Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland 


Jon Askeland, ordførar Radøy:

Handling i barnevernet- med Hordaland fremst

[01.09.10 13:35] Askeland krevjer auka løyvingar til det kommunale barnevernet og evaluering av stateleg Bufetat frå barneminister Audun Lysbakken.


 

Bt og NRK-Hordaland har i sommar sett fokus på barnevernet, noko dei begge fortener kreditt for. Det har elles rast ein stor barnevernsdebatt nasjonalt. Noko av debatten har omfatta kritikk av kommunane. Det må det gjerne, der den er berettiga og konstruktiv. Men ein del har vore unyansert, og eg opplever at deler av den har stigmatisert kommunane i ein Jeppe-på-Bjerget-situasjon, der ”alle” konstaterer at det kommunale barnevernet ikkje alltid leverer etter føremåla, men få spør kvifor det er slik. Enda færre har vist vilje til å peika på korleis me skal  setja det kommunale barnevernet betre i stand til å yta tenester i samsvar med måla sett  i Stortingsmelding om barnevernet og Barnevernsreforma frå 2004.

Derfor er det gledeleg at barneminister Lysbakken viser gode signal, ved å slå fast at dersom barnevernet skal få meir fokus på tidleg førebyggjing, så er det i det kommunale barnevernet satsinga først og fremst må skje. Då er me på veg til å snakka, - eg har tru på at Lysbakken etter eitt år i tenkjeboksen, kjem med kraftfulle tiltak!

Eg har forventningar til at Lysbakken i haustens statsbudsjett minst fremjar følgjande:

1.      Ein kraftig økonomisk auke til det kommunale barnevernet, kombinert med at  det vert kravd minimumsbemanning for dei minste kontora, og for dei større kontora vert det kravd bemanningsnøklar etter gitte kriterium, kombinert med krav til standardar og prioriteringar. Ikkje minst må det sikrast at barnevernet jamt over går tidlegare inn i saker. Denne prioriteringa må barneombodet også gå meir inn i. Han har sett likskapsteikn med kommunestruktur og kvalitet på lokalt barnevernskontor. Dette er ei avsporing. Også barnevernet i større kommunar er underbemanna. At interkommunale løysingar likevel kan vera vegen å gå, er ei heilt anna sak, og Sunnhordland kan vera eit godt døme på dette. Det har elles kome lite fram at det finst barnevernskontor som leverer godt, - også mindre kontor. Ja,- det finst mykje velfungerande barnevern i landet vårt, sjølv om der er rom for forbetringar. Barnevern vil alltid vera konfliktfylt, sidan det offentlege grip inn i familiære forhold.

 

2.      Evaluering av det statlege Bufetat, der det må minst skje to dreiingar:

 

a). Overføring av ein del av funksjonar og tilsette frå Bufetat til det kommunale barnevernet, og tydeleg oppklaring i arbeidsfordeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet.

b). Bufetat Vest må verta tilført midlar for barnevernstiltak. Bufetat Vest er tilført mindre midlar enn resten av landet, og er pålagt ein spareplan, som ikkje går saman med betre barnevernstilbod, jfr. fleire oppslag om tragiske institusjonssaker her vest i sommar.

Endeleg kan Hordaland visa vilje til å gå opp nye spor. KS i Hordaland arrangerte i vår ein barnevernskonferanse i Bergen. Denne munna ut i ei viljeserklæring om å få til eit betre samarbeid mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Grunnidèen tek modell av samhandlingsavtalen mellom kommunane og Helse Bergen/Haraldsplass diakonale sjukehus. Der kan Hordaland visa til nybrottsarbeid. Utsette barn og familiar, som ønskjer og treng hjelp fortener det same. Eg forventar at me er i gang med dette samarbeidet i haust.

 

Jon Askeland

Ordførar Radøy kommune

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut