdrag kvar dag og kvar månad for å styrkja vidare det gode arbeidet me la ned i samband med valkampen.  Desse utfordringane er det viktigaste å diskutera på eit årsmøte.

Men først litt om kvar me står som parti.

Sp er viktig. For folk, for verksemder, for lokalsamfunn og fylke, for landet. I styret sitt forslag til årsplan seier me at Sp er det viktigaste partiet i landet. Det er no opp til oss og vårt arbeid å forsvara den påstanden gjennom det politiske arbeidet. Me er i sentrum – der har me ein avgjerande viktig jobb å gjera, det kjem eg tilbake til – me sit i andre periode i fleirtalsregjering der me har høve til verkeleg å forandra Noreg til noko endå betre, og me er styringsdugande: Sp har styrt landet nest lengst i etterkrigstida, som avisene skreiv om i haust!

Og me får altså mykje til. Nokre viktige punkt:

·        Me set grenser for den frie marknadsøkonomien, styrkjer fellesskapsverdiane og gjev rom for det private initiativet til sjølvstendig næringsdrivande og SMB.

·        Me desentraliserer makt ved å styrkja kommunane, og la det vera opp til folk lokalt å avgjera korleis framtida til den enkelte kommune skal vera.

·        Me byggjer meir veg og kollektivtrafikk enn nokon gong før.

·        Me held EU-medlemskap på trygg avstand frå dei verdiar me veit det trugar i alle medlemsland, samstundes som me gjer ein kritisk gjennomgang av EØS og alle nye direktiv med ein blankpussa vetorett på lomma,

·        Me styrkjer matproduksjonen og landbruket på ein måte som gjer at det endeleg kjem rettkomne krav derfrå etter mange år utan tru på at det nytta.

·        Me byggjer ut Noreg sin posisjon som energistormakt, med meir fornybar kraft, aller mest på Vestlandet.

·        Og me handlar tydeleg internasjonalt som ein viktig spelar sjølvsagt for norske interesser, men også i verdssamfunnet og saman med dei land som treng ein alliansepart utanfor dei store blokkene i vesten. Det såg me seinast på klimatoppmøtet i København før jul.

Og ikkje minst: Me styrer nasjonaløkonomien etter tilhøva, med store utgifter til rett stad for å dempa finanskrisa, og no – når den slepper taket i mange sektorar, men slett ikkje i verft og ein del annan industri her vest – med nedkjøling som gjer at rente- og valutaforhold ikkje gjer det endå vanskelegare for dei som skal konkurrera ute.

I Hordaland har me sterke partilag i mange kommunar, som pregar lokalpolitikken. Me ser at mange lener seg på Sp for å få til næringsutvikling og småkraftutbygging, god utvikling i og for skulen, arealbruk som gjev arbeidsplassar og busetnad der vakker natur er mindre mangelvare enn menneskeleg aktivitet, eller der praktisk og godt samarbeid mellom offentleg og privat løyser problema medan ideologisk kamp om berre det eine eller det andre fører til stillstand. På fylkestinget er me i mindretal, men har med kløkt drive fram viktige saker som posisjonen i utgangspunktet var imot. Dette gjeld t.d. ein Jondalstunnel som sparar Torsnesgrenda, og ein fylkesplan for småkraft som kjem til å bety mykje for nærings- og distriktsutvikling.

Før me går vidare, også i sjølvkritisk lei, skal me ha dette i botn: At me betyr mykje, at me får til mykje, at utviklinga i Noreg ville vore annleis utan Sp i regjering. Som døme nemner eg: Regional rettferd mellom helseregionane (Magnussen-utvalet), Nasjonal Transportplan, samhandlingsreform utan kommunesamanslåingstvang, CO2-bindinga i skogen som del av klimarekneskapen, ei vesentleg styrking av kommuneøkonomien, jordbruksoppgjer som har snudd nedgang og flat utvikling til inntektsvekst og ny optimisme – men her er utfordringane store igjen i vår, særleg for vestlandsbonden. Me skal gje innspel til regjeringa si landbruksmelding, og me skal vera aktive gjennom partiet sentralt sitt landbrukspolitiske utval – der Jostein Ljones er fersk medlem; gratulerer!

Men så, altså? Fremjar me viktige nok saker, reiser me viktige nok debattar?

Som regjeringsparti i fleirtalsregjering og med flinke folk får me til mange gode einskildresultat. Ein viktig del av jobben vår lokalt er å føreslå gode saker, koma med innspel til løysingane, og marknadsføra resultatet etterpå. Dette er me flinke til i Sp. Eg trur alle andre parti er litt misunnelege på den tette kontakten me har i partiorganisasjonen, der lokallaget kan nå fram til partileiinga og regjeringsmedlemene. Me har gode kanalar for det.

