|
|
[27.07.10 06:05] Stavanger har blitt ein festivalby. Maijazz, Sandvolleyballturneringa World Tour, Gladmat, Kammermusikkfestivalen, ONS og Humorfestivalen er kanskje dei største festivalane vi har i byen, men langt frå alle. Stavanger har på få år utvikla seg frå å vera ein heller roleg storby til ein by som syder av liv og røre gjennom året.
Alle festivalane som vi etter kvart har fått i byen vår er med på å gjer Stavanger til ein meir levande by og ein by som etter kvart kan syne til eit vidt spekter av ulike kulturarrangement og kulturuttrykk.
Det er først og fremst gjennom initiativ frå enkeltpersonar og organisasjonar at dei ulike festivalane har kome i stand. I dag tek vi det nesten som sjølvsagt at Stavanger skal syde av liv i gatene og i Vågen gjennom sommarmånadane. Men eigentleg skal ein ikkje gå så svært mange år tilbake, før ein ser at Stavanger meir eller mindre var ein søvnig by i sommarmånadane. For oss som styrer Stavanger kommune er det svært gledeleg å sjå denne utviklinga som har skjedd og for vår del i Senterpartiet, kan eg berre slå fast at vi også framover vil vera med og støtta opp om det mangfaldet av festivalar som etter kvart har vokse fram.
Dei store festivalane som Maijazz, World Tour, Gladmat og ONS trekker alle store mengder folk til byen. Alle desse festivalane leverer så gode arrangement at vi nesten før dei er over, har starta med å gleda oss til dei kjem att året etter.
Men også mange mindre festivalar har kome til i Stavanger, som er med og gjer mangfaldet større og kulturutrykka fleire.
Vi har fått Nattrock Maraton, eige sykkelritt med namnet Rogaland GRAND PRIX, Godhetsfestivalen som vert arrangert av menigheitane i byen, Rogafest på Vaulen, Siddisdagane, Xplosif hiphopfestival, Vikingmarknad, DAZE, Tattooconvention, Blomsterfest, Hafrsfjordspela, Stavanger på skeivå, Numusicfestival, Kapittel 10, Litteraturveke, Haustmarknad og heilt til slutt i november, Stavanger Magedansfestival. Lista kunne vore endå lenger viss ein tok med alle dagsarrangementa og arrangement som held til rett utanfor bygrensa.
Uansett vitnar mengda av festivalar om ein utruleg kreativitet og vilje til å skape noko som er kjekt for alle oss som besøkjer arrangementa. Vår oppgåve som folkevalde må vera å støtta opp desse eldsjelene som set i gang. Nokre store arrangement vil i tillegg krevje økonomisk støtte frå byen for å bli gjennomførte. For oss i Senterpartiet har det vore ein sjølvsagt ting å både sørgja for at vi har midlar festivalane kan søkja på, men også at kommunen er med og hjelper til med å leggja forholda til rette for den enkelte festival.
Med mange folk i byen er det og viktig at vi har gode regler og retningslinjer som gjer at alle, anten det er barnefamiliar, eldre, ungdom eller vaksne, har det kjekt.
Saman med Høgre og FrP har Senterpartiet fått vedtatt det vi ser på som gode retningslinjer for sal av alkohol i byen vår. Retningslinjer som no etter to år har synt seg å fungera bra. Differensierte opningstider og ulike aldersgrenser saman med prikksystemet som blei innført i 2008, har gitt gode resultat. Etter sommaren vil vi gå i gang med kursing i ansvarleg vertskap for utestadane, noko som vi også har store forventningar til.
Sjølv om Stavanger truleg er ein av Noregs beste festivalbyar, så er det likevel festivalar vi kunne tenkt oss og hatt i byen.
Senterpartiet vil saman med Høgre, KrF og Venstre ta initiativet til at det blir etablert ein nordisk barne- og ungdomsfestival. For ein by som allereie har eit framifrå barneteater ved Rogaland Teater vil ein slik festival kunne vera med å gje alle unge skodespelartalent i regionen vår eit ekstra løft.
For meg som styreleiar i Stavanger Museum og styremedlem i MUST - Museum Stavanger, vil det og vera viktig at musea våre i Stavanger får ein meir synleg plass i bybilete vårt. Vi har dei siste åra opna eigen museumsinformasjon i Nedre Strandgate 21, men framleis er potensialet stort for at Stavanger skal bli ein viktig museumsby.
Eg skal framover kose meg med alle festivalane som no står for tur, og det håper eg alle andre som også har høve til det vil gjere.