![]() |
[29.06.10 23:00] Eit travelt halvår er omme - og Senterkvinnene startar somaren med eit brev til alle kvinner i Senterpartiet:
Hei gode Senterkvinner.
Senterkvinnene har lagt bak seg eit travelt første halvår – med landsmøte som den store hendinga. Her vedtok vi mellom anna eit nytt manifest for perioden 2010 til 2014. Manifestet inneheld mange viktige saker som Senterkvinnene er opptekne av – og so m vi skal jobbe med i tida framover. Dette er saker som vi håpar vil engasjere både Senterkvinnene, Senterpartistar og andre. Eg vil oppmode alle om å bruke manifestet – finn saker, reis debattar i eige fylkeslag eller lokallag, lag lesarbrev og snakk med folk flest om kva vi er opptekne av. Berre på denne måten kan vi få ut vår politikk. (Manifestet vårt er lagt ut på heimesida vår – både på bokmål og nynorsk).
Landsmøte valde også nytt sentralstyre. Det har vore veldig spennande å starte arbeidet saman med det nye styret. Vi har mange små og store utfordringar, men vi er komne godt i gang. I starten av juni hadde vi eit veldig bra styreseminar – og vi har lagt gode strategiar for det vidare arbeidet.
Eg håpar at mange vil ta kontakt med oss – både om politiske og organisatoriske saker. Sentralstyre er avhengige av innspel frå våre medlemmar for å kunne gjere ein best mogleg jobb. Det er samarbeid gjennom heile organisasjonen som gjer oss sterke slik at vi kan få gjennomslag for våre saker.
I september neste år er det val av nye kommunestyre og nye fylkesting. Både lokallag og fylkeslag er i startgropa for å starte nominasjonsprosessar og programprosessar (nokre har allereie starta). Eg vil så sterkt eg kan oppmode kvar einskild å ta del i desse prosessane.
Det er viktig for oss å få flest mogleg flinke og motiverte kvinner på Senterpartiet sine vallister. Eg håpar mange vil stille seg til disposisjon for ein plass på vallistene. Kvinner generelt er underrepresentert i kommunestyre og fylkesting, og skal vi få gjort noko med det så må vi stille på listene.
I programprosessane er det viktig at vi stiller opp og seier kva vi er opptekne av. Kva saker er det vi meiner er dei viktigaste for utviklinga av lokalsamfunnet dei neste fire åra?? Mi erfaring er at kvinner ofte har andre saker i fokus enn kva menn har, og då må vi møte opp for å fremme vår meining og få inn våre saker.
Senterkvinnene har også oppretta ei eiga gruppe på facebook – med Elisabeth Strengen Gundersen som redaktør. Dersom du er på facebook – søk etter Senterkvinnene – og så håpar eg du vil legge oss til som venn. Her vil du mellom anna få informasjon om kva vi driv med - og du kan skrive inn på veggen vår om saker som du er oppteken av. I tillegg vil du sjølvsagt finne mykje nyttig informasjon på heimesida vår.
No er sommaren kommen, og når dette vert skrive skin sola frå skyfri himmel her i Jølster, og sommarblomstrane er på sitt finaste. Vi har nettopp feira jonsok (eller St. Hans som det heiter andre stadar i landet). Eg vil få ynskje alle ein riktig god sommar – nyt ferien, og så er vi klare til å stå på for våre verdiar og våre saker når hausten kjem.
Med sommarleg helsing Leiar for Senterkvinnene, Bjørg Bergheim.
