|
|
[04.10.11 13:05] Sentralisering er ingen garanti for at ikkje svikt og tabbar skjer. Det er dessverre ikkje så enkelt som at store sjukehus automatisk gir kvalitet.. Det har blant anna revisjonen i Helse Sør Øst vist oss. Kvalitet er noko ein må arbeide for systematisk, heile tida, over tid, ved alle sjukehus.
Viser til Bergens Tidende sin leiar om den såkalla ventelisteskandalen ved Nordfjord Sjukehus. Bergens Tidende skriv at når 93 pasientar blir feilplassert på ventelistene, tyder det på alvorlige rutinefeil. Det fins inga orsaking for passivitet og ansvarsfråskriving. Bergens Tidende har heilt rett i at dette er ei svært alvorleg sak. Men så skriv Bergens Tidende følgjande: ”.. ventelisteskandalen .. rokkar også ved lokalbefolkninga si tillit til at dei får behandling til same kvalitet ved sitt eige sjukehus som ved større sjukehus. Ironisk nok kan skandalen brukast til å skjerpa argumenta for å leggja ned lokalsjukehus - ” .
Om det som er avdekka på Nordfjord Sjukehus er argument for å leggje ned sjukehuset, kva er då konsekvensen av dei alarmerande manglane som den siste tida er avdekka på fleire store sjukehus i Noreg? Ein gjennomgang som Statens Helsetilsyn gjorde i vår syner at det dei siste åra har vore kring 20 ulike saker der det er avdekt svikt i datasystema og/eller bruken av desse ved norske sjukehus. På sykehuset Asker og Bærum blei tusentals pasienter utsette for frist- og regelbrot. I ein nyleg konsernrevisjon av fire store sjukehus i Helse Sør Øst (SykehusetØstfold, Sykehuset Innlandet, Sykehuset Vestfold og Sørlandet sjukehus )vart det påvist at pasientar som er under behandling og som skal vidare til utreiing, ny behandling og kontroll, ikkje får innkalling til ny time. I rapporten står det rett ut at mange pasientar blir gløymtav systemet. Direktør Lars Hansen i Statens Helsetilsyn seier til Aftenposten at det som er avdekka er svært alvorlig, og det er slik svikt folk kan døy av. I haust har Bergens Tidende sjølv skrive om at legane i Helse Bergen og på Haraldsplass ikkje var blitt varsla korrekt om 23 000 prøvesvar.
Sentralisering er ingen garanti for at ikkje svikt og tabbar skjer. Det er dessverre ikkje så enkelt som at store sjukehus automatisk gir kvalitet.. Det har blant anna revisjonen i Helse Sør Øst vist oss. Kvalitet er noko ein må arbeide for systematisk, heile tida, over tid, ved alle sjukehus. 2 av 3 sjukehuspasientar vert i dag behandla på lokalsjukehusnivå. Desse er ikkje sikra betre behandling ved å bli overflytta til ein større og meir spesialisert avdeling. Men pasientane skal vere trygg på at der er same krav til kvalitet uansett kvaslags sjukehus og sjukehusnivå ein er innlagt på.
Fleire tusen pasientar er ramma av dei ulike feila som er avdekka. Dette er ”dessverre” ikkje berre eit lokalsjukehusfenomen. Det er alvorlege og svært bekymringsfulle systemfeil som er avdekka i Helse Noreg..Statens helsetilsyn har peika på mangelfull styring og leiing ved sjukehusa. Svikt vert oppdaga tilfeldig. Helsevesenet må no skape system og kultur som sikrar kvaliteten på alle sjukehusnivå . Ansvaret for dette ligg politisk, og hos sjukehusleiinga regionalt og lokalt.
Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant , Senterpartiet
Helse – og omsorgskomiteen