|
|
[10.08.10 06:48] Vi vil framover stå ovafor store utfordringar med omsyn til mange menneske som vil trenge mykje omsorg og nye velferdsgode.
I ein slik situasjon er det viktig at vi som folkevalde blir meir kritiske til kva vi prioriterer og at vi bruker skattepengane våre rett.
Ein debatt kring spørsmål om meir eller mindre skatt har ein eigen evne til å kome skeivt ut allereie i utgangspunktet. Ein treng ikkje akkurat å vera spåmann for å sjå at alle forsøk på å kome med forslag om auka skatt, langt frå vil falla i noko god jord. Sannsynlegvis kan ein argumentera med nesten kva ein vil. Den som stiller seg i opposisjon til det å krevja inn meir skatt, kan rekne med å bli hylla av det store fleirtalet. I Rogalands Avis onsdag 4. august, hadde nestleiar Jan Tore Sanner i partiet Høgre ein kronikk med overskrifta ”Velferden trygges ikkje av økt skatt”.
Temaet er ikkje akkurat ukjend og Sanner slår vel heller ikkje inn nokre nye dører med nye og uventa poeng.
Men i staden for å vera for eller imot ein skatteauke, er det kanskje mykje viktigare at både staten, fylkeskommunen og kommunen blir meir kritisk til kva ein brukar skattepengane våre til.
Ei sak som har fått mykje omtale i media i så måte, er korleis staten sine pengar til barnehagane blir nytta.
Ingen vil trekkje i tvil at det er den raud-grøne regjeringa som skal ha æra for at vi no meir eller mindre må kunne seie at vi har full barnehagedekning.
Regjeringa la allereie frå første dag an ei storstilt satsing på bygging av nye barnehagar og på å få ned maksprisen.
I dag bruker staten 27 milliardar skattekroner på at dei som har barn skal ha rett på barnehageplass.
Når ein så ser at deler av desse milliardane blir nytta til reint utbytte hos aksjonærane i nokre private barnehagar, så er det ikkje rart at regjeringa og staten må reagera.
Som skattebetalar er eg jo langt frå interessert i at staten er med og sponsar private aksjonærar med mine skattepengar.
Når no den raud-grøne regjeringa, etter først å ha fremja forslag om økonomisk likebehandling av kommunale og private barnehagar, i neste omgang også set krav til at staten sine barnehagepengar kun skal nyttast til det som dei er øyremerkja til, så må dette vera heilt i tråd med målet om å bruke skattepengane våre meir rett.
Kunnskapsministar Kristin Halvorsen skreiv i ein kronikk her i avisa laurdag 7. august: ”Vi har ikke foreslått forbud mot utbytte i private barnehager, men begrensninger på utbyttets størrelse. Det er rimelig at private barnehageeiere får avkastning av den kapitalen de har skutt inn i barnehagen. Det som ikkje er rimelig, er at private eiere kan ta store utbytter som stammer frå de pengene som fellesskapet bruker på barnehager eller frå foreldrenes betaling. De pengene skal gå til barnehagebarn, til kvalitet i barnehagen og til anstendige lønns- og arbeidsbetingelser for de ansatte.”
Eg må innrømme at eg hadde vore meir i tvil viss regjeringa ikkje før eller seinare tok det grepet som dei no har varsla gjennom høyringa dei har lagt opp til i denne saka.
Stavanger Aftenblad hadde i så måte ein god innfallsvinkel i saka, då dei på leiarplass tok opp forslag om at ny praksis bør innførast gradvis, slik at dei som ikkje vil godta desse nye reglane, kan trekkja seg ut.
Sannsynlegvis er saka om pengane til barnehagane berre ei av mange saker der dei offentlege styremaktene bør gå gjennom sine rutinar for kva ein nyttar skattepengane våre på.
Også Jan Tore Sanner (H) må vera eining med oss i Senterpartiet i så måte. Han syner bl.a. til i sin kronikk at også OECD peikar på at Noreg sløser med skattepengane våre.
Løysinga både Sanner og eg då bør vera einig om, er at vi må gå gjennom offentleg sektor med kritiske auge og gjera reformer der dette er påkrevt.
Særleg når vi veit at vi i åra som kjem, vil møte eit aukande behov av offentlege velferdsgode.
Då er det godt at vi har ei regjering som syner handlekraft og tek dei grepa som må til, slik at vi har det handlingsrommet vi treng om nokre år.