|
|
[13.07.10 06:17] 25. mars 2001 slutta Noreg seg til Schengen-avtalen. Ein avtale som har som mål at folk fritt skal kunne reise frå eit Schengen land til eit anna utan å måtte syne pass. Noreg si tilknyting til Schengen-avtalen må vel nesten karakteriserast som eit kupp, og blei meir eller mindre gjennomført utan at konsekvensane vart blitt nøye gått gjennom.
Først no 9 år etter at avtalen blei underteikna, og nesten 3 år etter at landa i Aust-Europa blei medlem av Schengen-avtalen byrjar ein å ane konsekvensane av kva Schengen-avtalen vil kunna føra til. La meg berre slå det heilt fast at Senterpartiet har vore motstandarar av Schengen-avtalen frå starten av. Vi har heile tida meint at Noreg må ha eigen kontroll over grensene våre. Det norske folket har gjennom to folkerøytingar sagt nei til norsk EU-medlemskap, dermed har vi heller ikkje sagt ja til ei så dramatisk opning av grensene som Ap-regjeringa sa ja til i 1995. Då tidlegare justisministar Grete Faremo (Ap) den 24. februar i 1995 stod fram og hevda at den nordiske passkontrollen stod i fare og at dette kunne ”heldigvis” kunne reddast ved at også Noreg slutta seg til Schengen-avtalen, så blei denne nyheita mottatt utan nokon som form for kritiske spørsmål, verken dei store opposisjonspartia eller media. NRK Dagsrevyen stilte ingen kritiske spørsmål, men synte i staden glade norske turistar i Syden som var glade for at dei no slapp å syne pass gjennom grensekontrollane i Europa. I eit land der folket 2 gonger hadde sagt nei til norsk EU-medlemskap, går styresmaktene inn og underteiknar ein avtale som etter mitt syn ligg langt innafor det vi har sagt nei til. I tillegg til at Senterpartiet var kritiske til Schengen-avtalen så var vår viktigaste støttespelar i 1995 Politiets Fellesforbund. Allereie den gongen åtvara leiaren i PF, Arne Johannessen om at opne grenser utan passkontroll kunne føre til fri flyt av varer, personar, tenester og ikkje minst av kriminelle.
Fram til 2007 kan åtvaringa mot fri flyt av kriminelle ha virka sterkt overdriven. Men avisoverskrifter dei siste 2 åra har i all tydelegheit synt oss at Noreg meir og meir har blitt eit svært attraktivt land for kriminelle organisterte bandar frå Aust-Europa.
Dette er eigentleg ganske forståeleg. Noreg har som einaste land i Europa gått klar av finanskrisa. Vi har ein levestandard som på mange område ligg over våre europeiske naboland i vest, og langt over levestandarden i Aust-Europa. I tillegg har vi tradisjonelt hatt eit samfunn der vi har lagt til grunn at folk er til å stola på. Gode døme på dette er blant anna korleis mange mat- og grønsakprodusentar tilbyr varene sine langs vegen utan nokon form for betalingskontroll. I kjøpesentra ser vi korleis dei ulike butikkane stiller ut varene sine slik at vi som kundar lett skal kunne sjå kva butikken har å tilby. Denne haldninga til korleis vi som samfunn har bygd opp stor tillit til den enkelte, er no i ferd med å bli truga. For kriminelle bandar frå Aust-Europa så må jo vår måte og organisera samfunnet vårt på, framstå som naivt. Dette har vi også fått klare signal på gjennom den enorme bølgja av yrkeskriminelle som no reiser gjennom landet vårt.
Korleis skal vi så klare å gjera mottiltak? Eigentleg vil det vera utruleg vanskeleg. Den einskilde huseigar vil etter kvart bli tvinga til å inngå avtale med ulike vaktselskap. Desse vil få ein stor vekst i oppdrag framover. Vi vil med andre ord måtte bruke ein større del av den yrkesaktive befolkninga vår til å passe på det vi eig.
Fengselsstraffer vil sannsynlegvis ha liten effekt. Til det er strafferammene våre alt for låge samanlikna med landa dei kriminelle kjem frå. Eit fengselsopphald i Noreg er heller ikkje så avskrekkande, i og med at soningstilhøva i Noreg vel må karakteriserast om svært gode.
Ved enda soning vil det heller ikkje vera mogleg å kontrollera at den kriminelle reiser frå landet vårt. Det har Schengen-avtalen med ingen grensekontroll sørgja for.
Senterpartiet har peika på desse negative konsekvensane av det å ikkje ha pass- og grensekontroll lenge. Det at vi som er norske statsborgarar må syne pass ved inn- og utreise til andre land, bør etter mi meining vera til så liten belastning for den enkelte, at vi heller bør sjå på fordelen av det å kunna hindra personar vi ikkje ynskjer skal ha tilgang til landet vårt adgang.
Men når makta rår og dei store ja til EU partia, Ap og Høgre, saman med Oslopressa ikkje er villige til å ta ein debatt på dei negative konsekvensane, så er det du og eg som til slutt sit att med svarteper.
Difor er det viktig at dei av oss som er skeptiske til den tilnærminga Noreg gjer mot EU, framleis røyster på parti som tek folkets nei til norsk EU-medlemskap i 1972 og 1994 på alvor.