Me må likevel spørja oss om det er nok å gjera ein god jobb med saken? Eit litt fælt spørsmål. Men altså: Eit politisk parti er ikkje ei bedrift, der det handlar om å produsera resultat i form av målbare storleikar som overskot på botnlina. Minst like viktig som det er inntrykket me skapar – at folk opplever at me vil, kan og formulerer både spørsmål og svar som dei er opptekne av sjølve. Som parti i regjeringsposisjon er det ekstra viktig å halda oppe kritikken og debatten om breie spørsmål. Kasta fram dristige forslag, idear som ikkje er ferdig utgreidde gjennom NOU og embetsverk. Utfordra andre parti. Vera ei skapande kraft. Lansera nye løysingar. Eg meiner me ikkje er flinke nok til det.

2. Eit sårbart Sp

 

Sp har solid truverde i distriktspolitikken, i landbrukspolitikken, i EU-saka, som eit grønt parti som handterer kombinasjonen av naturbruk og naturvern, inkludert ein praktisk verkande klimapolitikk, og til å få til god lokal velferd. Truverdet på nokre trass alt avgrensa område er eit godt utgangspunkt, men kan også verta til ei sovepute.

Partiprogrammet er sjølvsagt mykje breiare enn dette, og rekk over alle politikkområde, innanlands og utanriks – eller til lands, til vanns og i lufta, som det heiter om skipet til Espen Askeladd i eventyret. Det er interessant at politikken vår samlar langt større oppslutnad enn partiet gjer. For slik er det dersom nettavisene sine ”valomatar” gjev eit sant uttrykk. Jamt over gav dei 12-13 % til Sp, dobbelt av det me fekk i valet. Det fortel om eit flott potensiale, og det fortel om at me ikkje klarar gjera Sp viktig nok for folk.

Eg trur me må ta opp breiare debattar, fleire debattar og vera spissare. Me må halda fram med å vera best på saksretta politikk, gode og røynde forhandlarar og kraftsamlarar når det trengst. Men me treng å strekkja kjølen på skuta på nytt skal den sigla fortare og ta større last. Me treng også å kvelva himmelen over prosjektet vårt på nytt med ikkje altfor lange mellomrom.

I fjorårstalen min til årsmøtet heldt eg fram pragmatismen som Sp sin store styrke. Den som gjer at me får til alle resultata. No etterlyser eg meir ideologisk refleksjon. Eit Sp utan begge desse sidene varer ikkje lenge. I fjor var valår, me skulle selja enkeltresultat. I år er det ikkje, og me må tillata oss lengre tankar.

Eg las nyleg professor Bernt Hagtvet sin omtale av den britisk-amerikanske historikaren Tony Judt sitt siste skriftstykke i NY Review of Books. Det handlar om korleis sosialdemokratia i Europa har tapt sitt hegemoni, si makt over tanken, dei siste tiåra. Han peiker på at hovudprosjektet deira: Velferdsstaten, er akseptert langt inn på høgresida, slik at dei dels har drukna i eigen suksess. Sosialdemokratiet har lite av nye prosjekt, lite distinkt å tilby, og har i tillegg sjølv late seg fanga av høgresida sin måte å rekna godt eller dårleg på: Er eit nytt forslag nyttig eller produktivt, gjev det økonomisk vekst – ikkje om det er god eller dårleg moralsk, sant eller usant? Dette kallar Judt økonomismen.  Funksjonar vert skilde ut som eigne resultateiningar eller verksemder, det politiske ansvaret forvitrar, fellesskapen vert mindre. Vi ser at dette ligg til grunn for reformene i universitet og høgskular, i sjukehussektoren (Bærum-skandalen er den siste i ei rekkje) og kanskje også i NAV. Når sosialdemokratiet likevel hevdar seg i få land som Noreg og Spania handlar det kanskje mest om at høgrepartia ikkje er like dugande her som i andre land for tida.

Dette har delvis direkte relevans for oss. Me er også opptekne av sterke fellesinstitusjonar, tette nok band mellom stat og borgar og stat og organisasjonsliv – men også med eit privat handlerom. Vår motstand mot EU er ein motstand mot nettopp økonomismen i alt, og i så måte er me betre rusta.

Dei mest interessante spørsmåla Judt reiser for vår del synest eg er om me har noko distinkt å tilby, om mange nok oppfattar at Sp er naudsynte. Og vidare om me har tankar som engasjerer bortanfor kroneteljinga: Løftar me debattar som rører ved kva som er rett og gale?

Min påstand er at me lenge har gjort for lite av det.  Derfor er me ekstra heldige som har fått Per Olaf som hovudinnleiar, ein av dei beste tenkjarane i norsk politikk.

Derfor er det med glede eg konstaterer at nestleiar Trygve Slagsvold Vedum ikkje er redd for å trakka utanom sitt komitebed, men går inn i debattar om ytringsfridomsfundamentalisme og karikaturteikningar som krenkar andre.

Det er òg med glede eg opplyser om dei tre seminara som går parallelt i morgon kl 9-10, og som alle – allereie litt utanom det som er trendy  – men fordi det er det viktigaste spørsmålet i vår tid: handlar om klimaendringar og klimapolitikk. Innleiarane kjem frå universitetet, industrien og departementet. Dei vert tydeleg annonserte seinare.

Me må og formulera klårare tankar om kven me vil appellera til og knyta til oss, av dei som orienterer seg etter parti si retning og oppgåve i samfunnet, og ikkje berre praktiske standpunkt i einskildsaker. I EU-kampen var Sp eit flogepapir for mange slike, men me klarte ikkje å vidareføra eit gjennomført arbeid med partiet sitt idegrunnlag.

Sp si stilling i det politiske sentrum og stilling til situasjonen for sentrum er eit viktig utgangspunkt for ideologisk tenking.

I valet i haust var dei tre partia samla nesten halverte i høve til 1997, då sentrumsregjeringa kom til. På gallupane no er det endå verre. Venstre er under sperregrensa og vil slita med å koma opp att. Tronge tider i KrF har ført dei opp i sterke kampar om partiet si sjel. Sp er den trygge spelaren med eit samla parti og i ei regjering som i fungerer godt trass i feil og avgrensingar, og me har 11 representantar som i 1997. Men det er små marginar. Me har òg for låg oppslutnad, me har for lite reell og grunnleggjande debatt og me utfordrar for lite både til høgre og venstre.

Ein dom 10 år etter sentrumsregjeringas havari er at Sp har behalde mest av seg sjølv. KrF ved K. M. Bondevik valde allereie i valkampen 2001 å seia far vel til sentrumsalternativet, og vart premiert med statsministerposten av Høgre. Venstre var då òg nesten utradert, og følgde med på den ferda. 2005 fekk ulike utslag, men etter 2009-valet er det klart at både KrF og V har brent seg kraftig på å skilja seg frå sentrum og eintydig orientera seg mot høgre. Dette er sjølve grunnen til at begge slit no, ikkje leiarane eller graden av ”modernisering” av partiprogrammet. KrF vart halvert i 2005 fordi dei godkjende Høgres enorme skattelette finansiert med velferds- og distriktskutt. V vart sendt ned i 2009 fordi dei dobbelkommuniserte og heldt døra open også mot Frp.

Når Sponheim i ettertid fortel at han eigentleg vona at dei raudgrøne skulle tapa fleirtalet, Ap koma i regjering i mindretal og Venstre røysta saman med den i Stortinget, er det mest komisk. Men det syner at ein i Venstre etter valet skottar mot Sp.  I KrF meiner nok Høybråten-fløya eigentleg det same. Kvar dei to likevel går må dei finna ut sjølve, men ein ting er sikkert: Å venta lenge med brotet med Høgre er ei dødsline. Veljarane har sett det lenge før partia.

Sp må visa veg for heile sentrum. Utan at det kjem i konflikt med dagens samarbeid, er eg positiv til forslag om ei sentrumspolitisk tankesmie, ein arena for diskusjon av saker me er opptekne av. Det er òg viktig at Sp held fram med å løfta viktige sentrumssaker, også slike som dei to andre partia frontar aller sterkast.

Eg må innom nokre sentrale einskildsaker for Hordaland Sp i ein leiartale. Eg reknar med at dei dukkar opp i generaldebatten, og veit at fråsegnsnemnda har mykje å arbeida med.

Kraftlinesaka i Hardanger. HSp reiste saka på landsmøtet i 2007, som vedtok nei til luftline som første parti. Programmet er også klårt om å ta omsyn til særlege naturkvalitetar. Det kanskje mest provoserande i saka er at hordalendingar opplever å bli påtvunge alle former for vern som me ikkje ønskjer. Nasjonalpark, landskapsvern, forbod mot spreidd bustadbygging, totalvern av strandsona der det ikkje finst hus frå før, forbod mot motorferdsle m.m.m. Når det så er eit naturvern me ønskjer lokalt – ja, så kjem den same staten og monterer master. Lat det ikkje vera tvil om at Sp meiner forsyningstryggleiken til Bergensområdet skal sikrast. Oppgåva er å gjera alt for å finna ut om det kan løysast utan naturinngrepet. Eg var i møte med Terje Riis-Johansen i går, og utfallet er uvisst. Eg formidla til han at Statnett sine dokumentasjonar og påstandar i saka står heilt utan truverde. Statnett har vore som ein elefant i glasbutikk. Sjef Auke Lont og informasjonssjefen hans framstår nærast som ”Komiske Ali” der dei står og ikkje tek omsyn til at sentrale føresetnader i søknaden har falle vekk – og eg gav klår beskjed til Terje om at utan han kan leggja fram ein heilt annan dokumentasjon i saka, kan ikkje me leva med vedtak av ei line. Kampen held fram.

Strandsoneretningslinene må nedkjempast. Plan- og bygningslova har fått ei god endring: Nytt prinsipp om differensiering mellom pressområde og ikkje-pressområde. Problemet er at MD sine retningsliner som var på høyring saboterer prinsippet ved å definera heile Hordalandskysten som pressområde – med regelverket for Oslofjorden. Dette er SV på sitt aller verste, og no hastar det å få saka ut or nevane på Erik Solheim.

Luftforureininga og bilkøane i Bergen. Høgresida har vanstyrt Bergenstrafikken i mange år, og Monica Mæland er ein feig politikar. Når det i år vart ein fantastisk vinter med stilleståande luft og ikkje regn, slo Monica Mælands Bergen Mexico City og Los Angeles i luftforureining. Trafikkmengda har tilsagt det lenge, berre regnet har berga dei i normalvintrar. Dette kan ikkje løysast med 14-dagarstiltak – som dei ikkje vågar å skru hardt nok til med ein gong. Det må løysast med langvarige tiltak, som kjem med ein gong og som fører til færre matpakkebilistar. I dag utgjer dei kanskje 95 % av alle privatbilane. Tiltaka er: Meir bussar (ikkje minst i ekspressruter), færre P-plassar i sentrum, køprising i rushtida, kollektiv- og sambruksfelt. Midlane er der gjennom belønningsordninga, men KrF, H og Frp i Bergen og på fylket seier nei takk, og gjev blaffen til neste klåre vinterdag. Den søknaden dei har sendt har ikkje større sjanse enn bergenssnøen til jonsok – og astmatikarar, born og alle andre som pustar i byen må lida.

3.                 Styrk Sp, organisatorisk og politisk

 

Siste bolken eg skal gjennom er arbeidet med å styrka Hordaland Sp. Me må bli sterkare politisk, og eg har vore innom nokre problemstillingar.

Så må me ikkje minst bli sterkare organisatorisk. Me må bli fleire enn dei 1221, og me må gjera meir av oss. Verksemdsplanen til Sp for dei næraste åra kallar 2010 for ”organisasjonsår”. Det gjer me i HSp og, og nestleiar Olav skal i morgon innleia om arbeidsplanen og korleis dette skal skje.

Det aller viktigaste er at me arbeider med oppgåver som er viktige, som engasjerer oss sjølve og andre og gjer at me har det kjekt, som gjer at fleire vil vera med.

Me kan ikkje verva fleire til meir arbeid i eit politisk parti utan å arbeida betre med interessant politikk. Såleis heng politikken og organisasjonen heilt saman.

Siktemålet også for organisasjonsstyrkinga er å få større politisk gjennomslag. I 2011 skal me setja som mål å ta velta høgrefleirtalet i fylkestinget og styrkja oss i kommunane.

Me skal tidleg i gan med nominasjonsprosessane for å få dei beste kandidatane, og etter våre vedtak i fjor blir no partiet sine retningsliner for dette endra til for å sikra demokratiske prosessar.

 

Folkens – fylkesårsmøtet er godt i gang, og de skal snart sleppa til. Per Olaf skal halda hovudinnleiinga no. Alle skal me skapa ein god generaldebatt etter det. Fråsegner byrjar me på i dag, og tek fleire i morgon. Seminara hugsar de, og dei faste årsmøtesakene følgjer også i morgon.

Mellom alt dette skal me også ha det kjekt: På festen. Hugs å dansa over regionsgrensene!

God debatt – og takk for merksemda.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut