Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Telemark 


Eidangerforbindelsen:

Fylkesstyret: Dobbeltspor med oppstart i 2011!

[31.08.10 08:10] Telemark Sp er utålmodig på vegne av innbyggjarane i Grenland og Telemark! Vi har venta lenge nok på gjennomføring av dette viktige prosjektet for fylket, og har tydelege forventingar om at anleggsarbeida startar opp i 2011! Eidangerforbindelsen må byggast for framtida, det betyr med dobbeltspor.


 

Fylkesstyret uttalte følgjande i styremøte 30. august:

Telemark Sp er glad for samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa sine klare signal om at Eidangerforbindelsen Larvik – Porsgrunn skal gjennomførast. Noko anna hadde vi heller ikkje venta! Regjeringa har òg løyvd midlar til planlegging av denne jernbanestrekninga i fleire omgongar, og har såleis både i ord og i kroner vist at denne strekninga er viktig for både regjeringa og for Telemark.

 Telemark Sp er utålmodig på vegne av innbyggjarane i Grenland og Telemark! Vi har venta lenge nok på gjennomføring av dette viktige prosjektet for fylket, og har tydelege forventingar om at anleggsarbeida startar opp i  2011! Eidangerforbindelsen må byggast for framtida, det betyr med dobbeltspor.

 Konaktperson: Jan Thorsen, fylkesleiar, 97667590

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut