Til forsiden


- Vi kastar ut Rattsø!

[03.05.10 12:59] - Eg kan ikkje røpe noko om tal og gje konkrete lovnader i dag om kommune-økonomien neste år. Men eg kan varsle at vi presenterar nye kostnadsnøklar for kommunane. Endeleg kastar vi ut Rattsø! sa Sp-leiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete på Sps ordførarkonferanse.


 

                                                                                    

Sjekkast mot framføring

Gode ordførar – gode veljarombod!

 

Alle de som sit her i salen i dag er ein konsekvens av ein debatt som vart halden i Stortinget den 14. november 1836. Då kom tingmennane (ja, det var berre menn) saman for å diskutere ein kongeleg proposisjon med følgjande nemning:

 

a)    Om Formandskaber på Landet samt Bestyrelsen av Landdistriktenes almindelige Kommuneanliggender – og

b)   Om Formænd i Kjøpstadene samt Bestyrelsen av Kjøpstedenes almindelige Kommuneanliggender.

 

På vårt språk; Formannskapslovene av 1837 som bana ny veg for korleis vi skulle sikre det lokale sjølvstyret. I paragraf 1 heitte det:

 

«I ethvert Prestegjæld paa Landet skal være et Formandskap, der Skal bestå av Formænd fra ethvert av Prestegjeldets kirkesogn, og hvis antall tilsamme ikke må være under tre eller over ni.»

 

Det var starten på sjølstyret og slutten på embetsmannsstyret. Vi fekk 355 formannskapsdistrikt på landet og 37 byane. Dessverre var det ikkje Senterpartiet som fremja forslaget, men han som stod bak forsaget,– bonderepresentanten Jon G. Nergaard – trur eg ikkje ville stått langt frå oss. Og etter formannskapslova, kom det nye kommunelovar – i 1921, 1938 og 1954.

 

Så ser eg som kommunal- og regionalminister i dag nokre mørke skyar på horisonten i høve til det lokale sjølvstyret.

 

Framstegspartiet er varselet om «Embetsmannspartiet»s tilbakekomst. Partiet opptrer i fordekt forkledning. Under påskot av at dei vil vi alle skal vere vår eigen lykkes smed, er kvart eit forslag fra partiet utforma som eit sentralistisk direktiv. Dei ynskjer større sentraldirigering av kommunal makt enn noko EU-organ. Dei ynskjer ei verre sentraldirigering av kommunepolitikarar enn noko anna parti. Det er berre å sjå på landsmøtevedtaka om eigedomsskatt og bompengar. Folk rundt om i kommunane skal ikkje få lov til å tenkje sjølv.

 

I partiprogrammet skriv dei at dei skal «gjennomføre ei demokratireform basert på friviljuge kommunesamanslåingar, der det skal innførast ei minstenorm for kommunar som kan tilleggjast utvida oppgåver.» Det skal skje basert på differensiert innbyggjartilskot, fritt skatteøre og eigarskap til selskapsskatten. Og alle primæroppgåver skal sikrast i form av 100 prosent statleg stykkprisfinansiering.

 

Det er så lett med Frp Når du blir fødd får du ein sum pengar som skal følgje deg, og den summen du får skal være lik alle andre. Den statlege stykkprisfinansieringa skal følgje folk frå vogge til grav. Men om alt skal bli bestemt frå staten – kvifor skal vi ha lokalpolitikarar då?

 

Framstegspartiet seier dei skal fornye Norge. Det dei ikkje seier er at dei samtidig skal avvikle sjølvstyret vårt. Korleis var det Frp tok omsyn til kommunane i handsaminga av kommunalbudsjettet i Stortinget? Jau, dei kutta 1,3 milliardar kroner. Og tok vekk ytterlegare 1,9 milliardar kroner i tiltak for busetjing og opplæring av flyktningar og innvandrarar. 3,2 milliardar kroner tok dei bort frå kommunale og fylkeskommunale budsjett i fjor. Var det nokon som sa handlingsrom?

 

Motmakt

Mens FrP maler om statleg dirigering, har eg hatt ein turne rundt i landet i vinter. Me har vore i Bergen, Bodø, Trondheim, Bø, Gjøvik og til slutt Oslo for å få innspel på kva for utfordringar dei som bur og verker der møter. Paraplyen har vore makt, motmakt og regional utvikling.

 

Eg har utfordra sentralmakta i Oslo, og venteleg er det mange som reagerer. Det som er underleg er at først då me hadde møte i Oslo møtte media bredt opp, plutseleg vart det nærare for dei. Det understrekar bare mitt poeng. Det er en maktkonsentrasjon innan politikk, økonomi, media og kultur i Oslo som eg meiner ikkje er god for landet på lang sikt. Me treng betre regional balanse og me treng vekstmotorar i alle landsdelar. Me har distrikt og regionar med ambisjonar, ressursar, kompetanse og utviklingskraft. Eg meiner Senterpartiet må gjere sitt til å lyfte desse ytterligare!

 

Så er det ikkje nokon motsetning mellom eit sterkt Oslo og eit levande Noreg – men me treng både deler.

 

Difor har me fått til forvaltningsreforma som gjer meir makt til fylkeskommunane, difor har me overført meir enn 40 milliardar til kommunane dei siste 4 åra for å sikre kommunal handlefridom, difor har eg satt i gang eit arbeid for å sjå korleis me kan spreie kompetansearbeidsplassar i heile landet og difor skal me leggje fram ein stortingsmelding som ser på forholdet mellom stat og kommune.

 

Me må halde fram diskusjonane rundt motmakt. Eg utfordrar dykk som våre frontmenn og kvinner lokalt til å løfte debatten vidare i dykkar heimområde.

 

Å styre landet

Regjeringa vert frå tid til anna kritisert for at vi er for usynlege og for lite ”på” sakene.  Men når eg oppsummerte siste veka må eg få seie at vi i alle fall leverer resultat!  Først og fremst delelinja i Barentshavet. Merkeleg nok har eg ikkje høyrt kritikk frå opposisjonen på den saka… Ein skal passa seg for å bruka ordet historisk for mykje, med detta er verkeleg det. I 40 år har regjeringar prøvd å få til ei deleline – utan å lukkast. Det me nå har fått på plass vil gje utvikling i nord, eit område stort som Danmark, Sveits, Belgia og Nederland er nå  avklara som vårt. Det gjer moglegheiter for tilgang på ressursar og utvikling som me skal syte for blir brukt til beste for nordområda og landet elles.   

 

På torsdag kom verftspakka med hjelp til omstilling, forsking og utvikling i ei næring som har tøffe tider no. Førre veka fekk me rapporten om pengane som kommunane fekk i tiltakspakka i fjor, og som viste at kommunane har nytta pengane vel. Til oppussing av skular og sjukeheimar. Til barnehagar og kommunale veier. Me hadde rett når me bruka pengar i kommunal sektor så veit de der ute korleis pengane skal nyttast. Eg voner midlane til verfta gjev like godt resultatet som midla til verftsindustrien.

 

Og ikkje minst, nye tal for utvikling i arbeidsløysa som tilseier 30 000 færre ledige enn lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet.  Ein situasjon land elles i Europa berre kan misunne oss. Me har ein solid økonomi og moglegheiter få andre har.

 

Det vert svært viktig å bruke dei moglegheitene til å byggje landet og byggje velferd. Ca 70 prosent av tenestene me treng i kvardagen kjem frå kommunane. Det seier sitt om kor viktig jobben de gjer er.

Og stadig vert det nye oppgåver, no står samhandlingsreforma for døra.

 

Helse

 

Kjære ordførarar! Noko av det viktigaste de kjem til å arbeide med framover vart handsama i Stortinget førre tysdag. Samhandlingsreforma skal gjennomførast! Eg inviterer dykk til ein eigen debatt om dette seinare i dag, men eg må seie noko om det no og.

 

Noreg er ramma av  det eg kallar «Velferdens problem». Ei dramatisk auke i såkalla livsstilssjukdomar  trugar folkehelsa. Dei neste tiåra står vi i tillegg overfor ei dobling av talet på  eldre , samstundes som prognosane fortel om ein stor manko på helsearbeidarar.  Vi har eit topptungt helsevesen, fordi  Storting og regjering  i mange år har hatt meir fokus på spesialisthelsetenesta og blålysmedisin, enn på kommunehelsetenesta og førebygging av sjukdom.

 

Innretting og finansiering av helsevesenet har gått ut over pasientar med samansette behov, dei eldre, og kronikarane.  Og det er nettopp desse gruppene som vi no får mange fleire av.

 

«Velferdens problem» har trengt oss inn i eit hjørne. Spørsmålet er ikkje om  vi må legge om helsepolitikken, men når vi skal gjere det. Utviklinga krev ei kursendring , og det er dette vi raudgrøne har teke ansvaret for. Vi skal  vera ambisiøse i dette arbeidet.  Pasienten må setjast i sentrum.

 

Med Samhandlingsreforma skal vi skape eit førebyggingssamfunn der kommunehelsetenesta og samhandlinga er styrka . Vi skal få meir desentraliserte spesialisthelsetenester gjennom  etablering av lokalmedisinske sentra og gjennom utvikling av lokalsjukehusa si rolle . Lokalmedisinske senter er heller ikkje noko nytt med denne reforma. Dette er det gode eksempel på frå  samarbeidande kommunar alt i dag. Det nye er at helseforetak og kommunar/samarbeidande kommunar skal få ei lovfesta plikt til å samarbeide om desentraliserte helsetilbod.

 

For å få dette til som ei nasjonal satsing, er det viktig at auka satsing på førebygging lønner seg for kommunane. Samhandlingsreforma inneheld derfor konkrete forslag til endringar av finansieringssystemet . Ein større del av veksten i helsebudsjetta skal her etter gå til kommunane. Det skal kome eigne midlar til førebygging. Kommunane skal få økonomisk og fagleg ansvar for utskrivingsklare pasientar. Innsatsstyrt finansiering skal reduserast, for å betre førebygginga. Kommunal medfinansiering av sjukehustenestene skal utredast vidare, sett i lys av dei innkomne høyringsuttalane.

 

Det er viktig at det må lønne seg for dykk som ordførarar i kommunane å drive førebyggande helsearbeid. Men den avgrensande faktoren for gjennomføringa av  denne reforma er ikkje finansieringsmåten. Heller ikkje storleiken på kommunane. Den avgrensande faktoren for gjennomføringa er tilgangen på kompetent arbeidskraft. Vi har rett og slett ei gigantisk bemanningsutfordring. Særleg vil det vere manko på helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Auka utdanningskapasitet og rekruttering til desse yrka, er det som denne reforma står og fell på. Vi treng ei opptrapping av utdanningskapasiteten. Vi må  dreie innretninga i utdanninga slik at fleire blir utdanna med tanke på det å arbeide i kommunehelsetenesta.

 

Det må kome fleire fastlegar, samtidig som vi får tydelegare kommunal styring av dei allmennmedisinske oppgåvene legen kan påleggast. Det er også tverrpolitisk semje om behovet for betre samhandling mellom legevakt og andre kommunale tenester, og behovet for  å styrke dei faglege og organisatoriske krava til kommunal legevakt samt samhandlinga med spesialisthelsetenesta. 

 

Samhandlingsreforma er ei heilt nødvendig reform av det norske helsevesenet. Det er brei politisk  semje om målsettingane, og  om dei aller fleste  tiltaka. Det viser innstillinga frå komiteen. Opposisjonen har ingen grunnleggande forslag til endring, anna enn ytterligare vekst i kostnader og pålegg om kommunesamanslåingar.

 

Det vil ta tid å utvikle dei faglege føresetnadene for reforma. Vi må erkjenne at utviklingsarbeidet vil ta tid. Vi må passe oss for å tru at vi løyser alt i ei stortingsmelding. Det er no arbeidet startar.

Eit område som treng meir satsing på førebygging er helse.

 

Samhandlingsreforma skal gje noko av svara på det. Samhandlingsreforma skal bli ei desentraliserings – og førebyggingsreform. Reforma er enno i støypeskeia. Den vert viktig for å sikre større nærleik til helsetenester i framtida. Det er ei ansvarsreform. Men så lenge kommunane verken veit kva dei skal ha ansvar for eller korleis det skal finansierast kan ikkje reforma nyttast som argument for tunge omstruktureringar frå helseforetaka si side

 

Sjukehus

 

Helsedebatten går varm omkring i landet.

Tryggleik for og nærleik til helsetenestene er viktig for folk uansett kvar dei bur.

 

Mange er fortvila og føler at dei verken blir sett eller høyrde.  Dei skal vite at vi i Sp både høyrer og ser dei. 

 

Og eg vil berre gjere det heilt klart: Med mindre det ligg forslag om nye eller tilsvarande tenester i nærleiken vil eit kvart vedtak om å leggje ned lokalsjukehus bli stogga av regjeringa. Eg forventar at helseministeren vår set foten ned om det kjem slike vedtak. Og eg må understreka at lokalmedisinske sentra er ikkje eit lokalsjukehus. Som helseministeren sa i Stortinget tysdag: Dei lokalmedisinske sentra skal komme i tillegg til dei lokalsjukehusa me har i dag, ikkje som ein erstatning.

 

No må prosessane gå i takt.  Vi skal legge fram Nasjonal Helseplan og nytt lovverk. Dette handlar om tryggleik for liv og helse. Og kvalitet i tenestene er viktig. Me skal arbeide hardt for å sikre begge deler.

 

Føretaksmodellen har gjort at den politiske styringa over spesialisthelsetenesta er svekka. Slik vi åtvara mot då den vart innført. Storskala sjukehus og sentralistiske system er resultatet. Dei politisk oppnemnde personane ser diverre ikkje ut til å ha hatt noko å seie for den utviklinga. Det har vorte lang veg frå pasienten til styreromma. Det kan gjere at pasienten missar respekten for dei som styrar. Senterpartiet har hatt rett heile vegen; å gje frå seg den folkevalde kontrollen over sjukehusa var det dummaste vi har gjort i helsesektoren på fleire tiår.

 

Argumenta er mistenkeleg like enten ein ynskjer kommunesamanslåing, nedlegging av lokalsjukehus eller lensmannsembete. Kvalitet. Men kvalitet handlar også om opplevd kvalitet, om nærleik  til tenestene og tryggleik i kvardagen enten ein bur i by eller bygd.

 

Samferdsel

 

Situasjonen for jernbanesektoren har ikkje vore god i vinter. Magnhild har måtta tole mykje kritikk – men ho har stått støtt i stormen og har jobba hardt frå tidlig til seint for å løyse utfordringane. I fyrste rekkje har leiaren av transportkomiteen, Knut Arild Hareide, stått. Det er freistande å minna om at Bondevik-regjeringa la fram ein transportplan med ei ramme på 100 mrd kr mindre enn den NTP vi la fram for eit år sidan. Bondevik-regjeringa meinte at dei 22 milliardane som vi plussa på i Stortinget var luftmilliardar. I så fall har me gjort det underet å gjere luft om til asfalt og jernbanesvillerJ.

 

(Kristeleg Folkeparti foreslo under behandlinga av vår NTP å bruke ti millionar kroner meir i året på jernbana enn regjeringa. Ti millionar kroner! Ville det løyst problema i Oslotunnelen? Ville det gjeve ein ny tunnel under Oslo? Sjølvsagt ikkje.)

 

Vi i Senterpartiet er utolmodige på å kome oss vidare i bygginga av landet. Før vi kom i regjering var NTP ein uoppnåeleg plan. Men vi har funne pengar til desse gode formåla. Vi har ikkje berre følgd opp – men overoppfylt NTP.

 

Så veit vi at fleire her i salen har fått ei statleg oppgåve; drift og vedlikehald av riksvegar. No sit fylka med 44.000 kilometer veg og 106 ferjesamband. Eg er viss på at de tek dette ansvaret og sørgjer for at det blir et tett oppfølging av dette ansvaret. Så veit eg at det er eit etterslep på vedlikehaldet. Senterpartiet vil prioritere dette framover, og sørgje for at riks- og fylkesvegar skal vere nok eit område vi skal vere stolte av å ha levert på innan nokre år.

 

Jordbruket

Vi er inne i spanande dagar. I førre veke kom kravet frå faglaga i jordbruket – og dei krev 1,8 milliardar kroner. Så veit vi det er lagt opp ein prosess som gjer at staten kjem med sitt tilbod i morgon.

Senterpartiet er 90 år i år. Bondepartiet vart etablert i 1920, og det fyrste innlegget i Stortinget frå den nye parlamentariske leiaren i det dåverande Bondepartiet, Johan Mellbye, vart halden 6. mars i 1922 i samband med trontaledebatten. Der sa Mellbye følgjande:

«Vi jordbrukere er vant til å gjøre vårt arbeid under naturens omskiftelser, snart i gode, snart i dårlige år, snart i tørke og snart i regn; men alle disse vilkårlige bestemmelsene som ledes av menneskehånd er langt, langt verre.»

Eg trur nok at Bondepartiets leiar hadde vore nøgd med den innsatsen vi har gjort dei fire siste åra, men det er mykje som står att. Kven blir frista til å ta over eit gardsbruk viss det er slit og ikkje pengar til rekningane som er framtida? Korleis skape optimisme og rekruttering blant dei unge?

Opptrappinga av inntektene i jordbruket som vår regjeringa har gjennomført i fire år må halda fram. Sjølv om oppgjera dei siste åra har kome på line med andre oppgjer - for første gong sidan 1970-talet - er det altfor stor avstand. Det er for lite attraktivt å slita 12 og 14 timars dag til halve løna av det ein får med 3-4 års høgare utdanning. Kven vil då overta og driva norsk, sunn og kortreist matproduksjon vidare?  Dette er det store spørsmålet når vi snakkar jordbruksoppgjer og landbrukspolitikk. Det er eigentleg matoppgjeret som er det rette namnet.

Den nye landbruksmeldinga som no er under arbeid, må på nytt skapa optimisme i jordbruket. I dag er det alt for mange som ikkje «går på» i næringa. Dei som blir att, må vere kapitalistar for å halde fram om dei skal makte å halde tritt med investeringsbehovet.

 

«Bondens sinn er komen i kok, som eg for min part aldri har sett eller høyrt han. No har også statsministeren merka at det kan vera fare på ferde.», sa Nils Trædal i ein interpellasjonsdebatt om jordbruksnæringa 14. juni i 1946.

Ja, eg trur faktisk at dei og på Statsministerens kontor merkar eit trykk i forkant av årets jordbruksoppgjer. Når dei mest populære ordførarane i Arbeidarpartiet startar opprop for næringa, slik dei har gjort no den siste tida, er det alvor. Vi skal gje dei heilhjarta støtte i dette arbeidet.

 

Den blå bølgja

Høgre og FrP er på frammarsj. Og dei kjem til å finne saman etter neste val om sjansen byr seg. På mange område er det ikkje godt å seie kva for politiske løysingar desse blå kameratane vil servere om dei skulle kome til makta. Vi høyrer ikkje mykje om kva dei vil – berre at dei kritiserar regjeringa for å ikkje levere meir av den politikken vi driv – og dei skulle vere i mot.

På mange områder står dei langt frå kvarandre. Kva for innvandringspolitikk får vi? Vil dei føre ein ansvarleg økonomisk politikk basert på handlingsregelen eller ikkje? Det er ikkje godt å vite – det blir eit politisk lotteri.

Men på mange viktige område er dei samstemte: Dei vil avfolke distrikta, dei vil avvikle det landbruket vi kjenner i dag, dei vil selje seg ned i statlege selskap og privatisere vasskrafta – arvesølvet vårt. Dei vil køyre Erna Solberg-linja med åsveltefôre kommunane. I statsbudsjettet for 2010 foreslo Høgre å kutte 2 mrd kr på distrikts – og landbruksområdet.

Forskjellen om dei satt i regjering er at desse kutta ville vore gjennomførd– og saman med Frpville kutta vorte enda større. Det held for meg – vi kan ikkje la dei blå-blå sleppe til med sin privatiseringsiver, sin distriktsfiendtlegheit og sin prioritering av skattelette framfor velferd.

Eg vil åtvare mot den blå bølgja som kan kome. Dei står for den motsette utviklinga av det vi vil. Kven trur at ein kommunalminister frå Høgre vil jobbe fram eit inntektssystem for kommunane som vil sikre skattesvake kommunar i distrikta? Ville Siv Jensen som finansminister dra til Brussel og ta kampen som no kjem for å behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta? Ville ein statsminister med namn Erna Solberg prioritere satsing på veg i distrikta? Ville ein landbruksminister frå FrP kjempe for å behalde distriktsjordbruket? Ville ein energiminister frå Høgre hegne om heimfallsretten? Svaret er nei! Det står mykje på spel.

Eg tek situasjonen på alvor og meiner det finns berre ei løysing; vi må føre meir og tydeleg raud-grøn politikk som veljarane kjenner igjen. Vi skal gjennomføre Soria Moria 2 til punkt og prikke. Vi skal sikre eit godt tilbod der folk bur og vi skal gjennomføre eit stort samferdselsløft. Vi skal ha næringsutvikling i heile landet og vi skal gi folk valfridom til å bu der dei vil.

Eg kan slå fast at det ikkje brenn eit blått lys for Sp. Vi, i motsetnad til dei andre sentrumspartia, gjorde eit anstendig val. Vi får stort gjennomslag for saker i regjering og vi jobbar no godt saman for å få ein slagkraftig organisasjon som med god politikk skal vinna komande val!

Kommuneproposisjon

Om ei veke kjem kommuneproposisjonen med opplegget for kommuneøkonomien i 2011. Det er ingen tvil om at det er krevjande å handtere ein stor nasjonalformue, høge forventningar og demografiske utfordringar.

 

Eg kan ikkje røpe noko om tal og gje konkrete lovnader i dag. Men eg kan varsle at vi presenterar nye kostnadsnøklar for kommunane. Endeleg kastar vi ut Rattsø! Det kjem og andre endringar som kommunane vil merke. Som varsla så innlemmar me barnehagetilskota i ramma. Det vil kunne gje store omfordelingsverknadar.

 

Det gjer at me har behov for å sjå på dei politiske elementa i inntektssystemet, både ulike type ekstratilskot og skatt. Dette har vore vanskelege avvegingar.

 

Det samla resultatet me legg fram neste tysdag 11. mai gjer likevel etter mi vurdering ein god balanse mellom ulike omsyn. Eg vil tru at dei som ikkje blir nøgde med verknadene for sin eigen kommune, vil være jamt fordelte mellom ulike kommunar og ulike delar av landet!  

No før valet

Godtfolk! Det er i dag att 496 dagar til vi får ein liten peikepinn på korleis de har styrt kommunane dei siste åra. Kommunevalet for 2011 blir eit særs spanande val – og eit viktig val – for oss i Senterpartiet.

Vil Leka kommune framleis vere på topp over beste Sp-kommune, der heile 69,3 % av veljarane røysta på oss? Senterpartiet hadde 25 kommunar der valresultatet ga oss over 42 prosent av røystene.

 

Valet ga oss 88 ordførarar og to fylkesordførarar. So veit vi at organisasjonsbyggjing ikkje berre er noko som lokallagsstyret skal drive med. Dykk som ordførarar betyr utruleg mykje no framover. Enten du heiter Olov Grøtting og er ordførar i Alvdal, eller Tellef Olstad frå Åmli, så er det de som er den fremste våpendragaren i den lokale valkampen. Bodskapen skal vere klar, formen skal vere pussa og det blir eit race mot politiske opponentar. Eg har eit mål som leiar av dette partiet, at vi etter valet neste haust skal vere attende i 100 ordførarstolar og fire fylkesordførarpostar rundt omkring i landet!!

 

Ynskjer dykk alle ein god konferanse og ser fram til ein god debatt!!

 

Takk for meg.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut