Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Oppland 


Langsua nasjonalpark:

Vern gjennom bruk

[01.09.10 12:04] Uttale oversendt Miljøverndepartementet og Stortingets Energi- og miljøkomite.


 

Oppland Senterparti                               Lillehammer 1/9 -2010

oppland@senterpartiet.no

Til:

Miljøverndepartementet

Stortingets Energi- og miljøkomité

Kopi:

Media i Oppland

 

Uttale frå fylkesstyret i Oppland Senterparti - Vern gjennom bruk

Valdres har dei viktigaste attverande stølsområda i Nord-Europa. Den store menneskelege aktiviteten i fjellet gjennom fleire hundre år har skapt stølsviddene og det særprega landskapet. Dette kan berre takast vare på ved å bruke området med støling, beiting, hogst og friluftsliv, slik at området ikkje gror endå meir att, men kan haldast ope.

Forslaget om etablering av Langsua nasjonalpark med tilhøyrande landskapsvernområde og naturreservat vil kome i konflikt med desse verdiane i ein del områder i Valdres. Oppland Senterparti meiner at alle stølsområde må takast ut av verneplanen og forvaltast lokalt etter plan- og bygningslova og fjellova. Det er berre ved å bruke området at det kan haldast ope, og ein kan få teke vare på dei mange raudlisteartane som er knytt til kulturlandskapet.

Mindre bruk av kulturlandskapet i fjellet er ein trussel mot ca 30 % av raudlisteartane som er avhengige av menneskeleg aktivitet. I tillegg kjem attgroinga av kulturlandskapet, og særleg beiteområda blir vanskelige å halde i hevd.

Der det er privat grunn, slik som i Skrautvål sameige, bør verna områder få ei grunneigarstyrt forvaltning, slik at til dømes botanikarar og biologar kan ha ein direkte dialog med eigarane. Dette er interessant når ein tenkjer på det potensialet og energien som ligg i eit konstruktivt samarbeid; 220 sameigarar på lag med fagfolka for å ta vare på artsmangfaldet.

Innstillinga som kom frå Direktoratet for naturforvaltning (DN) i sommar viser at bruksinteressene ikkje blir tilstrekkeleg ivareteke innanfor verneområda. Fleire viktige innrømmingar frå Fylkesmannen blir nå reversert. Vi ser det også som svært uheldig at ca 25 aktive stølar i Valdres framleis er foreslått å liggje i landskapsvernområde.

Naturmangfaldlova opnar ikkje for at stølsdrift skal vere ein del av verneformålet. Då bør heller ikkje stølane omfattast av vernet!

Endringar som er gjort då saken gjekk frå Fylkesmannen i Oppland til DN: DN vil ikkje støtte oppretting av nye stølar og oppdyrking/beitekultivering utanom eksisterande stølslag. Dei vil heller ikkje opne for vegbygging til desse områda. Det gjer at store ressursar blir utilgjengelege. DN held også fast på at Haldorbuhamna dels skal liggje i nasjonalpark, dels i naturreservat og dels i landskapsvernområde, noko som vil vanskeleggjere drifta.

 

For Oppland Senterparti

 

Ivar Odnes, leiar

 

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut