![]() Jenny Klinge |
[20.08.10 07:47] Politimeisteren i Agder vil leggje ned 16 av 27 lensmannskontor og politistasjonar i distriktet sitt. Senterpartiets medlem i Justiskomiteen, Jenny Klinge, reagerer sterkt. - Å gjennomføre dette framlegget vil etter mi meining innebera å svekkje nærpolitiet kraftig, seier Klinge.
- Det er sett i gong eit stort arbeid med å sjå på oppgåvefordelinga og strukturen i politiet gjennom driftsanalysen som Politidirektoratet (POD) la fram i april. POD skal i oktober leggje fram sine framlegg til korleis ein best skal disponere ressursane i politiet for å få dei ønska resultata, og der vil også strukturen bli berørt. Dette vil vera noko av beslutningsgrunnlaget for den komande resultatreforma som regjeringa har varsla.
Det pågår også prøveprosjekt både i Hordaland og Follo for å få meir kunnskap og fleire erfaringar som grunnlag for organiseringa i lensmannsetaten. Senterpartiet vil be politimeisteren i Agder om å vente til desse resultata føreligg.
- At det parallelt pågår prosessar for å få lagt ned lensmannskontor i fleire politidistrikt rundt i landet, er etter mi meining uhaldbart. Politimeisteren i Agder bør til liks med dei øvrige politimeistrane vente på framlegga frå Politidirektoratet som er venta i oktober/november og på den påfølgjande politiske prosessen.
– No bør vi heller la politiet få ro. Det å ha nedleggingsspøkelset over seg tener verken til å motivere tilsette eller til å rekruttere nye.
- Å omstrukturere og reorganisere er dagens mantra. Eg meiner at vi skal vere villige til å sjå på nye løysingar. Skal ein gjera om strukturen, må det skje etter gode lokale prosessar og ein må vita at ein får eit betre tenestetilbod av det både i bygd og by. Men å omstrukturere treng ikkje alltid bety å sentralisere, og treng ikkje å innebera ei massiv nedlegging av lensmannskontor og politistasjonar.
- Den store IKT-satsinga som no etter kvart kjem i politietaten, vil redusere dei geografiske hindringane, og bør leggje grunnlaget for å styrke lensmannskontor i heile landet med nye moglegheiter for å flytte ut oppgåver. Senterpartiet og regjeringa må derfor prioritere IKT-satsing i dei neste statsbudsjetta.
- Å fjerne nærpolitiet er å rygge inn i framtida. Vi ønskjer å styrke barnevernet og få til eit betre samarbeid mellom kommunale og statlege etatar. Forsvinn det lokale politiet, vil det øydeleggje for moglegheita til å gje barn og vaksne god oppfølging og hjelp i vanskelege livssituasjonar, avsluttar Klinge.