Til forsiden


Nødvendig med motmakt

[22.04.10 09:37] Skal me få ei god og rettvis utvikling i Noreg, må me tore å utfordre tenkinga i enkelte miljø i hovudstaden. Difor inviterer eg til møte om motmakt og regional utvikling i Operaen i dag.


Eg gjer ikkje det fordi det er noko gale med Oslo, dei som bur i byen eller fordi det ikkje er store oppgåver som må bli løyst der. Eg er glad i Oslo etter mange år som pendlar. Ein god politikk for hovudstaden er viktig for den raudgrøne regjeringa. Noreg treng ein sterk hovudstad som fungerer både for innbyggjarane og for omlandet. Oslo står på mange måtar i ei særstilling blant kommunane i landet.
 
Uroa over makt

Det eg vil ha på dagsorden er den urovekkjande opphopinga av makt i Oslo. Eg vil også ha eit ordskifte om dei negative eller likegyldige haldningane i enkelte miljø til det som finn stad utanfor hovudstaden, anten det er tradisjonell næringsverksemd, nyskaping eller politisk og kulturell aktivitet.

Eg har sete over fire år rundt Kongens bord. Det er eit privilegium og gjev mulegheit til å påverke. Samstundes gjev ståstaden innsyn i nokre av dei haldningane overfor det som ikkje finn stad i Oslo.

Sett på spissen, det kan verke som om mange som har makt og påverknad i Oslo ikkje forstår og kjenner geografi og næringsstruktur i Noreg, korleis me er busett og organisert. Når dei ikkje gjer det, eller kanskje vel å oversjå desse særtrekka, skjønar dei heller ikkje kva som er styrken og krafta i landet.

Mangfald gjev styrke

Styrken ligg i dei ressursane me har, gjennom naturen sjølvsagt, men fyrst og fremst gjennom dei menneskja som bur rundt om. Spreidd busetnad, livskraftige kommunar og sjølvmedvetne regionar, gjer det muleg for ulike næringsverksemder å vekse ut frå lokale fortrinn. Desse verksemdene varierer frå turisme og kultur til industri, fiskeri og akvakultur, handel og offentleg velferdsproduksjon.

Det er ingen grunn til at desse sektorane, og dei verdiane dei representerer, skal bli overhøyrde sjølv om postnummeret ikkje byrjar på null.

Dei har gjennom tiår gjeve grunnlag for ein balansert vekst, gode arbeidsplassar og lokalsamfunn og likeverdig velferd. Dei har også gjeve store skatteinntekter til felleskassa. Dette mangfaldet må me ta vare på og utvikle vidare. Landet er avhengig av desse inntektene.

I mitt virke som kommunal- og regionalminister går lokal og regional utvikling som ein raud tråd gjennom det eg held på med. Difor er eg uroa over ei opphoping av kompetansearbeidsplassar i og rundt Oslofjorden. Med ei slik utvikling risikerer me kamp om bustadene, uheldig trafikkvekst, auka forureining og sosiale skilnader. Me risikerer også ei skeiv fordeling av dei arbeidsplassane som unge menneske med høgare utdanning er på jakt etter.

Me ser at mange menneske ynskjer seg ut av Oslo-området. Ikkje fordi dei har ein romantisk draum om det gode liv på landet. Men dei ser at mindre samfunn kan ha store kvalitetar når det kjem til bustadtilbod, oppvekstvilkår, sosialt liv, naturopplevingar og kulturelt mangfald. Kvardagen er lettare, mindre prega av tidsklemma.

Arbeid tilpassa utdanning

Men utan passande arbeid, som møter kvalifikasjonane arbeidstakarane har og som samfunnet har investert i, er det vanskeleg å flytte sjølv om lysta er der.

Då må me som politikarar syte for at tilhøva for slike arbeidsplassar, offentlege og private, er lagt til rette over heile landet. Noko anna vil vere å sløse med ressursane som fellesskapet rår over.

Difor sette regjeringa tidlegare i år ned eit utval som skal sjå på tiltak som kan gje ei betre fordeling av kompetansearbeidsplassar. Me vil stimulere til ei jamn fordeling av kompetansen. Det bør vere muleg fordi me no står overfor ein vekst innanfor spesialiserte, kunnskapsintensive bransjar.

Flytting begge vegar

Ei slik satsing er nødvendig fordi nettoflyttinga går mot sentrale strok. Eg noterer meg likevel med glede at talet på distriktskommunar med vekst i folketalet no er på det høgaste sidan byrjinga av 1980-talet.
Det er fyrste gong i perioden 1998–2009 at dei spreiddbygde strøka av landet samla har hatt folkeauke.

Det tyder at mange menneske flyttar til kommunar og regionar med små senter og spreidd busetnad. Flyttelassa går ikkje berre ein veg.

Den rørsla kan hindre ei utvikling der logikken er at det berre er dei store og sterke regionane og miljøa som kan vekse vidare. Difor vil eg ha eit ordskifte rundt makt og motmakt.
 

Kronikken har også stått på trykk i VG

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut