Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Senterkvinnene 


Lesarbrev av Senterkvinnenes leiar Bjørg Bergheim:

La verda leve - Nei til EU

[01.07.10 20:22] I fleire aviser tidlegare i juni fortel Kjartan Aa Berge frå Gloppen Høgre om opplevingane til bestefar hans under krigen. Opplevingane gjorde at bestefaren fann EU som den beste løysinga for å unngå nye, fæle krigar i Europa.


Eit samarbeid om kjøp og sal av kol og stål var utgangspunktet til EU. Det EU vi har i dag har utvikla seg SVÆRT langt frå utgangspunktet. 27 land er med, og samarbeidet dreier seg om det aller meste – frå felles valuta til "krumming av agurkar". Senterkvinnene er sjølvsagt ikkje i mot internasjonalt samarbeid – tvert i mot meinar vi dette er svært viktig, og den viktigaste arenaen for slikt arbeid er FN. Den frihandelsforma som EU baserer sitt samarbeid på er ei dårleg løysing.

Senterkvinnene meiner argumentet om solidaritet er eit av dei viktigaste argumenta mot norsk EU-medlemsskap. EU har som mål å verte verdas fremste, kunnskapsbaserte økonomi. Senterkvinnene trur ikkje at ein når dette målet utan at det går ut over andre. EU er ein pådrivar for at mellom andre tidlegare koloniland i Afrika, skal inngå urimelege frihandelsavtaler. Samtidig har EU kutta kraftig i u-hjelpa til Afrika, og hjelpa blir meir og meir flytta mot land innanfor EU sine grenser. Ei slik form for "internasjonalt samarbeid og solidaritet" kan vi ikkje sjå er eit fredsskapande prosjekt.

EU si framferd overfor verdas fattige er eit av argumenta for at Noreg må stå utanfor Den Europeiske Union. Utanfor kan vi føre ein solidarisk handelspolitikk, og vi kan yte den utviklingshjelpa vi sjølve måtte ynskje.

Senterkvinnene vil halde fram arbeidet for internasjonalt samarbeid og internasjonal solidaritet. Dette gjer vi best om Noreg framleis står utanfor Den Europeiske Union.


Bjørg Bergheim

leiar Senterkvinnene

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut