![]() |
[14.06.10 17:16] Senterkvinnene går inn for at vi skal halde på dagens ordning med fedrekvote. Dette vil mellom anna vere med å sikre meir likestilling både i heimen, og lønnsmessig i arbeidslivet.
Vi meiner det er rett at Staten bryr seg om korleis eit offentleg gode fordelast når det gjev klare fordelar for begge kjønn i ulike samanhengar.
Senterkvinnene reagerer sterkt på landsmøtevedtaket til Høgre, der dei gjekk inn for å ta vekk fedrekvoten. Det er naivt å tru at dersom familiane skal få bestemme sjølve, så vert det like mange fedre som mødre som tek sin del av foreldrepermisjonen.
I Danmark tok dei vekk fedrekvoten i 2001. Danmark har altså den ”handlefridom” som Høgre ynskjer å innføre. Dette har ikkje ført til at danske foreldre deler foreldrepermisjonen meir likt enn norske foreldre. Realiteten i Danmark er at berre 25% av fedrene tek ut permisjon. Dei som tek ut permisjon brukar berre 7,5% av det dei kan ta ut.
Vi veit at mange norske arbeidsgjevarar i dag legg større press på menn enn kvinner, for å ta ut kortare foreldrepermisjon.
Senterkvinnene meiner ei endring i fedrekvoten vil vere eit stort tilbakesteg i høve likestilling – og i debatten om likelønn. Mor tener økonomisk på å la far sleppe til heime og i omsorga – far tener på å ta større del av ansvaret og får større omsorgskompetanse – noko som igjen gjer at barna får ei meir likestilt familie.
Senterkvinnene vil kjempe for at vi framleis skal ha fedrekvote, og vi forventar at også Regjeringa står fast på dette standpunktet.