|
|
[15.06.10 06:07] Laurdag 19. juni 2010 er det 90 år sidan Senterpartiet blei stifta i Kristiansand. Det var på landsmøtet i Norsk Landmandsforbund den 19. juni i året 1920 som vedtok at ein skulle starta eit eige politisk parti.
Delegatane som møtte på landsmøtet var i utgangspunktet delte i synet om det var rett å stifta eit nytt politisk parti eller om ein framleis burde arbeida for å få gjennomslag for Landmandsforbundet sine saker gjennom dei allereie etablerte partia. Dei fleste som møtte på årsmøtet hadde nok sett seg lei på at særleg partiet Venstre, som var det partiet som stod Landmandsforbundet nærmast i stadig fleire saker ikkje tok noko standpunkt. Resultatet av landsmøtet blei at forløparen til Senterpartiet blei stifta og at ein stilte liste til Stortingsvalet i 1921. Valresultatet i 1921 gav partiet 13,1 % av stemmene og Landmandsforbundet kunne rykka inn med 17 av 150 mandat på Stortinget. Det var stort sett partiet Venstre som tapte mandat til det nystarta partiet. Også organisatorisk synte det seg at det var det gamle partiet Venstre som tapte medlemmar og veljarar. I mange bygder melde heile Venstrelag overgang til Landmandsforbundet.
Partiet skifta namn til Bondepartiet i 1922, eit namn partiet hadde fram til nytt namneskifte i 1959, då ein gjekk over til Senterpartiet. Når andre ønskjer å stigmatisera Senterpartiet til eit parti som berre ønskjer å arbeida for ei einskild næring, så blir ofte det gamle partinamnet Bondepartiet trekt fram. Men for oss som har vore med i Senterpartiet ei stund, så veit vi at befolkningsstrukturen og busetjinga var svært annleis i åra frå 1920 til 1960 enn det han er i dag. Næringsstrukturen var slik at svært mange hadde sitt daglege utkome ved arbeid i bygdene. Difor symboliserte namnet Bondepartiet noko anna enn ei tilknyting til ei arbeidsgruppe og meir ein tilhøyrigheit til store deler av befolkninga som den gongen budde i bygdene. I tråd med dette blei også namnet i 1959 endra til Senterpartiet for å syne at partiet endra seg i tråd med utviklinga i samfunnet.
Senterpartiet har heilt frå starten synt vilje til å vera ei sjølvstendig politisk kraft i det politiske landskapet. Det har vore viktig å kunne spela ei samlande rolle i sentrum, og sørgje for at sentrum ikkje har for sterke bindingar til verken høgre- eller venstresida i norsk politikk. Lenge blei partiet sett på som eit borgarleg parti, der stortingsrepresentantane meir eller mindre motvillig blei tvinga til å setja inn statsministarar frå enten partiet Høgre eller Venstre. I 1935 tok partiet eit oppgjer med denne tenkinga, og ein inngjekk ”kriseforliket” med Arbeidarpartiet.
Den gongen var det særleg levekåra for arbeidsfolk som låg til grunn for at partiet inngjekk dette historiske forliket med Ap. Partiet ville at det skulle betalast ut betre prisar på produserte varer, slik at det var mogleg for folk å tena til livets opphald.
Også etter 2. verdskrig har Senterpartiet samarbeida med både høgre- og venstresida i norsk politikk. Senterpartiet er det partiet, utanom Arbeidarpartiet, som har sete med regjeringsmakta lengst etter 1945. Noverande regjeringssamarbeid med Ap og SV blei innleia i 2005, og den raud-grøne regjeringa er ei av få regjeringar som har fått fornya tillit av folket. Det som i tillegg gjer denne fornya tilliten endå meir spesiell, er at det skjer i ei tid då fokuset på den enkelte sine individuelle rettar og krav til velferdsgode aldri har vore høgare. I ein slik situasjon går altså det norske folk hen og gjev ei regjering som prioriterer fellesgode, samhald og solidaritet fornya tillit.
Dette skjer samstundes med at FN har kåra Noreg til verdas beste land å bu i år etter år. Det må jo bety at den utviklinga som blant anna vi i Senterpartiet har arbeidd for har vore rett.
Senterpartiet har vore ei politisk kraft i norsk politikk i 90 år. Sakene som partiet har kjempa for har berre blitt meir og meir aktuelle. Kontrollen over eigen produksjon av mat og det å halda heile landet i hevd blir berre viktigare og viktigare. Den nedbygginga som skjer av den beste matjorda kan ikkje fortsetja utan at det vil gå ut over vår evne til å ha ein viss del eigenprodusert mat. Held utviklinga fram vil vi etter kvart bli totalt avhengige av andre land og deira regelverk når det gjeld matvaretryggleiken. Senterpartiet sin kamp for nasjonal styringsrett over både vår eiga nasjonalforsamling og over naturresursane, er av uvurderleg verdi. Kampen mot norsk EU-medlemskap har vi så langt vunne både i 1972 og 1994. Andre viktige saker som blant anna Schengen-avtalen har vi dessverre tapt. Schengen-avtalen som Noreg no er ein del av, gjer at vi i dag har liten eller ingen kontroll over kven som til ei kvar tid oppheld seg i landet vårt. Når politiet samstundes åtvarar oss mot organiserte kriminelle bandar frå Aust-Europa, vil vi ha få verkemidlar til å møta denne nye utfordringa. Eg tykkjer dei folkevalde bør gå ein ny runde for å sjå om opne grenser er det beste for landet vårt.