Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Oppland 


Matvarekrise:

Alt kan kjøpast for pengar

[01.09.10 08:03] Men verdens fattige kan ikke kjøpe seg ut av matvarekrisa, skriver Aud Hove.


I åra fram mot 2007 var talet på menneske som var underernærte  i verda i fylgje FN på ca 850 millionar. Likevel vart bønder i EU pålagde å leggje brakk minst 10 prosent av arealet sitt. Det var for å unngå overproduksjon, som ville få kornprisane til å falle, og lagerkostnader.

 

Denne hausten blir kornet som er tenkt til matkorn i Norge øydelagt på grunn av regn. Dette blir eit inntektstap for bøndene, noko som er synd for dei økonomisk sett. Det som er verre, er at Norge må importere meir matkorn enn dei allereie gjer.

 

Men det går bra, for vi har pengar til å kjøpe korn med. For alt kan kjøpast for pengar, om du har.

 

Aud Hove, Skjåk 

1. nestleiar Oppland Senterparti 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut