![]() Stortingsrepresentant Jenny Klinge |
[28.08.10 17:53] Roger Hagen frå det såkalla Fremskrittspartiet bekymrar seg i TK 27/8 for at kommunane skal få innskrenka sjølvråderetten sin når regjeringa og underteikna går inn for å avgrense den maksimale skjenketida frå kl 03 til kl 02. At Hagen meiner det kommunale sjølvstyret står og fell på ein time meir eller mindre skjenketid, blir ein smule komisk.
Frp er elles ikkje dei som er mest opptekne av det lokale folkestyret. Tvert imot vil politikken deira føre til meir sentralisering og langt mindre lokaldemokrati. Men fri flyt av alkohol er dei for! Vinmonopolet skal vekk. Helst skal bensinstasjonane også kunne selje alkohol. Dette er ikkje Senterpartiet samd i! Vi ønskjer eit tryggare samfunn med mindre alkoholrelaterte helseproblem og skader. Offentlege myndigheiter må gjera nødvendige grep for å oppnå dette.