|
|
[31.08.10 08:56] -Første jobb for Jens Stoltenberg, Terje Riis-Johansen og regjeringa er å dempa ned forsvaret av prosessen fram til vedtaket 2. juli 2010. Den var for dårleg, og det er grunnen til at motstanden kunne veksa seg så sterk, seier styret i Hordaland Senterparti i utalen vedteken på styremøte 30.august.
Det er ei rad dilemma i saka om ny høgspentframføring gjennom Hardanger. Desse går m.a. på fornybar kontra fossil energi, kostnader til kraftframføring, risiko til kraftframføring og risiko i kraftforsyninga. Bortsett frå at det er lett å vera for at luftline ikkje er vakkert, er det få enkle spørsmål i saka. Vi er oppteken av å finna fram til den beste løysinga, men det kan ikkje skje utan ein grundig prosess som alle kan ha tillit til. Det føreset også at dilemma i saka blir framlagde slik dei er og slik at alle får høve til å ta stilling til dei.
Første jobb for Jens Stoltenberg, Terje Riis-Johansen og regjeringa er å dempa ned forsvaret av prosessen fram til vedtaket 2. juli 2010. Den var for dårleg, og det er grunnen til at motstanden kunne veksa seg så sterk. Regjeringa har vedgått dette ved å vera modig nok til å gjera utgreiingane den hadde forsømt før vedtaket.
Andre jobb er å gjera tinga riktig i andre forsøk. Alle moglegheiter er til stades for det. Då må dei reelle ”monstera” i saka takast livet av:
· Regjeringa har betre tid enn den har påstått. Bergensområdet toler dagens tilstand i fleire år, særleg sidan kraftproduksjonen i BKK-området etter sist vinter er monaleg styrkt gjennom gasskraftverket på Mongstad.
· Argumentasjonen har dels vore uklår og i alle fall skiftande. Regjeringa må klårgjera kostnadsfaktoren, om dei reelle konsekvensane for fornybar energi, om sjøkabelteknologien er god nok teknisk-økonomisk.
· Utgreiing av kabling må gjerast i nettopp ein så uavhengig og open prosess som lova.
· Utgreiingar av det framtidige effektbehovet, og dei reelle grunnane for meir kraft til området må eintydig fram: Kor mykje gjeld allmenn forsyning, kraft til gassproduksjon, kapasitet for vindkraft og ny vasskraft, infrastruktur for mogleg el-eksport?
· Finst moglege trasear lenger inne på fjellet som gjer ei eventuell line mindre synleg, også frå Samnanger til Kvam? Er det t.d. mogleg å gå frå Samnanger til Ålvik i luft, og kabel frå Ålvik til Sima?
Tredje jobb er å gjera politiske vurderingar på grunnlag av nytt materialet som vektlegg alle sider, ikkje berre dei faglege, i ein prosess som er open og med deltaking frå alle.
Hardangersaka viser at saker om utbygging av sentralnettet må gjerast politisk tidlegare. Regjeringa må reformera prosessen ved å leggja melding fram for Stortinget med nokre års mellomrom.
Meir: Fylkesleiar Steinulf Tungesvik, 91 80 56 20