Til forsiden


Ommedalsstøylen - Foto;NRK

Fjelltur med Gloppen SP.

[19.08.10 11:20] Den 29.august vert det arrangert fjelltur i regi av Gloppen Senterparti. Sidan den planlagde turen i 2009 regna vekk, prøver vi på nytt i år med tur i Hyen. Opplegget vert slik som det ein hadde planlagt i 2009.


 

Den 29.august vert det arrangert fjelltur i regi av Gloppen Senterparti. Sidan den planlagde turen i 2009 regna vekk, prøver vi på nytt i år med tur i Hyen. Opplegget vert slik som det ein hadde planlagt i 2009.

 

 

Dersom ein vel å gå opp, enten den gamle støylsråsa eller den nye vegen, bør ein starte frå Ommedal kl 10.Vi startar i Ommedalen, og her er det to alternativ for å komme seg opp til Ommedalstøylen (552 m.o.h.). Vi tilbyr skyss opp den nye vegen, og då er frammøte kl 11.00.

 

Denne invitasjonen går til medlemane av Gloppen Senterparti, men turen er open for alle som har lyst å vere med (ikkje-medlemer også). 

 

Annonse vil også koma i Firda Tidend ei tid før turen.

 

Med helsing Gloppen Senterparti

 

Påmelding innan torsdag 26.august 2010 til:

 Jostein Arne Røyrvik,

 

Pris for turen, inklusiv matservering og transport:          Born under 12 år : GratisPersonar over 12 år : kr 100,- pr.pers.

 

                                                                                                             

 

Vi meiner at dette er eit opplegg som alle vil klare. Vi vonar difor på godt frammøte, satsar godt vær, og reknar med god stemning søndag 29.august.

tlf mobil: 991 04 888 eller  Ola Holme, tlf mobil: 952 28 832.

 

På Ommedalstøylen tek vi ei pause, men ca kl 12 bør vi prøve å komme oss vidare.

 

Då går turen opp til Vasslivatnet (743 m.o.h), og vidare ned til Gjengedalstøylen.

 

Når ein tek utgangspunkt frå Ommedalstøylen, er dette ein forholdsvis lett tur. Reknar ein 2,5 timar til Gjengedal-støylen, så har ein god tid.

 

Her vil det bli både mat og drikke før vi returnerer med samordna skyss til Ommedalen.

 

 

 

For å få ei oversikt over kor mykje mat som må til, og kor stort behovet for skyss er, ber vi om å få påmelding frå alle som vil vere med.

 

.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut