Til forsiden


Liv Signe til Sps landsstyre:

Regjeringa vil stogga nedlegging av lokalsjukehus

[09.04.10 13:13] - Med mindre det ligg forslag om nye eller tilsvarande tenester i nærleiken vil eit kvart vedtak om å leggje ned lokalsjukehus bli stogga av regjeringa, sa Sp leiar Liv Signe Navarsete til landsstyremøtet.


Senterpartileiar Liv Signe Navarsete sin tale til Senterpartiets landsstyremøte på Gardermoen fredag 9, april 2010:

(Sjekkes mot framføring)

 

Gode landsstyremøte!

 

På denne dagen for 70 år sidan kom dei tyske styrkane og erklærte krig mot Noreg. På stutt tid var både konge og regjering losa ut av landet, medan norske motstandsfolk prøvde så godt dei kunne å stogge nazistane. Men vi var dårleg førebudd på kva som skulle kome. Likevel; det norske folk reiste seg til kamp, enten det var på krigsmarka eller det var motstand i det stille og skjulte.

 

Og saman med gode allierte vann me fram. Mange ofra mykje for at me skulle få fridomen. Nokon ofra alt.  Me har mykje å takke desse modige menn og kvinner for.

 

Mot trengs også i dag. Både for å stille opp og gjere det me kan for å skape fred der ufred råder. Men også i det daglege treng me mot. Mot til å meine. Mot til å stå for noko. Mot til å ville noko. Mot til å våge å tenkje sjølv, gå motstraums der det trengs.

Det er lettare å vere modig når ein ikkje er åleine. Difor er det så bra å vere leiar i Senterpartiet. Leie eit lag der me torer å VILLE. Bygge landet, rettferdig fordeling, langsiktig forvalting av naturressursane. Det krev sine menn og kvinner med mot for å nå høge mål.

 

Etter valet                                                                

 

Det er alt sju månader sidan stortingsvalet. Vi har laga Soria Moria II, der vi seier kor vi vil vidare. Der seier vi korleis vi skal arbeide for eit betre klima og stanse miljøskadane. At barnehagane og skulen skal bli enno betre. At vi skal skape nye arbeidsplassar for å møte utfordringane i kjølvatnet av globaliseringa. At kvar og ein av oss skal vere trygg på at vi får omsorga vi treng når vi blir sjuke.

 

Men kva kan vi lese når vi opnar avisene? Det handlar ikkje om korleis vi saman skal bli vinnarar på arbeidsmarknaden, i kampen om dei kloke hovuda. Det handlar ikkje om korleis vi så effektivt som mogleg skal bruke pengane vi tek inn, om korleis vi bør te oss i høve til etterkommarane, til generasjonsrekneskapen.

 

Når ein les avisene skulle ein tru vi budde i eit u-land. Krigsoverskriftene om kor gale situasjonen er i Noreg, møter oss stadig. Eg er samd i at ikkje alt er på skinner, men det er ikkje vår skuld at det ikkje har vore ført enno meir Senterpartipolitikk her til lands. Når ein er meir oppteken av å betale rekninga for reparasjon enn å sørgje for at pengane blir brukt på investering og førebygging, blir det slik.

 

Helse

 

Eit område som treng meir satsing på førebygging er helse. Samhandlingsreforma skal gje noko av svara på det. Samhandlingsreforma skal bli ei desentraliserings – og førebyggingsreform. Reforma er enno i støypeskeia. Den vert viktig for å sikre større nærleik til helsetenester i framtida. Det er ei ansvarsreform. Men så lenge kommunane verken veit kva dei skal ha ansvar for eller korleis det skal finansierast kan ikkje reforma nyttast som argument for tunge omstruktureringar.

 

Helsedebatten går varm omkring i landet.

Tryggleik for og nærleik til helsetenestene er viktig for folk uansett kvar dei bur.

 

Mange er fortvila og føler at dei verken blir sett eller høyrde.  Dei skal vite at vi i Sp både høyrer og ser dei. 

Og eg vil berre gjere det heilt klart: Med mindre det ligg forslag om nye eller tilsvarande tenester i nærleiken vil eit kvart vedtak om å leggje ned lokalsjukehus bli stogga av regjeringa. Eg forventar at helseministeren vår set foten ned om det kjem slike vedtak.

 

No må prosessane gå i takt.  Vi skal legge fram Nasjonal Helseplan og nytt lovverk.  Då kan me ikkje risikere at kua døyr medan graset gror.  Mao at medan me drøftar korleis framtidas helsetenester skal sjå ut så skjer store strukturendringar utan at det vert politisk handtert.  Dette handlar om tryggleik for liv og helse. Og kvalitet i tenestene er viktig. Me skal arbeide hardt for å sikre begge deler.

 

Dei siste åra har dei som styrer og steller med sjukehusa våre, berre hatt eit mål: Å gjere dei så lik industrien som mogleg. Storskala sjukehus og sentralistiske system der dei politisk oppnemnde personane diverre ikkje har hatt noko å seie for den utviklinga. Når Kolbjørn Almlid i dag på NRK snakkar om sjukehusbransjen – som om det er ein industri tilliks med olje – eller aluminiumsbransjen, ser vi korleis tankegangen er blitt. Helse er velferd. Struktur og innhald er politikk, ikkje teknikk.

 

Industrisjuka i sjukehussektoren fører til at jo meir eit styre i helseforetaket gjer, jo meir tapar dei respekten for den enkelte pasient. Og pasienten missar respekten for dei som styrar. No og då får eg ei uro over meg; ei uro over at politikken er i ferd med å tape innflytelsen over helsepolitikken. Det er ikkje ofte ein skal slå seg om med «kva var det eg sa», men akkurat på dette feltet har Senterpartiet hatt rett heile vegen; å gje frå seg den folkevalde kontrollen over sjukehusa var det dummaste vi har gjort i helsesektoren på fleire tiår.

 

I kjølvatnet av helsereforma og statleg overtaking, har vi og fått ei anna utvikling som eg er sterkt uroa over.  Direktørsjuka har og breidd om seg. Før hadde kvart sjukehus ein sjef som områdde seg med ein administrasjonsstab. No, når ein byggjer opp administrasjon uavhengig og utanfor sjukehusa, får vi direktør på direktør – og ofte personar med stor pleie- og omsorgskompetanse som no blir byråkratar. Det var det vi sa; ei statleggjering av sjukehusa ville berre føre til meir byråkrati. Vi må tore å drøfte dette no. Vi må forlange at det på nytt er pasienten som skal vere i sentrum i norske sjukehus!

 

Men argumenta er mistenkeleg like enten ein ynskjer kommunesamanslåing, nedlegging av lokalsjukehus eller lensmannsembete. Kvalitet. Men kvalitet handlar også om opplevd kvalitet, om nærleik  til tenestene og tryggleik i kvardagen enten ein bur i by eller bygd.

 

Politi- og lensmannsetaten

 

Det er ikkje berre helsetilbod som er viktig for å gi folk tryggleik der folk bur. Også politi og lensmann må finnes i nærmiljøet.

 

Aldri før har så mange ungdommar teke si utdanning ved Politihøgskulen. Og fleire skal det bli. Folk skal vere trygge i eigen heim. Men heller ikkje på dette området er eg viss på at alle har den tryggleiken. Under mottoet; stor, større, størst er politiet no midt i ein stor sentraliseringsprosess i lensmannsetaten. Og la meg gjere det klart; Senterpartiet er ikkje imot ei utvikling der ein får færre einingar i administrasjonen i politiet. Kor den einskilde politiadministrasjon og politimeister sit, er ikkje avgjerande for folks tryggleik.

 

Men det er avgjerande at politi og lensmann er nær nok når noko skjer, eller er i ferd med å skje. Vi skal vere trygge på at politiet kjem om vi ringer etter dei. Eg forstår godt at dei er urolege til dømes i Solund, der lensmannskontoret er lagt ned. Næraste lensmannskontor er 1,5 time unna. Skal lensmannen rykka ut tek det to timar å komme seg til kommunesenteret. Skal han ut på øyane tek det lenger tid. Skjer det noko etter at siste ferja har gått må politiet  først finne ein båt dei kan leige til å bli frakta over – og så må dei låne ein bil å køyre med på andre sida. Dette er berre eit eksempel. Senterpartiet kjem til å følgje nøye med på det som skjer innan politi – og lensmannsetaten, og vi kjem ikkje til å akseptera at responstida for politiet blir så lang at det går utover tryggleiken til folk rundt i landet. 

 

Skule

 

Uansett om ein skal arbeide innan politi, helse eller industri – så er grunnskule og vidaregåande skule heilt avgjerande.

 

Kva tid var det sist du høyrde nokon rope etter heildagsskulen? Jau, det var før valet. Då var det mange som sa skulekvardagen måtte få fleire timar. Kva har skjedd? No er det Senterpartiets svar på skulekvardagen som gjeld. Meir praktiske fag for å hindre fråfall i skulen, fleire lærarar framfor heildagskulen og ei betre rådgivingsteneste. God Sp-politikk, alt saman! Allereie i 1992 – før Reform94 vart iverksett, peikte vi på at yrkesopplæringa var prega av for mykje teori.

 

Puggeskulen har spela fallitt!  Kvifor? Jau, fordi etterkvart har «alle» skjønt at skulekvardagen skal bli prega av meistring, ikkje nederlag for elevane. Når ein høyrer mange av forslaga frå høgresida i skulepolitikken, tenkjer eg:

– Kor vart det av lik rett til utdanning?

For det er ikkje foreldra si lommebok som skal avgjere kva slags utanning ein får. Skulen skal vere ein møteplass for alle born, og inkludere alle grupper. Norsk skule er endeleg i ferd med å bli ein skule – ein real Senterpartiskule! Men samstundes er fråfallet framleis for høgt. Difor må vi ta nokon grep i den vidaregåande skulen. Meir praktisk retting av teorien i yrkesfag, tilgang til praksisplassar og – ikkje minst – engasjerte og dyktige lærarar – er viktige stikkord.

 

Samferdsel

 

Situasjonen for jernbanesektoren har ikkje vore god i vinter. Magnhild har måtta tole mykje kritikk – men ho har stått støtt i stormen og har jobba hardt frå tidlig til seint for å løyse utfordringane. I fyrste rekkje har leiaren av transportkomiteen, Knut Arild Hareide, stått. Det er freistande å minna om at Bondevik-regjeringa la fram ein transportplan med ei ramme på 100 mrd kr mindre enn den NTP vi la fram for eit år sidan. Bondevik-regjeringa meinte at dei 22 milliardane som vi plussa på i Stortinget var luftmilliardar. I så fall har me gjort det underet å gjere luft om til asfalt og jernbanesvillerJ.

 

(Kristeleg Folkeparti foreslo under behandlinga av vår NTP å bruke ti millionar kroner meir i året på jernbana enn regjeringa. Ti millionar kroner! Ville det løyst problema i Oslotunnelen? Ville det gjeve ein ny tunnel under Oslo? Sjølvsagt ikkje.)

Sp vil rydda opp i togsektoren. Vi har regjert i 4-5 år, og snudd om havarerte sektorar:

         flysektoren (Avinor, flygeleiarar, SAS-streiker, lite konkurranse, høge prisar på kortbanenettet),

         vegsektoren (altfor lite midlar, raskt veksande vegforfall, aukande ulukkestal, kutt i ferjetilbod, nesten ingen rassikring),

         posttilbod som vart forverra og som var vedteke konkurranseutsett lenge før Posten var klar til å takla det og behalda eit landsdekkjande tilbod,

         telesektor utan samfunnsmessige mål om breibandsdekning, mobildekning, likeverdige tilbod

Togsektoren har ikkje fått merksemd og pengar på mange tiår. Vi fekk optimismen og veksten i gang igjen, i form av byggeprosjekt, vedlikehald, rutetilbod og inntekter til NSB. Men systema fungerer ikkje godt nok, i alle fall ikkje på kort og mellomlang sikt, det ser vi kvar dag. Dette kan vi ikkje finna oss i. Magnhild har full støtte og frie hender når ho no skal rydda opp i togsektoren. Altfor mykje har fått lov til å vera halvgodt, litt for seint, passeleg presist, utan klår målsetjing. Er det nokon som vil lukkast med å få jernbana på skinner – så er det Magnhild!

 

Vi i Senterpartiet er utolmodige på å kome oss vidare i bygginga av landet. Før vi kom i regjering var NTP ein uoppnåeleg plan. Men vi har funne pengar til desse gode formåla. Vi har ikkje berre følgd opp – men overoppfylt NTP.

 

Ja, de penga – ja, de penga – er tel bekymring, for fattig og for rik, skreiv Vidar Sandbeck i sangen – og etter nokre dagar på Torbjørnrud og seinare i regjeringskvartalet no i mars og april, skjønar eg det er fleire som er bekymra.

 

Oljepengebruken er sentral i diskusjonane. Senterpartiet har alltid vore skulda for å vere eit utgiftsparti. Då må eg få lov til å spørje:

– Er det berre ei utgift å investere i veg?

– Er det berre ei utgift å investere i ungane våre?

– Er det berre ei utgift å investere i tog for pendlarane våre?

 

Slettes ikkje, det er i alle tilfelle ei utgift til inntekts erverv.

 

For at Noreg skal vere rusta til å møta tida etter olje – og gassepoken må vi byggje ut ein infrastruktur no som gjev grunnlag for ein konkurransedyktig økonomi i framtida. Investering i infrastruktur er ei investering i vekst og utvikling - og treng betre og endra finansiering. I partiprogrammet seier vi at vi vil ha ein finansieringsmodell som sikrar midlar til samanhengande investeringsprosjekt alt ved oppstart. Eg meiner det er klokt og naudsynt å ta ein debatt no om alternative finansieringsformar for veg og bane, som til dømes prosjektfinansiering og privat låneopptak (OPS). Eg har óg teke til orde for å sjå på ei ordning med avgiftsfinansiering av breibandsutbygging, slik dei no vurderer mellom anna i Sverige.

 

Dette er ikkje nye tankar i Senterpartiet. I trontaledebatten 21. oktober i 1975 reiste no avdøydde Erland Steenberg, som var parlamentarisk leiar i Senterpartiet, ein debatt om kva vi skulle bruke oljepengane til. Hans ord stend fast, for han sa:

 

«Senterpartiet vil egge vekt på at oljeinntektene ikke skal gå til øyeblikkelig forbruksøkning. Vi må bruke dem til å skape varige verdier som slekter etter oss også kan ha glede av. Jeg vil nevne for eksempel styrking av landets kommunikasjonsnett, slik som veier, bruer, ferjesamband, havne- og fyrutbygging, sterkere innsats i bygging av sykehus- og pleiehjemsplasser.», og så bortetter.

 

Amen!, seier eg.

 

Jordbruket

Matproduksjon, prisar, kva skjer på bygdene – tek nokon over garden. Kven vil gå på luseløn eit heilt liv framover? Opptrappinga av inntektene i jordbruket som vår regjeringa har gjennomført i fire år må halda fram. Sjølv om oppgjera dei siste åra har kome på line med andre oppgjer - for første gong sidan 1970-talet - er det altfor stor avstand. Det er for lite attraktivt å slita 12 og 14 timars dag til halve løna av det ein får med 3-4 års høgare utdanning. Kven vil då overta og driva norsk, sunn og kortreist matproduksjon vidare?  Dette er det store spørsmålet når vi snakkar jordbruksoppgjer og landbrukspolitikk. Det er eigentleg matoppgjeret som er det rette namnet. Vi finn oss ikkje i sosial dumping på norske industriarbeidsplassar, her står vi skulder ved skulder med LO - og då skal ikkje korkje vi, LO eller nokon andre finne seg i sosial dumping, eller utnytting av idealisme, hjå norske gardbrukarar heller. Det varer nemleg ikkje evig, sjølvsagt.

Den nye landbruksmeldinga som no er under arbeid, må på nytt skapa optimisme i jordbruket. I dag er det alt for mange som ikkje «går på» i næringa. Dei som blir att, må vere kapitalistar for å halde fram om dei skal makte å halde tritt med investeringsbehovet.

 

«Bondens sinn er komen i kon, som eg for min part aldri har sett eller høyrt han. No har også statsministeren merka at det kan vera fare på ferde.», sa Nils Trædal i ein interpellasjonsdebatt om jordbruksnæringa 14. juni i 1946.

Ja, eg trur faktisk at dei og på Statsministerens kontor merkar eit trykk i forkant av årets jordbruksoppgjer. Når dei mest populære ordførarane i Arbeidarpartiet startar opprop for næringa, slik dei har gjort no den siste tida, er det alvor. Vi skal gje dei heilhjarta støtte i dette arbeidet.

 

Klima

 

Landbruk, samferdsel, kommunane og olje – og energisektoren er alle viktige i samband med klimautfordringane. Dette er områder som vi styrer.

 

Eg er uroleg for den dårlege framdrifta i arbeidet med å få på plass ein internasjonalt forpliktande klimaavtale. Den må på plass – og vi skal frå Noreg si side gjere alt vi kan for å få det til. Statsministeren er no i Mexico for å diskutere klimakonferansen i Mexico og moglege løysingar for å finansiera klimatiltak i fattige land. Men vi kan – og skal ikkje sitje her i Noreg med hendene i fanget inntil ein slik avtale er på plass. Men det held ikkje berre å kjøpe klimakvoter internasjonalt og redde regnskog – det må gjerast mykje her heime og. Vi må, uavhengig av det som skjer internasjonalt, arbeide jamt og trutt for å få dei norske utsleppa ned. Vi skal kutte 15-17 mill tonn co2 innan 2020. Det skal vi klare.

Rapporten Klimakur som vart lagt fram i februar syner at det kjem til å krevje tøffe grep å få utsleppa ned. Eg meiner det ligg godt til rette for store utsleppskutt mellom anna i kommunane og bygg framover. Min ambisjon er å halvera energiforbruket i bygg– frå 80 Twh i dag til 40 Twh innan 2040. Eg kjem med nye energikrav til bygg om kort tid som vil få energiforbruket i bygg ned. Eg vil og slå fast at Mongstad skal gjennomførast – men det er viktigare at prosjektet blir bra enn at det blir gjennomført innan ein viss dato.

Datalagringsdirektivet

Alle data om kven du har ringt. Om kva tid du ringde på. Kor du var då du ringte. Kven du sendte epost til. Kor du var då du sendte han. Kva slags sider du har besøkt på Internett, og når du gjorde det. Dette er den informasjonen som leverandøren av teletenestene vil bli pålagt å halde på i mellom seks og 24 månader viss EUs datalagringsdirektiv blir teke inn i lovverket.

I ei rekkje EU-land går debatten høgt om datalagringsdirektivet og fleire EU-land har utsett  implementeringa. Den tyske forfatningsdomstolen har kjent Tyskland si iverksetting av datalagringsdirektivet til å vere i strid med grunnlova. Den rumenske forfatningsdomstolen har óg funne datalagringsdirektivet å vera i strid med rumensk grunnlov. Dette skjer samstundes med at EU evaluerer direktivet. Det er ingen som helst grunn til at Noreg no skal ta ei avgjerd om å innføre eit så omstridt direktiv i norsk lov.

Senterpartiet er mot EUs datalagringsdirektiv fordi me vil hegne om ytringsfridomen og personvernet. Vi godtek ikkje at alle blir mistenkeleggjorde og overvaka. Historia har vist at informasjon som har vorte samla er misbrukt. Ei slik samling av informasjon som datalagringsdirektivet vil føre med seg kan – og vil - bli misbrukt.

Vi er sjølvsagt oppteken av at politiet skal ha best mogleg verktøy i kampen mot alvorleg kriminalitet. Men Datalagringsdirektivet er ikkje svaret. Det er i beste fall gårdagen sitt svar på politiet sine utfordringar sidan utviklinga på datafeltet går fort framover. Kriminelle som vil skjule sine digitale spor kan i dag gjere det utan større problem eller kostnader. 


Senterpartiet og Høgre har opp gjennom tidene hatt mykje felles tankegods, mellom anna når det gjeld personvern. I Senterpartiet følgjer vi difor med stor interesse debatten i Høgre. Om nøyaktig ein månad, 9. mai, kan lagnaden til datalagringsdirektivet bli avgjord - då vil truleg Høgre sitt landsmøte behandle saka. Seier Høgre ja til direktivet betyr det at partiet seier ja til overvakingssamfunnet og partiet vil for framtida måtte bere ansvaret for at det blir tillete å overvake uskuldige innbyggjarar. I denne saka håpar eg på ein grøn-blå allianse mot overvakingssamfunnet. Høgre må ikkje la seg forføra av garantiar frå Ap i denne saka. Løfter frå Ap kan ikkje endre det faktum at datalagringsdirektivet vil opne for ein systematisk overvaking av uskuldige personar. Lat ikkje det at forslaget kjem frå EU leggje lokk på debatten og gjere oss heilt bevisstlause i forhold til kva dette vil bety for norske innbyggjarar. Datalagringsdirektivet høyrer ikkje heime i vårt moderne og opne samfunn!

Den blå bølgja

Høgre og FrP er på frammarsj. Og dei kjem til å finne saman etter neste val om sjansen byr seg. På mange område er det ikkje godt å seie kva for politiske løysingar desse blå kameratane vil servere om dei skulle kome til makta. Vi høyrer ikkje mykje om kva dei vil – berre at dei kritiserar regjeringa for å ikkje levere meir av den politikken vi driv – og dei skulle vere i mot. På mange områder står dei langt frå kvarandre. Kva for innvandringspolitikk får vi? Vil dei føre ein ansvarleg økonomisk politikk basert på handlingsregelen eller ikkje? Det er ikkje godt å vite – det blir eit politisk lotteri. Men på mange viktige område er dei samstemte: Dei vil avfolke distrikta, dei vil avvikle det landbruket vi kjenner i dag, dei vil selje seg ned i statlege selskap og privatisere vasskrafta – arvesølvet vårt. Dei vil køyre Erna Solberg-linja med å sveltefore kommunane. I statsbudsjettet for 2010 foreslo Høgre å kutte 2 mrd kr på distrikts – og landbruksområdet. Forskjellen om dei satt i regjering er at desse kutta ville vore gjennomførd – og saman med FrP ville kutta vorte enda større. Det held for meg – vi kan ikkje la dei blå-blå sleppe til med sin privatiseringsiver, sin distriktsfiendtlegheit og sin prioritering av skattelette framfor velferd.

Eg vil åtvare mot den blå bølgja som kan kome. Dei står for den motsette utviklinga av det vi vil. Kven trur at ein kommunalminister frå Høgre vil jobbe fram eit rettferdigare inntektssystem for kommunane som vil sikre skattesvake kommunar i distrikta? Ville Siv Jensen som finansminister dra til Brussel og ta kampen som no kjem for å behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta? Ville ein statsminister med namn Erna Solberg prioritere satsing på veg i distrikta? Ville ein landbruksminister frå FrP kjempe for å behalde distriktsjordbruket? Ville ein energiminister frå Høgre hegne om heimfallsretten? Svaret er nei! Det står mykje på spel.

Eg tek situasjonen på alvor og meiner det finns berre ei løysing; vi må føre meir og tydeleg raud-grøn politikk som veljarane kjenner igjen. Vi skal gjennomføre Soria Moria 2 til punkt og prikke. Vi skal sikre eit godt tilbod der folk bur og vi skal gjennomføre eit stort samferdselsløft. Vi skal bidra til næringsutvikling i heile landet og vi skal gi folk valfridom til å bu der dei vil.

Eg kan slå fast at det ikkje brenn eit blått lys for Sp. Vi, i motsetnad til dei andre sentrumspartia, gjorde eit anstendig val. Vi får stort gjennomslag for saker i regjering og vi jobbar no godt saman for å få ein slagkraftig organisasjon som med god politikk skal vinna komande val!

Kjære, alle saman!,

 

På denne dagen for 70 år sidan kom det fiendar til gards her til lands. Fem år etterpå ville jubelen ingen ende ta, då fridomen kom. Etter at freden var eit faktum, samla eit nytt Storting seg til felles innsats. Riktig nok med reint fleirtal for Arbeidarpartiet, men i denne perioden var det viktig å stå saman. Difor kom Fellesprogrammet – etterkrigstidas Soria Moria-erklæring.

 

Fellesprogrammet la grunnlaget for framtidig vekst, retten til arbeid, og sosial og geografisk utjamning. Dei folkevalde var klare på at landet skulle byggjast oppatt. Dei ville ta heile landet i bruk. Folkestyret skulle attende. Vi skulle vere stolte av vår nasjonale kulturarv, vi skulle reise eit nytt velferdssamfunn basert på fridom, rettferd og fellesskap.

 

Er det nokon som kjenner seg att i desse orda? Ja, det er nettopp på dette grunnlag at denne regjeringa vi no sit i, vart skipa. Eit land blir ikkje bygd ved hjelp av eit menneske åleine. Nettopp difor var Senterpartiet med på eit historisk prosjekt då vi la grunnlaget for eit nytt fleirtal – eit fleirtal der vi baserar oss på rettferd og fellesskap.

 

Eg vil berre sitere frå Soria Moria 2:

«Regjeringen utgått av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil føre en politikk for fellesskap, verdiskaping og rettferdighet.»

 

Difor ynskjer vi i Senterpartiet ei brei satsing på infrastruktur som veg, jernbane breiband.

Difor ynskjer vi i Senterpartiet ei brei satsing på verdiskaping basert på m.a. fornybar energi over heile landet.

Difor ynskjer vi i Senterpartiet ei brei satsing på dei eldste av oss og dei yngste av oss.

Difor ynskjer vi i Senterpartiet å sikre dei tilboda som gir folk i heile landet tryggleik i kvardagen, kjensla av  å høyre til og bli sett. 

Slik bygger vi landet.

 

Til det trengs det mot. Vi skal bli fleire på laget. Organisasjonen skal styrkast. Vi legg strategiar fram mot valet i 2011 og 2013.

 

Saman er vi sterke!

 

”Det fins en ro og den beror på at vi er tro mot det vi tror på”. Piet Hein.

 

 

 

 

 

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut