![]() Stortingsrepresentant Jenny Klinge |
[24.08.10 21:43]
I Kristiansund erfarer politiet at innstramma skjenketider har gjeve mindre bråk og vald nattestid. Den maksimale skjenketida bør kuttast ned i heile landet.
Tidens Krav skriv 17. august om dei positive følgjene av at utestadene i nordmørsbyen må stengje tidlegare. Det er snakk om berre ein time, frå kl 03.00 til kl 02.00. Men resultatet er tydeleg. Det har ikkje vorte meir bråk og vald tidlegare på kvelden enn før. Derimot har talet på valds- og ordensforstyrringar knytt til uteliv vorte merkbart redusert totalt sett.
Det er viktig å gjennomføre tiltak for å hindre vald, men det er ikkje alltid lett å vita kva som har effekt. Erfaringane frå Kristiansund og fleire stader som har innført kortare skjenketider viser at slike innstrammingar vil kunne spara mange for å bli valdsoffer. Vi ønskjer heller ikkje at køene for å sone i fengsel skal auke igjen. Færre valdsepisodar er positivt også i så måte.
Jenny Klinge
Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet