[03.09.11 15:16] Her finner du programmet til Bjerkreim SP.
Senterpartiet vil at bygda vår skal byggja framtida på kristne grunnverdiar, vår nasjonale kulturarv og eit engasjert folkestyre.
Utviklinga må skje i samsvar med det naturen vår kan tola, og målet må alltid vera å skapa betre miljøtilhøve. Dagens samfunn er i ferd med å svikte grunnverdiar som samhald, ansvarskjensle for fellesskapet og solidaritet. I staden veks det fram auka egoisme og tru på marknadskreftene som styringsreiskap. Senterpartiet i Bjerkreim vil arbeida for å ta vare på den gode fellesskapskulturen vi har i kommunen.
Blant dei største utfordringane vi har, er kanskje det å sjølve bli klar over kva kvalitetar og fortrinn vi har, - og å finne ut korleis vi best kan utvikle og ta vare på dei. På fleire område kan det løna seg å samarbeida med nabokommunane, men eitt står fast:
Senterpartiet vil at Bjerkreim framleis skal vera ein eigen kommune.