Til forsiden
Fylkesstyret for Senterpartiet i Møre og Romsdal:

Stopp tankar om nedskjering på samferdsel

[09.03.10 12:44] Frå media kjem det melding om lekkasjar frå regjeringa som går på at investeringane på samferdselssektoren skal reduserast. Senterpartiet har gjennom sitt arbeid i departement, storting, regionalt og lokalt sytt for at vi har fått eit løft innafor samferdsel. Media og veljarar har skjøna at det er SP som har pressa dette fram i regjeringa. Vi merka under valkampen at dette, langt på veg, var den viktigaste saka for veljarane.


Det vil vere eit dramatisk steg  å gå tilbake på det som vi for kort tid sidan vedtok i NTP og statsbudsjett.  Truverdet hos veljarane vert  sterkt skadelidande og viljen frå våre regionale og lokale tillitsmenn til å forklare ein slik snuoperasjon vil vere fråverande.

 

Vi håper og trur at det som kjem fram om nedskjeringar, ikkje er realitet. Vår meining er at det som vart lagt vekt på i valkampen, skal stå ved lag.

 

Leiaren i Sp og statsrådane våre kan ikkje kompromisse i denne saka. Om nødvendig, må foten setjast ned.

  

Kontaktperson:

 Oddbjørn Vatne, leiar i fylkestingsgruppa

Mob. 97705055

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut