Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Telemark 


Uttale frå styret i Telemark Sp:

Politiet må vere tilstades der folk bur og lever!

[01.09.10 09:48] Telemark Sp stiller klare krav til ei framtidig organisering av polititilbodet i Vest-Telemark: Vi aksepterar ikkje at innbyggjarane i Vest-Telemark får eit dårlegare polititilbod enn i dag!


Uttalen lyder som følgjer: 

 Telemark Sp stiller klare krav til ei framtidig organisering av polititilbodet i Vest-Telemark: Vi aksepterar ikkje at innbyggjarane i Vest-Telemark får eit dårlegare polititilbod enn i dag!

 Regjeringa har slått fast at ein skal oppretthalde ein desentralisert politistruktur, styrke lensmannskontora, sikre raskare responstid over heile landet ved styrka vaktsamarbeid, fleire patruljer og meir tilgjengeleg og operativ politiinnsats. Prosessen med å få eitt lensmannskontor i eit så stort geografisk område som Vest-Telemark harmonerar ikkje med desse målsetjingane.

 Telemark Sp er samd med politimeisteren i at ressursane i politiet må nyttast best mogeleg. Det betyr at ein må organisere seg mest mogeleg effektivt, slik at ein nyttar pengane til å ha politifolk ute i aktiv teneste framfor på auka bemanning i justisdepartement og politidirektorat. Det er ikkje sikkert at dagens måte å organisere seg på er den optimale. Men, det er heller ikkje slik at Vest-Telemark krympar i geografisk omfang om ein får eitt lensmannskontor!

 Telemark Sp meiner det må nedfellast tydelege krav til kva polititeneste som skal leverast i den enkelte kommune, og kva responstid (utrykningstid) som er akseptabel for politiet, på same måte som for ambulanse/legevakt. Då må både vegstandard og køyretid på vintersføre takast med i vurderingane. Det er viktig at nærleiken til polititilbodet vert oppretthelde over heile landet, også på bygdane i Telemark!

 Politimesteren har rett i at veggar og dører ikkje gjev innbyggjarane anna enn falsk tryggleik om det ikkje er politifolk på jobb der. Men, politiet kjem ikkje nærare innbyggjarane i Vest-Telemark gjennom å samlast på eitt kontor! Avstanden til hjelp når du treng det er avgjerande. Lokale politifolk sit med kunnskap om sitt nærmiljø, som er avgjerande for politiet sitt høve til å drive og delta i førebyggjande arbeid, og ikkje minst i den utøvande tenesta. Dette har ein verdi som er vanskeleg å talfeste

 Telemark Sp ber regjeringa følgje nøye med på omorganiseringsprosessane i politiet i Telemark, og syte for at innbyggjarane her i fylket får polititenester av høg kvalitet også i framtida!

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut